* Sjarmhagen *
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Ein ny kjøkkenhage - på solsida :)

6/6/2025

0 kommentarer

 
Eg har jo ein stor hage men den er delt inn i mange områder. Eit område eg ikkje har gjort noke med på mange år er på solsida av garasjeveggen. Her passer det å utvide kjøkkenhagen min tenkte eg....
Hagen var opparbeidd men Kristian var lei av å klippe plena og eg ville ha meir plass til grønnsaker. Her kan du sjå frå 20. mai og til no korleis det har blitt :)
0 kommentarer

Potetene i jorda! Nyetablert kjøkkenhage!

7/5/2025

0 kommentarer

 
I går kveld kom Nansenpotetene i jorda i ein nyoppretta pallekarm som er ein blir ein ny kjøkkenhage i Sjarmhagen!
Vi treng jo stadig meir plass...og kven treng plen?
Med litt bondebønner i midta blir det kanskje litt trangt men bønnene er sikkert ferdig når potente har vokst seg til :)
Eg hadde planer om å ta bort eit tre og lage ein kul kjøkkenhage men det får bli eit anna år....
No gjer vi det enkelt, pallekarmer rett på plen med papp under. Så masse hagerusk og rask og plenklipp nederst og litt mold på toppen. Sånn har eg satt 8 nansenpoteter og tvi tvi :)
No skal eg gjere det same med dei andre pallekarmane og så sette mandelpoteter i eine og kål i dei andre.
0 kommentarer

Februarvideoen min er ute på youtube :)

1/3/2024

0 kommentarer

 
Vil du sjå?
​Litt harry hagevideo her:
0 kommentarer

Kva har eg hausta så langt i året 2023           .....og det som ikkje blei noke av

3/10/2023

0 kommentarer

 
Matauk 2023:
​
  1. 2 store gresskar og 2 små
  2. 7 små squasj
  3. ca 35 slangegurker
  4. 7 snackspaprika 
  5. 3 store jalapeno
  6. 12  bifftomater og nokre småttiser (fortsatt nokre til på planta)
  7. 50? raude knøttsmå hundredsofthousands tomater...forsatt fleire på plantene
  8. ca 50 + + gule sherrytomater av golden currant
  9. 1 lita korg kvitløk
  10. meir enn nok grasløk, persille, koriander og timian til vårt bruk
  11. masse salat, rukkola, asiasalat og spinat i buntevis
  12. mange bunter med sommergulerøtter frå 6 melkekartonger
  13. sålangt 3 store pastinakker og 2 mindre, ca 7 er fortsatt i jorda
  14. ein drøss ringblomstkronblad og kornblomstkronblad
  15. litt sukkererter
  16. eit par rødbeter
  17. 1 liten brokkoli (kanskje ein til....)
  18. meir enn nok grønnkål
  19. 6 rosenkålplanter som ser ut til å gi mange små rosenkål utover vinteren.
  20. kan ikkje akkurat snakke om blomkål og knutekål uten å offe meg over snegler...
  21. nokre reddiker (mange gjekk i stokk...også neper og rødbeter)
  22. 2  litt sneglespiste spisskål
  23. 1,5 bøtte poteter
  24. 1/2 bøtte opalplommer
  25. 1 lita bøtte viktoriaplommer (på det lille treet)
  26. 1 bøtter epler fra Prince treet. Aroma heng fortsatt på....i bøttevis. Litt til kakebaking og mest til fugler, høner og rådyr utover vinteren tenker eg.
  27. ca 5-6 korger jordbær (20 planter)
  28. 1,2 liter blåbær (måtte på fjellet etter desse då hønene åt dei i hagen.....)
  29. 1 stor bøtte mynte som er tørka til te
  30. ca 10 kg rips og solbær som mest ligg i fryseren og skal bli saft
  31. fleire purrer som skal stå for dei er for små enda
  32. fleire blomsterbuketter for augas fryd
  33. Nok egg til vårt bruk frå hønene. Har kjøpt ekstra to brett med egg fra Reko-ringen ekstra hittil i år då hønene har hatt litt pause (vår og haust).
  34. 3 haner til hanefrikkasse.... (dei to siste tek vi denne veka om ikkje dei blir redda frå slaktekniven i siste augeblikk.....treng du ein hane? EDIT: JAAA- dei fekk damer og fekk flytte til Glomset :))))
​

Det som ikkje blei noke av var .....
  • auberginer....ingen frukter klarte å vekse seg til noke
  • masse gresskar som råtna (kan det vere fordi nokre av plantene kom frå frø frå F1plante ?)
  • fleire forskjellige kålsorter som sneglane har ete opp og som blei hardt råka av kålsommerfugllarver då eg ikkje dekte dei med netting. Eg tenkte dette året kunne eg teste litt.
  • lite opalplommer då kanskje hønene har overgjødsla treet....
  • lite reddiker, neper og rødbeter som gjekk i blomst
  • samme for mange av spinatplantene men vi fekk litt til å ete alikevel
  • masse blomster på tomatane av små typer som aldri blei noke av
  • kun 1 squasjplante som klarte seg frå snegleåtaka....det blei litt lite syns eg
  • nokre råtne små løker....det blei for seint på året og for fuktig...
0 kommentarer

Video fra hønsegården og litt hønsestell

19/9/2023

0 kommentarer

 
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - snart vaksne... (3 mnd)

15/8/2023

0 kommentarer

 
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - Ungdommer i duskregn

8/8/2023

0 kommentarer

 
Ungdommane har blitt store....no er dei over 10 veker. I over ei veke har dei no gått inn frivillig FØR luka har lukka seg for natta, og alle vagler seg. Puhh! Eg vil nemlig ikkje at dei søv i rugekassene eller på bakken for då blir både dei og egga skitne. 

