* Sjarmhagen *
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Snakk om klukkhøner...

24/7/2025

0 kommentarer

 
Søta la seg klukk her ein kveld, og då løfta eg ho på vagla frå rugekassa den kvelden. Neste dag var det sameleis....eg løfta ho opp...men då hoppa ho ned og rett i rugekassa igjen. Då bar det rett i garasja til klukkbryter-(hunde-)buret. Der stod ho til litt ut på dagen. Eg slapp ho ut...ho klukka litt så eg tenkte at det ikkje varte lenge før ho hoppa i kassa igjen.... Men ho var ute heile dagen heilt til kvelden og der satt ho igjen i ...rugekassa!
Då bar det i garasja igjen til litt ut på dagen.... Eg prøvde å ta ho ut igjen og satte ho ned og lokka ho ut i hønsegården igjen. Det gjorde susen, no har ho ikkje lagt seg klukk på 3 dager :)
Her er ho...på veg til hønsegården etter garasjeopphaldet.
Bilde
Søta er ei gullranda Orpington. Nydelig, stor, rolig, 2 år, var mor i fjor til 8 kyllinger.
Vil du lese meir om klukkhøner, kvifor og  korleis avklukke? Sjå HER i dette blogginnlegget.

0 kommentarer

Klukk høne på sightseeing

24/6/2025

0 kommentarer

 
Bilde
Dette er Fluff. Ho er ei Brahma høne, lys splash på farge. Ho er heilt kronisk klukk.....
Her får ho bli med meg ut i andre enden av hagen for å prøve å få ho over på andre tanker enn kyllinger og ligge pal på egg.
0 kommentarer

Kyllingprosjekt 25 Tilbake til plan A :)

18/4/2025

0 kommentarer

 

Vi fekk ei klukkhøne i   s i s t e   liten!

Eg var jo heilt sikker på at minst ei av hønene skulle legge seg klukk då eg begynte å sjå meg om etter befrukta rugeegg for sesongen....men nei....?
Egga blei funne, kjøpt, sendt og kom på rekordtid og eg tenkte at jaja, eg håper at ei rugehøne rekk å legge seg klukk. Å legge seg klukk betyr at ho vil ruge ut kyllinger og legg seg til å ruge. Ho bør ligge minst ei veke, helst 3 før man kan prøve å introdusere nyklekka kyllinger, altså lure ho til å tru at dei kom frå egga ho låg på. Om ho nettopp har lagt seg klukk kan man gi ho rugeegga så ruger ho dei sjølv. 
Ingen klukkhøne kom altså til Sjarmhagen så eg ruga dei ut i inkubator. Rett før klekkdagane starta så la jommen meg ho "Grå" seg klukk. Ho hadde hatt tilbøyeligheiter nokre veker tidligare men ikkje noke meir skjedde.
Men sååå la ho seg altså klukk. Skulle eg tøre å introdusere kyllinger til ho? Ekspertane sei NEI! Og eg er jo enig men samtidig...har jo hørt om høner som KAN vere lettlurte/ekstra moderlige ;)
Så eg prøvde!
Først gav eg ho eit egg som hadde pippa høl på seint en kveld. Det var veldig mykje lyd nemlig frå dette egget. Sidan høner kommuniserer med egga før dei klekk for å bli kjend og for å forberede ho ut av rugetransen og over i neste fase som er moderligheitsfasen. ( altså eg veit ikkje kva det heiter men vi kaller det det her ;)) Med å høyre på egget så blir ho optimistisk og kanskje klar for å bli mor fortare enn ho hadde tenkt. Vanligvis tek det jo minst 21 dager og ikkje 4 :P
Neste morgon bytta eg egget med ein kylling som var nyklekt men førlig på beina. 

 Ho freste skikkelig til meg men blei forvirra av pipinga..... Eg stod der litt med hjertet i halsen...ville ho godta kyllingen eller myrde den?
Du kan sei eg ofra livet til den for dette kunne lett bli katastrofe.... men eg følte på meg at dette kunne gå bra.... Ho kakka han litt hardt i haudet som ho først prøvande sjekka om dette var eit grusomt insekt som måtte drepe..... kyllingen skreik til for han fekk nok vondt. Så peip han litt prøvande men desperat til ho.....
Ho starta å klukke (det er eit GODT TEIKN)....ho sa klukk klukk.......klukk klukk!
Så løfta ho på fjæra og eg lurte på om det var for å advare før neste kakk kom! Men nei det var for å sjå om han kom under ho igjen! Ho gav han eit litt vennligare kakk i haudet og han då for lydig inn under den nye mor si !!!!
WOW!
Så venta eg i spenning bak døra og såg på kamera....
Eg heldt fortsatt pusten i minst eit døgn til før eg sakte men sikkert pusta ut.....ho ville bli MOR!
Etter eit par timer så la eg inn to kyllinger til og til neste natt to til. Dei siste to no i kveld. På kamera ser det ut til at ho godtek desse også så no er det gjort.... herved har eg døypt ho om til 
flinke "Gråmor" <3


Eg er så GLAD for at dette gjekk godt!

Om du vil følge meir med på hønelivet og hagelivet her i Sjarmhagen så kom gjerne inn på youtube og sjå mine vekendtlige VLOGS der --> 
0 kommentarer

Kor er klukkhøna når du treng den?

4/4/2025

0 kommentarer

 
12 nydelige rugeegg kom rekordraskt med posten førre veke. No er dei på dag 10 i inkubator, men fortsatt ingen klukkhøne  :OOO
Eg tenkte jo at no er det like før ei har lagt seg kukk og har lagt til rette for det i tre veker allereie, men nei....ingen høne har enda lagt seg til for å ville ruge egg. 

Har du sett på maken....kva gjer eg no? Må eg fostre opp kyllingane sjølv??
Dette var ikkje heilt planen.....
Eg håper det blir snart for ingenting er bedre enn ei høne som tek seg av sine egne små. Eg har hørt og også sjølv erfart at dei blir meir motstandsdyktige og friskare av å vekse opp blandt dei andre hønene. For ikkje å snakke om kor mykje bedre dei blir integrert. Dei kan kanskje bli litt mindre tamme men det er alt etter kor tam høna er og kor mykje du er saman med dei.
Men kanskje denne planen gjeng i vasken og eg må ha dei inne til dei er fleire veker gamle før dei må integrerast sakte med dei andre....huff da....det er mykje meir arbeid for meg :P
Koselig sjølvsagt da men....
Håper fortsatt og krysser fingre og tær for ei klukkhøne raskt!!
​
Bilde


​Her er dei 9 egga som ligg i inkubatoren til eg (forhåpendtligvis)  får ei høne til å legge seg klukk (ville ruge ut kyllinger).

Så er det ein annan liten ting...hihi. Eg har som dokke ser berre ein liten inkubator med plass til max 9 store hønseegg.....
Så eit anna luksusprpblem er at eg ikkje fekk plass til alle egga der og la derfor 3 på badegolvet. Det er slikt ein egentlig ikkje bør sei høgt fordi det kan innebere at kyllingen ikkje er skikkelig ruga og dermed kanskje ikkje kjem seg ut av egget eller er ordentlig utvikla osb. , så dette kan lett ende med katastrofe...
​
Bilde
 Når det er sagt så tenkte eg at sidan dette er postordreegg, og sjangsen er stor for at nokre ikkje klarer å utvikle seg, og at etter lysning (lyser egga undervegs for å sjå om der er liv eller ikkje), er det kanskje berre halvparten igjen av dei som skal rugast vidare, så ville eg då ha plass til alle i inkubator.
Saken no er at der er så mange levedyktige egg!! Luksusproblem!!
Eg har kun tatt ut berre 1 egg som ikkje var noke utvikling i! Dvs at eg fortsatt har for mange egg og dermed 2 att på badegolvet! No får det berre briste eller bere :OOO
0 kommentarer

Kyllingprosjekt 25 : plan A

17/3/2025

0 kommentarer

 
Eg har bestemt meg.....klarer ikkje å dy meg... no har eg bestilt rugeegg igjen :)
Dette blir tredje gongen vi prøver under ei klukkhøne og fjerde gongen i inkubator, så tvi tvi :)
  • 12 egg skal kome med postpakke frå Trøndelag! Det er stor risiko med postsendte egg, men vi satser på at noken kan bli kyllinger av det. Ved postgang kan nemlig enkelte bli ødelagt men vi tek sjangsen igjen i år :)
  • No skal eg berre få vaska ut av hønsehuset så der er reint og fint etter vinteren. Vi bruker strø-metode som blir delvis talle og det fungerer kjempefint. Det er ca eitt år sidan sist eg tok ut alt av hønsehuset, og enda så er det tørt og fint og nesten luktfritt der inne.
  • Så skal eg legge att nokre egg i den innerste rugekassa slik at eg trigger ei høne til å bli klukk. Håper det kan bli Søta eller Gulla som er av rasen Orpingtons. Dei er store og moderlige av natur og er høgt på rang.  Dei kan også ha god plass under seg om det kjem mange kyllinger til.
  • Når postegga kjem skal dei kvile i eitt døgn, og så skal eg ha nokre i inkubatoren og nokre under ei forhåpendtligvis klukk høne.
  • Rugehøna skal få sitt område litt avstengt slik at ikkje dei andre kjem og legg sine egg oppå, eller noke anna tull som at egga blir trampa i hel, eller lignande. Eg bruker litt hønsenetting og eller kompostgrinder. Dei andre hønene vil ha tilgang til dei to andre rugekassene eg har. 
  • På ca dag 11 skal eg lyse egga og ta bort ev dei som ikkje er liv laga.
  • Når det nærmer seg klekking på ca dag 18 skal eg legge alle egga under høna, også dei i inkubatoren. Ei orpington kan ligge på ca 10 egg om ho er erfaren og eg regner ikkje med at vi har så mange på slutten av rugetida som er ok, men tvi tvi. Håper vi har minst halvparten av dei i gang.
  • Når egga er klekte så sett eg inn mat og vatn til kyllingane og mor. Der vil dei vere dei første dagane (første veka)
  • Deretter får dei bevokta uteturer med meg til dei er ca 3 veker gamle og er raskare på vingane. Eg må fortsatt passe på når dei er ute for skjor og katt er raske dei og.
  • Når mor er  lei dei ved 5-7 vekers alder veit eg kva kjønn dei eventuelt har og kan velge meg ut dei hønene og hanane som skal få bu her permanent. Haner blir oppala til middag her i gården eller om eg får gi dei ein annan heim så får dei flytte. 
  • Dei hønene (og ev haner) som eg ikkje vil ha att sjølv,  skal bli seld som unghøner. Dei vil starte å legge egg på hausten :)
Bilde
Orpington "Søta" med sine 8 små (ca ei veke gamle) i Sjarmhagen i 2024.
0 kommentarer

Kyllingane dei første to vekene

8/5/2024

0 kommentarer

 
Dei får ut på luftetur ei lita stund kvar dag som veret er fint og det har det vore no dei første vekene. Vi har vore heldige med stort sett 10 til 17 grader og det har vore ganske tørt. Eg sitt og passe på dei så ikkje skjora og katter snapper til seg ein liten ein. Hønemor storkoser seg ute så når ho må inn igjen må ho nesten tvingast litt. Då tek eg ein kylling eller tre med meg inn så ho går inn etter dei. Etter ca ei veke klarte dei å gå opp etter ho.  Men det gjenstår at dei skal lære den store hønetrappa i gården....det tek nok nokre veker til så til då må eg lokke og lure dei inn.
0 kommentarer

Å legge nyklekte kyllinger under ei klukk høne

29/4/2024

0 kommentarer

 
Fredagskveld henta eg ein kylling som var tidlig ute av egget. Det var dag 26 for høna med sin eine kylling. Eg satte den nye foran høna og ho berre såg på den i tre sekund før ho letta på skjørtet og tok han under seg :)
Neste kveld var resten av flokken komt under høna på same viset. Ein etter ein berre skupa seg under ho og ho klukka fornøgd. Ei orpingtonhøne er vanligvis ei god mor sei dei så intensjonen har ho iallefall. Desverre døde ein av nykyllingane under ho første natta og den blei nok kanskje klemt fast under ho.... sånn er livet.... ikkje lett for ei fersk hønemor. No håper vi at resten går på skinner og at 8 fine kyllinger kan vekse opp hos oss i Sjarmhagen denne våren.

Vi har fire gule derav ein muligens er Sussex. Så har vi svart"stripa" Rocky som er Amrock. Resten er blanding av Brahma, Sussex og litt diverse. Dei ser ganske så Brahma ut då dei fleste har lett fotbefjæring allerede :)
Vi har gjort som førre gong, latt hønemor få ein skjerma del av hønsehuset for seg og kyllingane dei første par vekene. Etter det går det fint å ha dei sammen har vi erfart i vår flokk. Det kan bli litt småkakking men det berre for å halde orden på rangordninga i slike hendelsesrike perioder. Alle må vere trygge på å ha sin plass. Kyllingane vil normalt sett ha same rang som hønemor. Det hadde vore lettare for hønemor "Søta" om ho hadde høgare rang men man må ta det som det er ;)
0 kommentarer

Rugeegg dag 20/21 - Er dei døde?

21/4/2024

0 kommentarer

 
En DRAMATISK hendelse!
I går vakna eg brått av ein lyd og sjekka kamera kl 5.... Søta hadde  gått av egga!  :((((

Eg sprang ut i berre nattkjolen, fekk varma egga så fort eg klarte.
Dei var iskalde... :(

No er løpet kjørt tenkte eg. Dei er nok døde.

Men.... kl 8 så såg eg  svakt liv  i dei to blå egga. Kan dei ha overlevd i 10 grader i kanskje fleire tima?
Eg tenkte at dei får ligge i inkubatoren ei stund mens eg tenkte på kva som kunne vere lurt å gjere no.

Søta hadde  altså i løpet av natta hoppa opp på vagla ilag med dei andre. Noke som resulterte i skikkelig kjeft frå dei andre. Fjøra låg strødd og ho vart hårlaus i nakken av all kjefta ho hadde fått. Ho er jo nederst på rangstigen og den yngste høna. (sjølv om ho er diger!) 

Etter ein nydelig morgen der ho vandra ute med dei andre ei lita stund så gjekk ho tilbake til to egg eg hadde lagt igjen (det mørkebrune eg trudde uansett var tomt og eit ubefrukta) i nettopp tilfelle at ho fortsatt var klukk. Hettie var innom og la seg på dei i 1 min før ho gjekk igjen....
Så kom altså Søta tilbake og la seg godt tilrette som ingenting hadde skjedd. Dumme  unghøne  tenkte eg....

Eg la inn alarm på kameraet for all bevegelse og bytta egga ho låg på med dei i inkubatoren. Kanskje det går bra....kanskje ikkje... Her må eg følge med! Joda, no har ho låge klukk totalt i 25 dager så eg kan forstå ein viss frustrasjon.... 

Det har gått bra i går og i dag. Ho har lufta seg ein halvtime men var veldig treig inn igjen så eg schjusja ho inn att no for ho såg ut til ville berre sette seg på ei vagle utanfor. Ho la seg på   egga  da.
Men vil dette gå bra?
Inkubatoren held eg varm sånn i tilfelle.....
Eg lyste tre stk mens ho lufta seg i dag og det er liv....
Men det vil kanskje vere 2 dager til før dei kjem seg ut av egga...
Kjem ho til å halde ut? Eg er ikkje sikker..... :O
Picture
0 kommentarer

Søta er klukk - Kyllingprosjekt -24

1/4/2024

0 kommentarer

 
Søta har altså lagt seg klukk og i dag er femte dagen ho ligg pal. Det var berre ein ting å gjere, nemlig å kaste seg rundt og få tak i befrukta egg så eg kunne legge under ho. 

​

Rugeegg dag 1

Picture
Bilde lånt frå Wikipedia av ei amrock høne med kyllinger
Eg trudde jo det var Hettie som skulle legge seg klukk men nei ho har tatt pause frå dette mammalivet tydeligvis. Brått var det Søta som låg ein heil kveld og natt inne i rugekassa på dei kunstige egga eg la der. Men neste dag spratt ho opp og var like blid. Falsk alarm tenkte eg... Det kunne jo vere at sidan ho er så ung og fersk i dette gamet at det kunne gå gale. Men no har ho altså lagt seg til igjen og no ligg ho der med ulmt mammablikk og kakker meg på fingeren om eg prøver å nærme meg. Så blæs ho fjøra opp og hylefreser litt advarande på meg om eg ikkje forsvinn. Ho ligg som i transe og har nok tenkt å ligge der. I går kasta ho faktisk ut det store tre-egget frå kassa....jommen trur eg ikkje at ho avslørte at det er falskt!
I kveld la eg inn eit av dei befrukta rugeegga og i morga får eg sjå om det ligg der fortsatt. Om alt går bra får ho 3 egg amrock til som no ligg i rugemaskina og blir varme og gode. 
Eg har kjøpt 4 amrockegg og 4 blandingsegg. Amrock er litt seine å klekke så dei får ein tjuvstart på ein dag. Så i morga legg eg inn i maskina dei 4 siste som er blandingsegg av Maran/Amrock/Cream Legbar og Welsumer blandt anna.
Picture
Søta med kamera så eg kan følge med på ho ;)
Bilder av egga eg har kjøpt:
Picture
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - 6 veker, mulig det er 4 hønekyllinger?

8/7/2023

0 kommentarer

 
Eg begynner å tru at det av 7 er 4 hønekyllinger og 3 hanekyllinger. Det er tydelig iallefall 3 hanekyllinger men eg har lenge vore usikker på den fjerde. Håper og trur no at det er høne men en veit vel sjeldan med opringtons...dei er ofte seine i utviklinga så vi får sjå vi får sjå.
Hønemor er fortsatt beskyttande og flink med dei men i går la ho faktisk sitt første egg sidan ho la seg klukk så då er ho i gang igjen etter ca 3,5 mnd.
Picture
0 kommentarer
<<Tidligere
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2026 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, drivhuskos, hobbysyssel, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!


    Min vekes-VLOG-25:

    Min månads-VLOG-24:

    Dagens reklame :

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    Alle
    Blomster
    Bokashi
    Bokashivæske
    DIY
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gjenbruk
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Hagestue
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Kyllingprosjekt 24
    Kyllingprosjekt 25
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Månedens Video
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr
    Vekas Vlog 2025

    Picture

    RSS-feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Hagebonden - Jana
    ​Den naturlege hagen

    Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! 
    Picture

    Mitt arkiv

    februar 2026
    januar 2026
    desember 2025
    november 2025
    oktober 2025
    september 2025
    august 2025
    juli 2025
    juni 2025
    Kan 2025
    april 2025
    mars 2025
    februar 2025
    januar 2025
    desember 2024
    november 2024
    oktober 2024
    september 2024
    august 2024
    juli 2024
    juni 2024
    Kan 2024
    april 2024
    mars 2024
    februar 2024
    januar 2024
    desember 2023
    november 2023
    oktober 2023
    september 2023
    august 2023
    juli 2023
    juni 2023
    Kan 2023
    april 2023
    mars 2023
    februar 2023
    januar 2023
    desember 2022
    november 2022
    oktober 2022
    september 2022
    august 2022
    juli 2022
    juni 2022
    Kan 2022
    april 2022
    mars 2022
    februar 2022
    januar 2022
    desember 2021
    november 2021
    oktober 2021
    september 2021
    august 2021
    juli 2021
    juni 2021
    Kan 2021
    april 2021
    mars 2021
    februar 2021
    september 2020
    august 2020
    juli 2020
    juni 2020
    Kan 2020
    april 2020
    mars 2020
    februar 2020
    januar 2020
    Kan 2019
    april 2019
    mars 2019
    juni 2018
    november 2017
    juli 2016
    juni 2016
    Kan 2016
    april 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt