* Sjarmhagen *
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Kyllingprosjektet - kyllingane 1 veke gamle

4/6/2023

0 kommentarer

 
Hønemor koser seg ute og viser dei verda. Her er det litt action frå dei siste par dagane og dei er 1 veke gamle alle sammen. Kyllinger er ganske tøffe må eg sei...hønemor trakker av og til uheldigvis på dei og dei hopper langt for å følge mor. Her er det sandbading og matleit samt møte med vaksne høner på agendaen.
Dei andre hønene har no sett dei ei heil veke gjennom gitteret i huset og det går utrulig bra når dei møtes ute. Eg passer dei når dei er ute no som dei er så små. Katter , hunder og ikkje minst skjæra berre sitt og venter på sitt snitt så her må vi vere forsiktige når dei er så små. Men dei har begynt å pile raskt rundt og med mange små gjøymestader i hagen er oddsa på deira side. Om eit par veke er dei store nok til å vere med mor åleine små stunder av gongen.....men enn så lenge passer vi på. 
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - dag 23 , sistemann ut!

28/5/2023

0 kommentarer

 
7 søte små blei det av dei 7 siste egga under høna.
1 bielefelder
1 gull/svart randa orpington
5  porselen/jubilee orpington
Resultatet av postordreegga blei det beste vi har hatt hittil på 44% og fordelt slik:
​1 av 4 bielefelder( 1 knust i post og 1 knuste under høna),
1 av 6 gull/svartranda orpington (trur dei fleste ikkje utvikla seg og mulig her var 1 som berre klarte å utvikle seg til ca dag 7-8),
5 av 6 porselen orpington (1 ikkje utvikla) kom ut.  Er lik 7 kyllinger av 16 som er nesten 50% klekk. Eg er kjempefornøgd med det og det er akkurat som eg håpa på. Det å bestille postordre rugeegg er nemlig risikosport så husk å bestille fleire enn du håper på :P
​No er det berre å håpe på at minst 2-3-4 stk er høner ;)
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - dag 22, 5 stk så langt

27/5/2023

0 kommentarer

 
Å hellandussen er dei ikkje søte vel?
I dag tidlig måtte eg ta høna ut ein kort rask tur ut etter 3 dager konstant på egga. Ho gjorde sitt fornødne ( nokre digre klatter kan du tru!) i full fart og signaliserte at ho ville rett inn igjen og det fekk ho. Men eg fekk tatt bilder av desse 5 nøsta først.....ååååå :*
Ei bielefelder høne! Dei er nemlig kjønnsvisande ved klekk og ein an sjå det på den mørke fargen at det er ei hoe :) Eg er 98% sikker på det :P
Det var berre eitt bielefelderegg som var liv i no på slutten. Eit knust i post, eit knust under høna og eit utan utvikling. Snakk om flaks at ho var høne!
Så har vi ein mørk (fremst) som eg trur er den gullranda og så resten tipper eg er porselen/jubilee orpington <3
Det har pippa hull i eit av dei siste to egga....vi venter i spenning....og krysser fingrane....
Picture
EDIT:
Bildet er tatt kl 11 og seinare på dagen kl 15 kunne eg skimte eit eggeskal til, så no har vi endå ein kylling under høna.
No på kvelden kl 20 såg et at det siste egget (nr 7) hadde pippa hull i det også så tvi tvi! Eg vil ikkje forstyrre meir enn nødvendig så eg har ikkje sett alle sammen enda...det får vente til i morgon for no har dei tatt kvelden<3
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - dag 21 - HURRA!

26/5/2023

0 kommentarer

 
Jaaa!! Lille kylling har komt ut! Mor er så stolt at det er ikkje måte på. Ho klukker og klukker og steller og stuller. Når eg kjem bles ho seg litt opp men godtek at eg titter litt ekstra under vingen. Eg trur det er ein porselen orpington ganske sikkert og den kom i frå det lysaste egget som pippa hull på i går. Tidlig i dag...ca kl 05:00 våkna eg og måtte sjå på kamera og joda der hørte og såg eg denne lille skapningen allereie var komt ut. No titter han så søtt fram bak vingen til mor.
Seinare denne dagen kom det minst ein til...ein mørk som eg tipper er ein gullranda orpington :D
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - dag 20, hull i egget

25/5/2023

0 kommentarer

 
Eg skimta eit egg det har pippa hull i :) 
No turte eg ikkje ta ho av egga så ho får mat og drikke på senga.
Picture
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - dag 19 - pip pip?

24/5/2023

0 kommentarer

 
Eg ser på webkamera at høna har begynt å snakke til egga sine....ho kiker stadig rundt og oppunder seg no. Det er tydelig at ho høyrer dei pipe i egga og dei har sikkert klart å få hull på luftlomma inne i egget så dei kan lage lyd :)
Picture
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - dag 18 - reiret

23/5/2023

0 kommentarer

 
Det er dag 18 i dag og det betyr lockdown. Ingen snuing av egg frå no. Eg lyser alle for siste gong og tek bort eit. Det stoppa som eg mistenkte utviklinga. Då eg kika inni egget låg der eit embryo som døde på ca dag 7.,,stakkar. 
No skal høna få gjere resten. Eg føler meg sikker på at ho vil vere ei god mor og no har ho 7 egg!
​4-5 dager igjen!
Picture
0 kommentarer

Kyllingprosjektet - dag 16 - egga beveger litt på seg

21/5/2023

0 kommentarer

 
Dag 16 
Eg har lyst igjen og det er 8 egg som har tydelig utvikling og bevegelse. 4 i inkubatoren og 4 under høna. Men eg er litt usikker på eit av dei under høna som kanskje ikkje er så utvikla....mulig det har stoppa. Eg får sjekke grundig om eit par dager. ( dag 18 er det nedstenging av rugamaskina for då er det siste fase og dei skal klekke på dag 21)
Eg kan sjå i inkubatoren at egga ligg og rister litt på seg.....utrulig artig. Det er berre ei skjelving men ganske så synlig. Ikkje rart at høna blir ivrig siste fase og begynner å klukke litt til dei :)
0 kommentarer

Eggleggingskaos :P

21/5/2023

0 kommentarer

 
Eg har ikkje filma alle scener her men tok nokre små snutter då eg titta på webkameraet mitt i dag. Det er rolig søndag med litt formiddagsregn og då har man tid til sådan :P 
Då Lettie og Dottie var ferdige tok dei eggsangen utanfor så naboane høyrde vil eg tru...hihi.
​
Hettie ligg så stødig på egga fortsatt. Ho har no låge i 3 veker, men sidan egga kom i post så må ho nok ligge ei lita veke til før ho får helse på sine små kyllinger.
Eg har avstengt eit område sånn halvvegs no og ho kjem seg inn og ut men dei andre tør ikje komme inn. Då vil dei nok få kjeft av ei ganske sur Hettie....og så er det det at ting som gjerder o.l. skremmer dei litt frå å komme seg inn. Perfekt! Eg vil ikkje at dei andre knuser eller legg egg der.
No siste veka har eg forberedt meir for å stenge av heilt og hatt på finmaska netting nederst så ikkje kyllingane forviller seg inn til dei andre.
Eg håper at dette vil vere ei smertefri integrering for små kyllinger. Dei bør få nokre dager/veke til å lære seg å flakse og stikke av før vi slepp dei sammen....sånn i tilfelle. Eg tipper Hettie suremor er flink å forsvare dei om det trengst....eg ser ho øver seg på det når ho er ute no om dagen. Ei klukkhøne oppfører seg ganske surt :P


0 kommentarer

Kyllingprosjektet - akt 6 - klukkhøna må luftast

17/5/2023

0 kommentarer

 
Sidan Hettie la seg klukk har ho ikkje gått ut og ete eller poopa eller drukke som eg har sett ein einaste gong....frivillig. Standhaftig kan du sei!
Klukkhøner kan faktisk sulte seg i hel fordi dei blir så dedikert til oppgåva og dei er som i transe. Slike høner bør vi for deira eigen del enten avklukke eller la dei få ruge ut kyllinger. Og noken av dei må altså tvangsluftast som mi Hettie.
​Ein gong pr dag, gjerne når det er opplett og varmast på dagen, tek eg ho forsiktig av egga og sett ho ned på bakken. Om eg berre sett ho frå meg inne i huset kan ho bli sittande ei stund før ho "snapper ut av det". Då plutselig rister ho seg, et mat med stor iver, spring ein liten tur, og kanskje til og med sandbader før ho pusser fjøra ordentlig. Det tek alt frå 10 min til ein halvtime og så er ho inne på egga sine igjen.  Om eg ikkje gjorde dette villle ho bli avmagra og kanskje ikkje klart å ta seg av kyllingane ordentlig. Reiret ville og bli skittent av drit og det ville vere både ekkelt og farlig for kyllingane. Her er rugekassa like rein og fin heile tida og ho drit som berre rakkeren den eine gongen ho er ute :P
Ein gong la ho seg på nabo-egga i ei av dei andre rugekassene.....då måtte eg ut og få ho på rett plass og det gikk heldigvis bra. Eg følger derfor alltid med om ho ligg på rett egg før eg slapper av for dagen. Då er webcam utrulig fin ting å ha :)
​
Og til slutt: Gratulerer med dagen :)
0 kommentarer
<<Tidligere
Framover>>
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2025 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, drivhuskos, hobbysyssel, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!


    Min vekes-VLOG-25:

    Min månads-VLOG-24:

    Dagens reklame :

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    Alle
    Blomster
    Bokashi
    Bokashivæske
    DIY
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Kyllingprosjekt 24
    Kyllingprosjekt 25
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Månedens Video
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr
    Vekas Vlog 2025

    Picture

    RSS-feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Hagebonden - Jana
    ​Den naturlege hagen

    Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! 
    Picture

    Mitt arkiv

    april 2025
    mars 2025
    februar 2025
    januar 2025
    desember 2024
    november 2024
    oktober 2024
    september 2024
    august 2024
    juli 2024
    juni 2024
    Kan 2024
    april 2024
    mars 2024
    februar 2024
    januar 2024
    desember 2023
    november 2023
    oktober 2023
    september 2023
    august 2023
    juli 2023
    juni 2023
    Kan 2023
    april 2023
    mars 2023
    februar 2023
    januar 2023
    desember 2022
    november 2022
    oktober 2022
    september 2022
    august 2022
    juli 2022
    juni 2022
    Kan 2022
    april 2022
    mars 2022
    februar 2022
    januar 2022
    desember 2021
    november 2021
    oktober 2021
    september 2021
    august 2021
    juli 2021
    juni 2021
    Kan 2021
    april 2021
    mars 2021
    februar 2021
    september 2020
    august 2020
    juli 2020
    juni 2020
    Kan 2020
    april 2020
    mars 2020
    februar 2020
    januar 2020
    Kan 2019
    april 2019
    mars 2019
    juni 2018
    november 2017
    juli 2016
    juni 2016
    Kan 2016
    april 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
TILBAKE TIL SÅPESHOP
Proudly powered by Weebly
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt