* Sjarmhagen *
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Oktober - eggemånad nr 1

1/10/2024

0 kommentarer

 
Picture
Her i Sjarmhagen blir oktober nok eggmånad nr 1 for no har vi 6 unghøner som starter å legge egg og det er sååå kjekt :)
Eggejakt er utrulig koselig altså! No har iallefall 4 av dei unge starta. Ho som er Brahma, Fjørfrid bedre kjent som Fløffy, har ikkje starta...heller ikkje Pingu...trur eg. Ellers har Wyandotte -Dottie  hatt pause i heile september fordi ho myter. Hettie har også mytepause no. Gulla, vår matrone-orpington har hatt meir eller mindre pause i heile halve 2024 men starta igjen på tidligsommeren heldigvis. Desse eldre er 3 år no så dei legg ikkje meir enn ca 2 til 4 egg i veka. Då er det godt å få nye høner som vil legge ca 5 i veka ei god stund før dei tek mørketidspause på ca et par månader, pluss minus.
0 kommentarer

Gulla er ei god reservemor ;)

8/6/2024

0 kommentarer

 
Picture
Bildet er tatt no i kveld i tussmørket (med litt raudt lampelys) men sjå her da... Pingu sitt på ryggen til mor-Søta og Gulla har tatt Susie, Flekkfrid og Lille grå under vingane. Rocky ser veslevaksen ut... 
0 kommentarer

Mai-videoen min er ute på youtuba!

4/6/2024

0 kommentarer

 
Her kan du sjå kor fin hagen min har blitt denne deilige mai-månaden som har vore som ein liten sommer!
Det er mykje om kyllingane som no er frå 1 til 5 veker og veks som ugras :)
Så kan du sjå korleis det veks rundt om i hagen og i drivhuset.
Det er også nokre tips om korleis man kan forynge slike små hagegjerder i metall ;)
Eg har også filma litt det nyaste prosjektet: ein hagesti i hønsegården som blir fin å gå på.
Håper du liker denne videoen, og husk å gi meg en tommel opp da så bidrar du til å halde humøret mitt oppe, og gi algorytmene sjangsen til å foreslå videoen min til andre hageglade! :D 
0 kommentarer

Kyllingane dei første to vekene

8/5/2024

0 kommentarer

 
Dei får ut på luftetur ei lita stund kvar dag som veret er fint og det har det vore no dei første vekene. Vi har vore heldige med stort sett 10 til 17 grader og det har vore ganske tørt. Eg sitt og passe på dei så ikkje skjora og katter snapper til seg ein liten ein. Hønemor storkoser seg ute så når ho må inn igjen må ho nesten tvingast litt. Då tek eg ein kylling eller tre med meg inn så ho går inn etter dei. Etter ca ei veke klarte dei å gå opp etter ho.  Men det gjenstår at dei skal lære den store hønetrappa i gården....det tek nok nokre veker til så til då må eg lokke og lure dei inn.
0 kommentarer

Aprilvideoen min:

8/5/2024

0 kommentarer

 
0 kommentarer

Å legge nyklekte kyllinger under ei klukk høne

29/4/2024

0 kommentarer

 
Fredagskveld henta eg ein kylling som var tidlig ute av egget. Det var dag 26 for høna med sin eine kylling. Eg satte den nye foran høna og ho berre såg på den i tre sekund før ho letta på skjørtet og tok han under seg :)
Neste kveld var resten av flokken komt under høna på same viset. Ein etter ein berre skupa seg under ho og ho klukka fornøgd. Ei orpingtonhøne er vanligvis ei god mor sei dei så intensjonen har ho iallefall. Desverre døde ein av nykyllingane under ho første natta og den blei nok kanskje klemt fast under ho.... sånn er livet.... ikkje lett for ei fersk hønemor. No håper vi at resten går på skinner og at 8 fine kyllinger kan vekse opp hos oss i Sjarmhagen denne våren.

Vi har fire gule derav ein muligens er Sussex. Så har vi svart"stripa" Rocky som er Amrock. Resten er blanding av Brahma, Sussex og litt diverse. Dei ser ganske så Brahma ut då dei fleste har lett fotbefjæring allerede :)
Vi har gjort som førre gong, latt hønemor få ein skjerma del av hønsehuset for seg og kyllingane dei første par vekene. Etter det går det fint å ha dei sammen har vi erfart i vår flokk. Det kan bli litt småkakking men det berre for å halde orden på rangordninga i slike hendelsesrike perioder. Alle må vere trygge på å ha sin plass. Kyllingane vil normalt sett ha same rang som hønemor. Det hadde vore lettare for hønemor "Søta" om ho hadde høgare rang men man må ta det som det er ;)
0 kommentarer

Kun ein overlevde av 5...

24/4/2024

0 kommentarer

 
Det blei ein trist klekkeprosess dette. Det er kun ein som har overlevd av dei 5 egga som var liv i etter dag 18. Det at ho gjekk av egga og dei fekk så ujamn temperatur under ruginga gjorde at det blei feil timing på mykje som må skje heilt rett for at kyllingen skal overelve. Fleire her fekk blandt anna ikkje trekt inn plommesekken før den var ute, noke som resulterer i at den ikkje får matpakken sin med seg ut i verda.  Det var ein slik som såg ut til å klare seg lenge men etter ca eit døgn så døde den. Dvs eg såg det gjekk dårligare så eg lot den sleppe. RIP lille gule....
Men ein kylling klarte seg supert og han ser sterk og fin ut. Sjølvsagt måtte det vere ein hanekylling.... uflaks :P
Vi kaller han for Rocky sidan det er ein Amrock-kylling :)
Han blei født på dag 23. 

Eg har no bestilt nyklekte kyllinger som straks er ute av inkubatoren hos ein gard 8 min herfrå som eg skal prøve å få hønemor til å ta til seg. Han kan jo ikkje vekse opp heilt åleine...

​TVI TIVI
Picture
Rocky og lille gule stakkar...
0 kommentarer

Rugeegg 2024 er i gang. Lysing dag 10

10/4/2024

0 kommentarer

 
No ligg det 3 amrock egg under høna. Trur du ikkje at ho sparka ut ett av egga da?
Jo....og eg begynner å lure på om ho ferske unghøna her er klokare enn ho ser ut til  for eg trur det ikkje er liv i det egget. Eg la det i inkubatoren før det rakk å bli kaldt så tida får vise. 
Så då har eg 4 egg i inkubatoren der 1 av dei er så mørkt at eg ikkje ser noke. 2 av dei er fulle av liv og dei er blå :)
​Det er  Dag 10 når eg lyser desse :
0 kommentarer

Søta er klukk - Kyllingprosjekt -24

1/4/2024

0 kommentarer

 
Søta har altså lagt seg klukk og i dag er femte dagen ho ligg pal. Det var berre ein ting å gjere, nemlig å kaste seg rundt og få tak i befrukta egg så eg kunne legge under ho. 

​

Rugeegg dag 1

Picture
Bilde lånt frå Wikipedia av ei amrock høne med kyllinger
Eg trudde jo det var Hettie som skulle legge seg klukk men nei ho har tatt pause frå dette mammalivet tydeligvis. Brått var det Søta som låg ein heil kveld og natt inne i rugekassa på dei kunstige egga eg la der. Men neste dag spratt ho opp og var like blid. Falsk alarm tenkte eg... Det kunne jo vere at sidan ho er så ung og fersk i dette gamet at det kunne gå gale. Men no har ho altså lagt seg til igjen og no ligg ho der med ulmt mammablikk og kakker meg på fingeren om eg prøver å nærme meg. Så blæs ho fjøra opp og hylefreser litt advarande på meg om eg ikkje forsvinn. Ho ligg som i transe og har nok tenkt å ligge der. I går kasta ho faktisk ut det store tre-egget frå kassa....jommen trur eg ikkje at ho avslørte at det er falskt!
I kveld la eg inn eit av dei befrukta rugeegga og i morga får eg sjå om det ligg der fortsatt. Om alt går bra får ho 3 egg amrock til som no ligg i rugemaskina og blir varme og gode. 
Eg har kjøpt 4 amrockegg og 4 blandingsegg. Amrock er litt seine å klekke så dei får ein tjuvstart på ein dag. Så i morga legg eg inn i maskina dei 4 siste som er blandingsegg av Maran/Amrock/Cream Legbar og Welsumer blandt anna.
Picture
Søta med kamera så eg kan følge med på ho ;)
Bilder av egga eg har kjøpt:
Picture
0 kommentarer
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2025 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, drivhuskos, hobbysyssel, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!


    Min vekes-VLOG-25:

    Min månads-VLOG-24:

    Dagens reklame :

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    Alle
    Blomster
    Bokashi
    Bokashivæske
    DIY
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Kyllingprosjekt 24
    Kyllingprosjekt 25
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Månedens Video
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr
    Vekas Vlog 2025

    Picture

    RSS-feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Hagebonden - Jana
    ​Den naturlege hagen

    Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! 
    Picture

    Mitt arkiv

    april 2025
    mars 2025
    februar 2025
    januar 2025
    desember 2024
    november 2024
    oktober 2024
    september 2024
    august 2024
    juli 2024
    juni 2024
    Kan 2024
    april 2024
    mars 2024
    februar 2024
    januar 2024
    desember 2023
    november 2023
    oktober 2023
    september 2023
    august 2023
    juli 2023
    juni 2023
    Kan 2023
    april 2023
    mars 2023
    februar 2023
    januar 2023
    desember 2022
    november 2022
    oktober 2022
    september 2022
    august 2022
    juli 2022
    juni 2022
    Kan 2022
    april 2022
    mars 2022
    februar 2022
    januar 2022
    desember 2021
    november 2021
    oktober 2021
    september 2021
    august 2021
    juli 2021
    juni 2021
    Kan 2021
    april 2021
    mars 2021
    februar 2021
    september 2020
    august 2020
    juli 2020
    juni 2020
    Kan 2020
    april 2020
    mars 2020
    februar 2020
    januar 2020
    Kan 2019
    april 2019
    mars 2019
    juni 2018
    november 2017
    juli 2016
    juni 2016
    Kan 2016
    april 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
TILBAKE TIL SÅPESHOP
Proudly powered by Weebly
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt