En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...
Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!
Kveldspositur25/8/2026 Finn en feil..... ...Olivia i Ringblomstreane mine!! Litt morsomt at eg fann dette bildet som er tatt nøyaktig eitt år tidligare:
0 kommentarer
Live - kutter såpe :)19/8/2026 Eg har fått ein liten idé… Kanskje det er på tide å invitere dykk med live frå Sjarmhagen kvar veke? Små hagegleder, såpelaging, rare påfunn, kvardagsprosjekt, dyr, drivhus, bobil, kaffi og alt det som skjer her ute på neset. Trur du eg klarer det? Vel… dei som dukkar opp får sjå 😅 Men eg skal i alle fall gjere eit skikkeleg forsøk — og eg håpar du vil vere med. Trykk gjerne på abonner på Youtubekanalen min, så får du varsel når eg går live, og då kan du bli med i sanntid 🥰🤩 I dag skal eg kutte Furubål‑såpa som eg laga for nokre dagar sidan. Å kutte såpe er ein av dei aller koselegaste tinga eg veit — roleg, mjukt og litt magisk kvar gong. Velkommen inn i Sjarmhagen‑livet mitt 🌿✨ INVITASJON:
Hei! Vi har gleda av å invitere deg til Korgflettekurs. Dette kurset passer for deg som ønsker å lære meir om pilefletting og korglaging. Du kan godt vere nybegynner og undervisninga blir tilpassa deg. Praktisk informasjon: Dato: Fredag 4. og laurdag 5.september (12 timer) • Tid: Fredag kl 17-21 og laurdag 09-17 • Stad: Sjarmhagen i Sjurgarden 3 i Brattvåg • Kursleiar: Kurvmaker Klara Pil frå Sørlandet! • Pris: Medlemmer 2100 kr og ikkje-medlemmer 2600 kr – alt inkludert • Påmeldingsfrist: 4.august • Bli medlem? Sjå til Haram Husflidslag. Kva vil du lære? • Du vil få kunne lage di eiga korg ved hjelp av pileflettingsteknikker. • Verktøy er å få låne og all pil er inkludert i prisen. • Ta med deg matpakke på laurdagen, men vi serverer kaffe og te begge dager med kake og heimelaga kjeks. Meld deg på til Unni på mail [email protected] eller tlf 95088922. Vår kurslærar skal reise langt så vi må ta betaling av halve kurset innan 4.august. Det blir også eit minikurs (4 timer) på søndagen der vi vil lage LYSLYKT. Pris alt inkl. 1000 kr. Håper dette vil freiste skaperglade mennesker å bli med på! Det er ikkje kvar dag vi får ein korgmaker frå Sørlandet hit til oss så dette er ei sjeldan anledning. Håper å sjå deg! Med vennleg helsing, Unni Myrset - Studieleiar for Haram Husflidslag Hvis kurset ikkje blir noko av pga for lite påmeldte vil all kursavgift bli tilbakebetalt. Hvis du derimot ikkje kan etter påmeldingsfristen, beheld vi det til betaling av flybiletter, kost og losji. Om det skulle bli skikkelig dårlig ver vil vi mulig flytte lokasjon, men info vil bli gitt i god tid. OBS: KUN 9 PLASSER!
Unni skriv......litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016... Min vekes-VLOG-25:
I desse butikkane finn du mine såper:
Dagens reklame :
Lyst å prøve å lage såpe? Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;) Kategorier
Alle
På sosiale media: Inspirasjon:
Det Grønne Skafferi Minashabitat Skillnadens Trâdgård TanteGronns Hage Hagebonden - Jana Den naturlege hagen Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! Mitt arkiv
august 2026
HAGE-bloggere: |
RSS-feed