Gutane, iallefall ein av dei 3 sei kykkeliky no og då. Eg må sei at lyden er behagelig på desse store og rolige gutane. Dei vekte meg kl 7:20 i dag når luka gjekk opp men det er faktisk berre så vidt eg høyrde det. Lyden er djup og tromboneaktig,...om eg skulle beheldt ein hane så er det han her. (trur det er han mørkaste)
Ellers ser du midt i bildet lille store gullranda orpingtonhøna. Ho som trengde ei heil veke på å lære at ho måtte vagle i staden for å sove i rugekassa.
"Rypa" (bielefelderhøna) sitt nærmast til høgre på bildet.
Lysaste poselenhane sitt til venstre med mørkaste bakerst og poselenhønene mellom dei. Siste hane sitt bak Rypa.
Picture
0 kommentarer

Hauster litt...

8/8/2023

0 kommentarer

 
Eg er veldig fornøgd med sommergulerøttene mine i år. Dei har vi mumsa på ei stund. Så tok eg opp den første pastinakken og den ser flott ut!
Kvitløken har eg allereie hausta men i dag på ein regnversdag fann eg ei klynge til som eg hadde gløymt..... derfor måtte eg tørke den litt foran varmepumpa...hihi.
Ellers har eg tørka mynte til te.....
og tatt frø av ruccola som var så modne dei starta å sprette rundt om i drivhuset :P
Paprika har vi ete tre av og no kjem det 6 stk til ganske snart.
Agurkane ser ut til å gi nokre få til. For nokre veker sidan tok eg avlegger av dei og dei held på å vekse seg store. Då håper eg på minst 10 agurker til før haustmørket avslutter seansen.
​Hausta inn også ein liten første squasj :)
0 kommentarer

Februar.....og det ustabile veret!

24/2/2023

0 kommentarer

 
0 kommentarer

Elendig hagesommer -elendig sjølvforsyning

7/10/2022

0 kommentarer

 
I år har vore den værste sommeren på 67 år seies det. I 5 veker i strekk regna vi nesten bort. Lite sol og 13 grader i snitt...huffa meg, Elendig avling av det eg har sådd. Eg hadde nok sulta med denne "sjølvforsyninga mi hadde det ikkje vore for hønene ;)
Nesten ingen tomater og agurker, dei som kom var meir som microstørrelse å rekne. Det er eit under at petunia, cosmos, tagetes, flittiglise og solsikker har blomstra...nokre av dei tok si tid da.
Kjøkkenhagen eksploderte i blomkarse over sukkererter og bondebønner -notis til meg sjølv å ikkje ha desse i lag til neste år. Ellers har eg jo grønnkål, eg fekk nokre små brokkolig og blomkål og muligens snart rosenkål. Kvitløken har eg hausta men avlinga kunne vore bedre. No har eg fått nokre små kinakål med Mui Ling så om ikkje dei drukner no i oktober så kanskje eg kan få smake den og.
Eg tok nokre oktoberbilder for jommen meg var det ikkje litt opplett ute no..
0 kommentarer
<<Tidligere
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2026 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, drivhuskos, hobbysyssel, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!


    Min vekes-VLOG-25:

    Min månads-VLOG-24:

    Dagens reklame :

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    Alle
    Blomster
    Bokashi
    Bokashivæske
    DIY
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gjenbruk
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Hagestue
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Kyllingprosjekt 24
    Kyllingprosjekt 25
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Månedens Video
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr
    Vekas Vlog 2025

    Picture

    RSS-feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Hagebonden - Jana
    ​Den naturlege hagen

    Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! 
    Picture

    Mitt arkiv

    desember 2025
    november 2025
    oktober 2025
    september 2025
    august 2025
    juli 2025
    juni 2025
    Kan 2025
    april 2025
    mars 2025
    februar 2025
    januar 2025
    desember 2024
    november 2024
    oktober 2024
    september 2024
    august 2024
    juli 2024
    juni 2024
    Kan 2024
    april 2024
    mars 2024
    februar 2024
    januar 2024
    desember 2023
    november 2023
    oktober 2023
    september 2023
    august 2023
    juli 2023
    juni 2023
    Kan 2023
    april 2023
    mars 2023
    februar 2023
    januar 2023
    desember 2022
    november 2022
    oktober 2022
    september 2022
    august 2022
    juli 2022
    juni 2022
    Kan 2022
    april 2022
    mars 2022
    februar 2022
    januar 2022
    desember 2021
    november 2021
    oktober 2021
    september 2021
    august 2021
    juli 2021
    juni 2021
    Kan 2021
    april 2021
    mars 2021
    februar 2021
    september 2020
    august 2020
    juli 2020
    juni 2020
    Kan 2020
    april 2020
    mars 2020
    februar 2020
    januar 2020
    Kan 2019
    april 2019
    mars 2019
    juni 2018
    november 2017
    juli 2016
    juni 2016
    Kan 2016
    april 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt