En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...
Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!
Tørka ringblomster til diverse prosjekt25/8/2023 Første ladning med å tørke ringblomst og sanke litt frø til neste år. Av tørka kronblad skal eg lage ringblomstolje for å ha til å lage ringblomstsalve og leppebalsam.
Planta litt og kosa meg i drivhuset21/8/2023 I dag fekk eg endelig fyllt heilt opp med jord det eine murbeddet i drivhuset. Då fekk eg planta bifftomaten og tre agurkplanter der. To av agurkane er gamle planter som har fått ein ny vår" og den siste er ein avlegger av dei. Er jo litt artig å sjå kor det går. Den eine har snart ferdige slangeagurker.
Hundane sovna på sofaen og eg fekk kveldsmat levert på døra av Kristian. Kan man ha det bedre? Nope! Hagefest i Sjarmhagen!19/8/2023 Årets varmaste dag og nesten tropenatt her på nordre sunnmøre. Då blei det endelig hagefest!
Ungdommane har blitt store....no er dei over 10 veker. I over ei veke har dei no gått inn frivillig FØR luka har lukka seg for natta, og alle vagler seg. Puhh! Eg vil nemlig ikkje at dei søv i rugekassene eller på bakken for då blir både dei og egga skitne.
Gutane, iallefall ein av dei 3 sei kykkeliky no og då. Eg må sei at lyden er behagelig på desse store og rolige gutane. Dei vekte meg kl 7:20 i dag når luka gjekk opp men det er faktisk berre så vidt eg høyrde det. Lyden er djup og tromboneaktig,...om eg skulle beheldt ein hane så er det han her. (trur det er han mørkaste) Ellers ser du midt i bildet lille store gullranda orpingtonhøna. Ho som trengde ei heil veke på å lære at ho måtte vagle i staden for å sove i rugekassa. "Rypa" (bielefelderhøna) sitt nærmast til høgre på bildet. Lysaste poselenhane sitt til venstre med mørkaste bakerst og poselenhønene mellom dei. Siste hane sitt bak Rypa. Hauster litt...8/8/2023 Eg er veldig fornøgd med sommergulerøttene mine i år. Dei har vi mumsa på ei stund. Så tok eg opp den første pastinakken og den ser flott ut!
Kvitløken har eg allereie hausta men i dag på ein regnversdag fann eg ei klynge til som eg hadde gløymt..... derfor måtte eg tørke den litt foran varmepumpa...hihi. Ellers har eg tørka mynte til te..... og tatt frø av ruccola som var så modne dei starta å sprette rundt om i drivhuset :P Paprika har vi ete tre av og no kjem det 6 stk til ganske snart. Agurkane ser ut til å gi nokre få til. For nokre veker sidan tok eg avlegger av dei og dei held på å vekse seg store. Då håper eg på minst 10 agurker til før haustmørket avslutter seansen. Hausta inn også ein liten første squasj :) Rose-Gresskar-bakken min4/8/2023 Her på sørveggen ved garasja var det berre ugras i eit par år...og så rosene da som stakkarslig kom seg gjennom og opp.
I år starta eg våren med å dekke med papp, grasklipp (frå naboen), rusk og rask samt hønsehusets etterlatenskaper. Så sådde eg gresskar i mai som eg planta ut i juni. No ser det slik ut og eg ser minst eit stort gresskar her som hønene kjem til å få mumse på til hausten. Håper eg får fleire til å pynte med også. Ei squasjplante fekk eg til slutt til og den produserer endelig :)
Unni skriv......litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016... Min vekes-VLOG-25:
I desse butikkane finn du mine såper:
Dagens reklame :
Lyst å prøve å lage såpe? Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;) Kategorier
Alle
På sosiale media: Inspirasjon:
Det Grønne Skafferi Minashabitat Skillnadens Trâdgård TanteGronns Hage Hagebonden - Jana Den naturlege hagen Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! Mitt arkiv
august 2026
HAGE-bloggere: |






















































RSS-feed