* Sjarmhagen *
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Dei veks fort.... 1 veke kontra snart 3 veker

15/7/2021

0 kommentarer

 
Orpingtonkyllingane har fått større kasse til og med men det syns ikkje :P
3.juli ca 1 veke gamle
15.juli snart 3 veker gamle
0 kommentarer

Korleis finne kjønn på kyllinger?

12/7/2021

0 kommentarer

 
Ja det har eg sjølv klødd meg i haudet på nokre gonger no. Kyllingane har blitt sjekka vingefjær, oppførsel, fotstørrelse og no er det vel like før eg kan begynne å sjå det på kam og hakelapper :)
​
Her kan du få tips av meg på korleis du kan finne det ut på dine kyllinger, men obs, det er rasebetinga/ avlsbetinga også  så søk opp din rase.

​HER er ei god side på engelsk som forklarer godt.

HER fann eg ei side som hadde gode bilder med engelsk tekst.
​

Fjær:

Høner (pullets) har ofte
​meir utvikla fjør på vingen og resten av kroppen men det er avlsbetinga så det stemmer ikkje alltid. 
Ved 1-3 dager kan man sjå at høna har ulike fjørlengder mens haner har lik lengde. Sjå bildet med raude streker på lengda.

Om eg har kika riktig da så har eg 5 orpingtonhøner og 2 haner :P
Men eg tviler litt for oppførselen til 2 av hønene virker høgare oppe i hierarkiet...

Picture
Klikk på bildet for å forstørre
Bildet lånt fra hanburyhouse
Picture
Klikk på bildet for meir info på engelsk side.
Picture
klikk på bilde for ref

Kam og hakelapp:

Om to veker no så vil eg kunne sjå... sei dei... at haner får bøyd og litt lengre/større/raudare kam en høna. Hakelappen blir større og meir raudare i vekene som kjem etter det. Blir spennandes dette :)
Picture
Klikk på bildet for ref

Og hvis vi får haner...

Så blir den solgt/ bytta til noken som garantert kan gi den ein  god heim  med høner å passe på. Hvis ikkje så blir den her til den galer.... og så blir den lykkelig uvitande til  Coq Au Vin  etter eit kort men  lykkelig liv  her i hagen vår.
0 kommentarer

Hønseraser vi har valgt

11/7/2021

0 kommentarer

 

Gul Orpington (Buff)

Gul Orpington er ein engelsk rase fra rundt 1800-talet frå byen av same navn. Den er stor (høna 3,6 kg og hanen 4,5kg), den er kjøtfull og legg rimelig bra med egg .... om den ikkje legg seg klukk da, dei er nemlig gode mødre.
Den fins i fleire farger men dette er den vanligste. Den er rolig og kjent for å vere ganske stillferdig og heimekjær rase som er lite flygedyktig. Egga skal vere minst 55 gram og er lysebrune/beige. Høna starter å legge rundt 6 mnd eller meir.
Her kan du lese meir om Orpington på Prydfugler.no
Picture
Bildet er lånt frå fluffy-orpingtons.com. Klikk på bildet så kan du lese meir om rasen på engelsk.

Marans blå kobberhalset (Blue cobber splash)

Fransk landhøne med navn fra same by. Rolig stor rase  på  2,5 - 3,1 kilo, hanen noke større. Den tåler godt vårt klima og legg rimelig godt med nydelige mørke sjokoladefarga egg
på 55 -61 gram.
Høna er ein god egglegger og dei starter å legge egg når den er rundt 5 mnd. 
​
Her kan du lese meir om den på prydfugler.no

Picture
Bildet er lånt frå frenchmaransclubaustralia.yolasite.com Klikk på bildet og du kan lese meir om rasen på engelsk. Bildet er av en Blå kobber Marans. Splash kan gi mykje kvitt i tillegg.

Wyandotte sølvrandet (Silver Laced)

Amerikansk , rolig stor rase  på  2,2 - 2,5 kilo, hanen noke større. Den tåler godt vårt klima, opprinnelig fra  New York med navn etter ei indianerstamme.
Høna er ein god egglegger og egga er lysebrune med stor plomme på 53-55 gram. Dei starter å legge egg når dei er rundt 5 mnd.
​
Her kan du lese meir om den på prydfugler.no

Picture
Bildet er lånt frå cheshirepoultry.co.uk Klikk på bildet og du kan lese meir om rasen på denne engelske sida.
0 kommentarer

Møt tre søte små sjarmører

10/7/2021

0 kommentarer

 
Desverre venta og venta vi på siste Wyandotte forgjeves. Den var heilt ferdig men hadde ikkje absorbert eggeplommen sin og det såg ikkje heilt ordentlig ut. Det var også veldig stille frå egget dei siste to dagane så det ante meg... men sånn er livet.
No er vi jo veldig glade for dei tre søte små som har komt da så vi gleder oss over desse små <3 

​Har du sett noke søtare?
Denne må heite sukkerspinn
H*n er en Marans Splash farga vil eg tippe.
Dvs h*n blir lys med spetter i.
Ein Marans har ofte fjør på utsida av føttene
1 dag gammal
Nusselig
Her er lille Dottie
Ho er snart 2 dager gammal og er ei Wynadotte Silver Laced.
Skal tru om det er ein hann....den er ganske frisk og åvanpå.
Please la søte du vere ei høne....eg vil ha ei Wyandotte :*
Søtnos nr 3 må vere Lollipopp (ho blei heitandes Hettie)
Den har jo tre farger slik som isen Lollipopp :P
Dette er også ein Marans. Hvis eg skal tippe så blir dette ein Blue Splash Marans(blårandet på Norsk). Fransk og fin på det må vite
Plis ver ei høne....Marans'er legg nemlig dei deiligste.....
... store fine brune sjokolade-egg :D
Den har litt krokfot-tå---håper det retter seg snart. Eg måtte hjelpe den ut av egget fordi den størkna litt fast og låg litt lenge i same stillinga sikkert....nussetutten <3
Då var det 50% klekk av egga frå søre sunnmøre. Jaja mangt kan skje så det er vel greit nok. Eg er iallefall glad vi fekk 3 til og no må alle krysse fingrane for at dei er høner :))))))
(Edit: ja alle tre var hokjønn!!)
0 kommentarer

Utetime!

9/7/2021

0 kommentarer

 
Picture
Kyllinger og hundesnop.... Hundane er i hundre så her må det snop til. Trur vi må vente litt med treninga av hunder til dei er litt større for dei fekk litt overload. 
0 kommentarer

Plopp sa det....på dag 21 (rugeeggprosjekt 2)

8/7/2021

0 kommentarer

 
Marans-egga har pippa hull i går kveld og i dag.

​ Wyandotte nr 1 pippa hull ved lunsjtider. Så plutselig hører et plopp fra inkubatoren....kl 20 og Wyandotte nr 1 er ute!
Picture
0 kommentarer

Hønsehuset -framgang

7/7/2021

0 kommentarer

 
Sakte men sikkert blir det jobba litt med hønsehuset.

  • isolert hus
  • ca 1,60 x 2,20 m = 3,5 kvm på påler
  • tre rugebokser 37 x 37 cm med luke i bakkant og muligheit for å ta bort delevegger. Dei står 30 cm opp frå gulvet.
  • Tenker å lage til 2 vagler i samme høgd i bakkant som er avtagbare for reingjering. 5 cm bredde og muligens 80 cm over golv. Treng vi stige?
  • 2 store dører i bakkant for reingjering (har tenkt å bruke "deep-litter"-metoden)
  • Luke framme for å nå godt til frå hønsegårdsida
  • automatisk luke "Chicksafe"
  • heimelaga vindu med 6mm polycarbonat
  • 2 ventiler, ein i kvar ende
  • utegård med plasttak 160 x 4,50 m + 1,70 x 100 m = 8,9 kvm
  • Rovdyrnetting 25 x 25 mm 1,7mm tjukk skal på til slutt.

​Her er nokre bilder av framgangen:
Sett frå hagen
Ok, eg måtte berre pynte litt
Ssom dokke ser så blei det litt ekstra gård under tak der...d var alt vi hadde plass til :P
Vindu. Kanskje plassere ei vagle her så dei kan sjå ut på oss :)
Eggande dører inn til rugekassene....hihi
Ikkje ferdig enda nei
Her ser vi inn til hagen
Sett frå kjøkkenhagen. Vi kan sjå hønene frå stuevinduet O:)
Hundane på trappa passer på hønene.....ja håper på det da :P
0 kommentarer

Sandbad!

7/7/2021

0 kommentarer

 
Kyllingane klikka nesten i vinkel av lykke då dei fekk nytt sandbad i dag. Sand med litt jord, litt aske og litt tørka santhansroser som dufter så godt :)
Picture
Måtte dele en videosnutt av dei søte små raptorane mine :)
0 kommentarer

Første gong ut på graset i sol og varmt ver :)

6/7/2021

0 kommentarer

 
Det tok eit par minutt før dei summa seg. Så kosa dei seg glugg i graset og i sandkassa. Det virka som dei virkelig nytte det. Artig å sjå kor dei reagerte på fluger og insekt .... det er som små raptorer no som er klar for eit spennandes liv!
Hundane måtte få snuse i buret etter at kyllingane hadde vore der....spennandes altså.
I kveld fekk dei seg 2-roms-leilighet.... ikkje måte på kor bra dei skal få det ;)
0 kommentarer

11 dager gamle og litt meir aktive no

5/7/2021

0 kommentarer

 
Picture
0 kommentarer
<<Tidligere
Framover>>
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2025 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, drivhuskos, hobbysyssel, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!


    Min vekes-VLOG-25:

    Min månads-VLOG-24:

    Dagens reklame :

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    Alle
    Blomster
    Bokashi
    Bokashivæske
    DIY
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Kyllingprosjekt 24
    Kyllingprosjekt 25
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Månedens Video
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr
    Vekas Vlog 2025

    Picture

    RSS-feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Hagebonden - Jana
    ​Den naturlege hagen

    Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! 
    Picture

    Mitt arkiv

    april 2025
    mars 2025
    februar 2025
    januar 2025
    desember 2024
    november 2024
    oktober 2024
    september 2024
    august 2024
    juli 2024
    juni 2024
    Kan 2024
    april 2024
    mars 2024
    februar 2024
    januar 2024
    desember 2023
    november 2023
    oktober 2023
    september 2023
    august 2023
    juli 2023
    juni 2023
    Kan 2023
    april 2023
    mars 2023
    februar 2023
    januar 2023
    desember 2022
    november 2022
    oktober 2022
    september 2022
    august 2022
    juli 2022
    juni 2022
    Kan 2022
    april 2022
    mars 2022
    februar 2022
    januar 2022
    desember 2021
    november 2021
    oktober 2021
    september 2021
    august 2021
    juli 2021
    juni 2021
    Kan 2021
    april 2021
    mars 2021
    februar 2021
    september 2020
    august 2020
    juli 2020
    juni 2020
    Kan 2020
    april 2020
    mars 2020
    februar 2020
    januar 2020
    Kan 2019
    april 2019
    mars 2019
    juni 2018
    november 2017
    juli 2016
    juni 2016
    Kan 2016
    april 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
TILBAKE TIL SÅPESHOP
Proudly powered by Weebly
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt