* Sjarmhagen *
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Olivia er klukk!

28/4/2026

0 kommentarer

 
Olivia har lagt seg klukk og no har ho låge i ei veke allereie. Det vil sei at ho vil ruge ut kyllinger... og no kan jo ho faktisk det sidan vi har hane og sjangsen er stor for at egga er befrukta.
Då venter vi altså kyllinger i veke  20. Eg har lagt nokre ekstra rugeegg i rugekassa sånn i tilfelle... Tvi tvi
Bilde
0 kommentarer

Rugeegg for salg

9/4/2026

0 kommentarer

 
Eg håper på ei klukkhøne som kan ta seg av årets kyllinger. No har eg jo ein flott hane og han ser ut til å gjere jobben sin bra. Eg fann 4 hønsehaukfjører ein dag og lurer veldig på om han faktisk har klart å jage den vekk utan at eg har merka det. Flinke Silver :)

Eg tok ei testruging av egga i inkubator nokre dager for å sjå om der var liv, og det var det :)
Og sidan eg no sparer på egg som skal bli kyllinger, men ingen høne har blitt klukk enda, så har eg jo mange til overs. Derfor kan eg no selge overskuddet litt rimelig sidan det "berre" blir blandingshøns av desse egga. 

Det er regler for korleis ein skal samle rugeegg; 
  • dei skal ikkje vaskast for den naturlige blomma er viktig for å halde egget sunt og friskt
  • dei må vendast minst to gonger i døgnet for ikkje å stivne fast i eine sida
  • dei må ha ein gjevn temp på 12 grader (+ - )
  • dei bør ikkje vere gamlare enn to-tre veker
  • dei må ha rett vekt, altså ikkje frå for unge høner
  • dei må ha rett eggeform og ingen unormale rariteter som for stor, for liten for svakt skal eller anna

Vil du ha egg så send meg ei melding, ellers ligg annonsa på finn ;)

Desse egga kan bli blandingshøner som kan legge grønne eller rosa/beige egg. Her er noke av det eg ønsker eg skal få til med desse rugeegga:

En kryssing mellom  Silverudd's Blue og Cream Legbar,  ofte kalt «Ice Cream Bars», er en populær hybrid kjent for å legge lysegrønne til sjøgrønne egg.
Egenskaper Ice Cream Bar-krysning:
  • Eggfarge: Produserer egg i nyanser fra lys mynte til sjøgrønn, ofte med prikker.
  • Utseende: Mange kyllinger arver den karakteristiske toppen fra Cream Legbar-siden, samt en blanding av fjærdrakter fra begge foreldreraser.
  • Temperament: Beskrives som vennlige, nysgjerrige og gode til å finne mat (foragere).
  • Produksjon: Dette er en utmerket kombinasjon for eggproduksjon i en bakgårdshøneflokk, da begge raser er gode verpere.
  • Størrelse: Kyllingene arver ofte litt mer størrelse fra Cream Legbar, noe som gjør dem til en god kombinasjon av Silveruddens effektivitet og Legbarens størrelse. 
  • Krysningen gir et vakkert innslag i eggkurven og resulterer i hardføre fugler

Krysningen mellom Silverudd Blå og Marans (sjokobrune egg) er ein populær kombinasjon for å avle frem det som ofte kalles Easter eggers eller Olive Eggers. 
Egenskaper Olive eggers-krysning:
  • Mosegrønne egg: Silverudd Blå legger grønne eller blågrønne egg. Når disse krysses med en Marans, som legger mørkebrune egg, resulterer det i avkom (F1-generasjon) som legger olivengrønne eller dype mosegrønne egg.
  • Prikker: Silverudd-genetikken er kjent for å kunne gi mørke eller lyse prikker på eggeskallet. Kombinert med Marans' pigmentering kan dette gi svært dekorative, mørkegrønne egg med tydelige spetter. 
  • Fjærdrakt: Avkommet blir ofte mørke (svarte eller blå) med innslag av kobber eller sølv i halsbehanget, avhengig av hvilken fargevariant av Marans som brukes.
  • Fysiske trekk: Marans har ofte fjær på bena, mens Silverudd Blå har glatte ben. Kyllingene kan arve begge deler, men moderat fotbefjæring er vanlig.
  • Temperament: Begge rasene regnes som relativt rolige og gode fôrsøkere, noe som ofte føres videre til krysningen

Krysning mellom  Silverudds Blå og Light Sussex  er en populær kombinasjon i hobbyhønsehold, ofte brukt for å skape produktive og hardføre blandingshøns.
  • Eggproduksjon: Begge raser er gode eggleggere. Silverudds Blå legger grønne egg (ca. 250 i året), mens Light Sussex er kjent for høy produksjon av lysebrune egg. Avkommet vil sannsynligvis legge godt med egg, ofte med en grønnlig eller olivengrønn tone.
  • Størrelse og kropp: Silverudds Blå er en lett til mellomstor rase (høne ca. 1,5 kg, hane ca. 2,5 kg). Light Sussex er en tyngre og mer robust kjøttrase. Krysningen vil sannsynligvis gi en mellomstor høne med bedre kjøttfylde enn en ren Silverudd, men kanskje noe mindre enn en ren Sussex.
  • Utseende: Fargene kan variere, men du kan få spennende kombinasjoner av Sussex-mønsteret (columbia) og Silverudds blå/svarte fargegener.
  • Hardførhet: Light Sussex er kjent for å være rolige og hardføre, mens Silverudds Blå er aktive og flinke til å finne mat. Avkommet blir ofte robuste, tilpasningsdyktige høner som tåler nordisk klima godt.
  • Temperament: Krysningen forventes å gi rolige og håndterbare høner, da Sussex er kjent for et rolig gemytt. 

En krysning mellom  Silverudd Blå  og Brahma  vil mest sannsynlig gi en spennende kombinasjon av to svært ulike raser.
  • Utseende: Brahma er en stor, tung rase med fjærkledde bein, mens Silverudd er en mellomstor, aktiv rase. Avkommet vil sannsynligvis bli en middels til stor høne, muligens med fjær på beina (arvet fra Brahma). Fjærdrakten kan variere, men Silveruddens evne til å produsere blått eller sort pigment kan blandes med Brahmas mønstre.
  • Eggproduksjon: Silverudd er kjent for å legge godt med grønne/turkise egg, mens Brahma legger brune egg og er kjent for å være gode rugere. Krysningen vil sannsynligvis gi egg i ulike nyanser av grønt eller oliven, og størrelsen vil trolig være bedre enn hos en ren Silverudd.
  • Temperament: Brahma er kjent for å være rolige og "kosete", mens Silverudd er mer nysgjerrige og aktive. Krysningen vil trolig bli en balansert, rolig høne som passer godt i en hageflokk.
  • Størrelse: Dette vil gi en robust fugl, perfekt for eggproduksjon og litt kjøtt (en "dual-purpose" fugl).

0 kommentarer

Kyllingprosjekt 25 Tilbake til plan A :)

18/4/2025

0 kommentarer

 

Vi fekk ei klukkhøne i   s i s t e   liten!

Eg var jo heilt sikker på at minst ei av hønene skulle legge seg klukk då eg begynte å sjå meg om etter befrukta rugeegg for sesongen....men nei....?
Egga blei funne, kjøpt, sendt og kom på rekordtid og eg tenkte at jaja, eg håper at ei rugehøne rekk å legge seg klukk. Å legge seg klukk betyr at ho vil ruge ut kyllinger og legg seg til å ruge. Ho bør ligge minst ei veke, helst 3 før man kan prøve å introdusere nyklekka kyllinger, altså lure ho til å tru at dei kom frå egga ho låg på. Om ho nettopp har lagt seg klukk kan man gi ho rugeegga så ruger ho dei sjølv. 
Ingen klukkhøne kom altså til Sjarmhagen så eg ruga dei ut i inkubator. Rett før klekkdagane starta så la jommen meg ho "Grå" seg klukk. Ho hadde hatt tilbøyeligheiter nokre veker tidligare men ikkje noke meir skjedde.
Men sååå la ho seg altså klukk. Skulle eg tøre å introdusere kyllinger til ho? Ekspertane sei NEI! Og eg er jo enig men samtidig...har jo hørt om høner som KAN vere lettlurte/ekstra moderlige ;)
Så eg prøvde!
Først gav eg ho eit egg som hadde pippa høl på seint en kveld. Det var veldig mykje lyd nemlig frå dette egget. Sidan høner kommuniserer med egga før dei klekk for å bli kjend og for å forberede ho ut av rugetransen og over i neste fase som er moderligheitsfasen. ( altså eg veit ikkje kva det heiter men vi kaller det det her ;)) Med å høyre på egget så blir ho optimistisk og kanskje klar for å bli mor fortare enn ho hadde tenkt. Vanligvis tek det jo minst 21 dager og ikkje 4 :P
Neste morgon bytta eg egget med ein kylling som var nyklekt men førlig på beina. 

 Ho freste skikkelig til meg men blei forvirra av pipinga..... Eg stod der litt med hjertet i halsen...ville ho godta kyllingen eller myrde den?
Du kan sei eg ofra livet til den for dette kunne lett bli katastrofe.... men eg følte på meg at dette kunne gå bra.... Ho kakka han litt hardt i haudet som ho først prøvande sjekka om dette var eit grusomt insekt som måtte drepe..... kyllingen skreik til for han fekk nok vondt. Så peip han litt prøvande men desperat til ho.....
Ho starta å klukke (det er eit GODT TEIKN)....ho sa klukk klukk.......klukk klukk!
Så løfta ho på fjæra og eg lurte på om det var for å advare før neste kakk kom! Men nei det var for å sjå om han kom under ho igjen! Ho gav han eit litt vennligare kakk i haudet og han då for lydig inn under den nye mor si !!!!
WOW!
Så venta eg i spenning bak døra og såg på kamera....
Eg heldt fortsatt pusten i minst eit døgn til før eg sakte men sikkert pusta ut.....ho ville bli MOR!
Etter eit par timer så la eg inn to kyllinger til og til neste natt to til. Dei siste to no i kveld. På kamera ser det ut til at ho godtek desse også så no er det gjort.... herved har eg døypt ho om til 
flinke "Gråmor" <3


Eg er så GLAD for at dette gjekk godt!

Om du vil følge meir med på hønelivet og hagelivet her i Sjarmhagen så kom gjerne inn på youtube og sjå mine vekendtlige VLOGS der --> 
0 kommentarer

Kyllingprosjekt - 25 = 8 kyllinger!

17/4/2025

0 kommentarer

 

Hurra vi har påskekyllinger :)

God Påske!

Då kom alle påskekyllingane ut, unntatt 1 egg av dei 9 vi hadde igjen som var levande fortsatt av 12 postordreegg. Det er heilt utrulig igrunn at vi har fått 8 stk kyllinger og så langt er alle friske og fine. Eitt av maransegga var til og med starta på badegolvet, tenk det! Når det er avslørt så må eg sei at det var kun pga av krisetilfellet, og badegolv er absolutt ikkje å anbefale, for det gjekk gale med det andre som elles kunne vore ein velskapt kylling.... Les meir under om du tør ...
​Brinsea inkubatoren har ikkje skuffa denne gongen heller, så den anbefalast. 

Marans egga måtte eg hjelpe ut og det har eg måtte gjort før med marans også.  Dei hakka hull på egga sist i rekka og på dag 22 og blei klekka på dag 23.
Dei første ut var Cream Legbar-jentene (pippa dag 20), begge to velskapte og fine, og jenter på dag 21! Desse er kjønnsvisande ved klekkk. Det tredje egget her kom aldri så langt at det pippa hull :( 
Så kom Silverudd Blå-kyllingane ut på rad og rekke, men den eine måtta ha litt hjelp. Den pippa først hull, men etter eit døgn skjedde det ikkje meir så eg måtte hjelpe den ut. Den kom nemlig ut i feil ende av egget og hadde derfor litt trøbbel. Meget mulig den ikkje hadde klart det åleine....slikt kan lett skje med postsendte egg. Det er derfor vi alltid kjøper 12 stk sjølv om vi ikkje treng meir enn halvparten :P

For den som er nerd som meg vil kanskje vite at dei andre 3 som ikkje klarte seg, stoppa utviklinga på dag 5, ca dag 8 og ein var ubefrukta/tom. Den siste der som ikkje klarte seg, som starta altså på badegolvet, hadde desverre nokre av tarmane på utsida og det er typisk temperaturtrøbbel.... så ... ikkje for sarte sjeler desverre :(

Nyt bilda under og i morga skal eg fortelle enda ei gladnyheit ...håper eg :)  
0 kommentarer

Kyllingprosjekt 25 : plan B

10/4/2025

0 kommentarer

 
Ingen høne har så langt lagt seg klukk så her blir det meg som blir kyllingmamma om ei lita veke :P
Eg tenker å ha dei inne til dei er ca 3 veker og så får vi sjå kva vi får til. Enten må eg selge kyllinger hvis dei blir for mange, eller så ....må eg bygge eit nytt hønsehus :P
"Chicken math is real" blir det sagt....det er så sant så sant :)

Eg har lyst egga, og no på dag 16 så har eg 9 igjen av 12. Eit var mest sannsynlig ubefrukta og eit stoppa utviklinga ved ca dag 5 og eit ved ca dag 10. Sånn er livet. No har eg alle i inkubatoren og venter klekk frå tidligast tirsdag... tvi tvi.
For den som lurer så er eitt av baderomsegga fortsatt med i kampen om livet, men no heldigvis i inkubatoren ;)
Bilde
Her er eit CL-egg lyst på dag 5 med eit tydelig embryo i og kraftige blodårer.
0 kommentarer

Kor er klukkhøna når du treng den?

4/4/2025

0 kommentarer

 
12 nydelige rugeegg kom rekordraskt med posten førre veke. No er dei på dag 10 i inkubator, men fortsatt ingen klukkhøne  :OOO
Eg tenkte jo at no er det like før ei har lagt seg kukk og har lagt til rette for det i tre veker allereie, men nei....ingen høne har enda lagt seg til for å ville ruge egg. 

Har du sett på maken....kva gjer eg no? Må eg fostre opp kyllingane sjølv??
Dette var ikkje heilt planen.....
Eg håper det blir snart for ingenting er bedre enn ei høne som tek seg av sine egne små. Eg har hørt og også sjølv erfart at dei blir meir motstandsdyktige og friskare av å vekse opp blandt dei andre hønene. For ikkje å snakke om kor mykje bedre dei blir integrert. Dei kan kanskje bli litt mindre tamme men det er alt etter kor tam høna er og kor mykje du er saman med dei.
Men kanskje denne planen gjeng i vasken og eg må ha dei inne til dei er fleire veker gamle før dei må integrerast sakte med dei andre....huff da....det er mykje meir arbeid for meg :P
Koselig sjølvsagt da men....
Håper fortsatt og krysser fingre og tær for ei klukkhøne raskt!!
​
Bilde


​Her er dei 9 egga som ligg i inkubatoren til eg (forhåpendtligvis)  får ei høne til å legge seg klukk (ville ruge ut kyllinger).

Så er det ein annan liten ting...hihi. Eg har som dokke ser berre ein liten inkubator med plass til max 9 store hønseegg.....
Så eit anna luksusprpblem er at eg ikkje fekk plass til alle egga der og la derfor 3 på badegolvet. Det er slikt ein egentlig ikkje bør sei høgt fordi det kan innebere at kyllingen ikkje er skikkelig ruga og dermed kanskje ikkje kjem seg ut av egget eller er ordentlig utvikla osb. , så dette kan lett ende med katastrofe...
​
Bilde
 Når det er sagt så tenkte eg at sidan dette er postordreegg, og sjangsen er stor for at nokre ikkje klarer å utvikle seg, og at etter lysning (lyser egga undervegs for å sjå om der er liv eller ikkje), er det kanskje berre halvparten igjen av dei som skal rugast vidare, så ville eg då ha plass til alle i inkubator.
Saken no er at der er så mange levedyktige egg!! Luksusproblem!!
Eg har kun tatt ut berre 1 egg som ikkje var noke utvikling i! Dvs at eg fortsatt har for mange egg og dermed 2 att på badegolvet! No får det berre briste eller bere :OOO
0 kommentarer

Kyllingprosjekt 25 : plan A

17/3/2025

0 kommentarer

 
Eg har bestemt meg.....klarer ikkje å dy meg... no har eg bestilt rugeegg igjen :)
Dette blir tredje gongen vi prøver under ei klukkhøne og fjerde gongen i inkubator, så tvi tvi :)
  • 12 egg skal kome med postpakke frå Trøndelag! Det er stor risiko med postsendte egg, men vi satser på at noken kan bli kyllinger av det. Ved postgang kan nemlig enkelte bli ødelagt men vi tek sjangsen igjen i år :)
  • No skal eg berre få vaska ut av hønsehuset så der er reint og fint etter vinteren. Vi bruker strø-metode som blir delvis talle og det fungerer kjempefint. Det er ca eitt år sidan sist eg tok ut alt av hønsehuset, og enda så er det tørt og fint og nesten luktfritt der inne.
  • Så skal eg legge att nokre egg i den innerste rugekassa slik at eg trigger ei høne til å bli klukk. Håper det kan bli Søta eller Gulla som er av rasen Orpingtons. Dei er store og moderlige av natur og er høgt på rang.  Dei kan også ha god plass under seg om det kjem mange kyllinger til.
  • Når postegga kjem skal dei kvile i eitt døgn, og så skal eg ha nokre i inkubatoren og nokre under ei forhåpendtligvis klukk høne.
  • Rugehøna skal få sitt område litt avstengt slik at ikkje dei andre kjem og legg sine egg oppå, eller noke anna tull som at egga blir trampa i hel, eller lignande. Eg bruker litt hønsenetting og eller kompostgrinder. Dei andre hønene vil ha tilgang til dei to andre rugekassene eg har. 
  • På ca dag 11 skal eg lyse egga og ta bort ev dei som ikkje er liv laga.
  • Når det nærmer seg klekking på ca dag 18 skal eg legge alle egga under høna, også dei i inkubatoren. Ei orpington kan ligge på ca 10 egg om ho er erfaren og eg regner ikkje med at vi har så mange på slutten av rugetida som er ok, men tvi tvi. Håper vi har minst halvparten av dei i gang.
  • Når egga er klekte så sett eg inn mat og vatn til kyllingane og mor. Der vil dei vere dei første dagane (første veka)
  • Deretter får dei bevokta uteturer med meg til dei er ca 3 veker gamle og er raskare på vingane. Eg må fortsatt passe på når dei er ute for skjor og katt er raske dei og.
  • Når mor er  lei dei ved 5-7 vekers alder veit eg kva kjønn dei eventuelt har og kan velge meg ut dei hønene og hanane som skal få bu her permanent. Haner blir oppala til middag her i gården eller om eg får gi dei ein annan heim så får dei flytte. 
  • Dei hønene (og ev haner) som eg ikkje vil ha att sjølv,  skal bli seld som unghøner. Dei vil starte å legge egg på hausten :)
Bilde
Orpington "Søta" med sine 8 små (ca ei veke gamle) i Sjarmhagen i 2024.
0 kommentarer

Å legge nyklekte kyllinger under ei klukk høne

29/4/2024

0 kommentarer

 
Fredagskveld henta eg ein kylling som var tidlig ute av egget. Det var dag 26 for høna med sin eine kylling. Eg satte den nye foran høna og ho berre såg på den i tre sekund før ho letta på skjørtet og tok han under seg :)
Neste kveld var resten av flokken komt under høna på same viset. Ein etter ein berre skupa seg under ho og ho klukka fornøgd. Ei orpingtonhøne er vanligvis ei god mor sei dei så intensjonen har ho iallefall. Desverre døde ein av nykyllingane under ho første natta og den blei nok kanskje klemt fast under ho.... sånn er livet.... ikkje lett for ei fersk hønemor. No håper vi at resten går på skinner og at 8 fine kyllinger kan vekse opp hos oss i Sjarmhagen denne våren.

Vi har fire gule derav ein muligens er Sussex. Så har vi svart"stripa" Rocky som er Amrock. Resten er blanding av Brahma, Sussex og litt diverse. Dei ser ganske så Brahma ut då dei fleste har lett fotbefjæring allerede :)
Vi har gjort som førre gong, latt hønemor få ein skjerma del av hønsehuset for seg og kyllingane dei første par vekene. Etter det går det fint å ha dei sammen har vi erfart i vår flokk. Det kan bli litt småkakking men det berre for å halde orden på rangordninga i slike hendelsesrike perioder. Alle må vere trygge på å ha sin plass. Kyllingane vil normalt sett ha same rang som hønemor. Det hadde vore lettare for hønemor "Søta" om ho hadde høgare rang men man må ta det som det er ;)
0 kommentarer

Kun ein overlevde av 5...

24/4/2024

0 kommentarer

 
Det blei ein trist klekkeprosess dette. Det er kun ein som har overlevd av dei 5 egga som var liv i etter dag 18. Det at ho gjekk av egga og dei fekk så ujamn temperatur under ruginga gjorde at det blei feil timing på mykje som må skje heilt rett for at kyllingen skal overelve. Fleire her fekk blandt anna ikkje trekt inn plommesekken før den var ute, noke som resulterer i at den ikkje får matpakken sin med seg ut i verda.  Det var ein slik som såg ut til å klare seg lenge men etter ca eit døgn så døde den. Dvs eg såg det gjekk dårligare så eg lot den sleppe. RIP lille gule....
Men ein kylling klarte seg supert og han ser sterk og fin ut. Sjølvsagt måtte det vere ein hanekylling.... uflaks :P
Vi kaller han for Rocky sidan det er ein Amrock-kylling :)
Han blei født på dag 23. 

Eg har no bestilt nyklekte kyllinger som straks er ute av inkubatoren hos ein gard 8 min herfrå som eg skal prøve å få hønemor til å ta til seg. Han kan jo ikkje vekse opp heilt åleine...

​TVI TIVI
Picture
Rocky og lille gule stakkar...
0 kommentarer

Rugeegg dag 20/21 - Er dei døde?

21/4/2024

0 kommentarer

 
En DRAMATISK hendelse!
I går vakna eg brått av ein lyd og sjekka kamera kl 5.... Søta hadde  gått av egga!  :((((

Eg sprang ut i berre nattkjolen, fekk varma egga så fort eg klarte.
Dei var iskalde... :(

No er løpet kjørt tenkte eg. Dei er nok døde.

Men.... kl 8 så såg eg  svakt liv  i dei to blå egga. Kan dei ha overlevd i 10 grader i kanskje fleire tima?
Eg tenkte at dei får ligge i inkubatoren ei stund mens eg tenkte på kva som kunne vere lurt å gjere no.

Søta hadde  altså i løpet av natta hoppa opp på vagla ilag med dei andre. Noke som resulterte i skikkelig kjeft frå dei andre. Fjøra låg strødd og ho vart hårlaus i nakken av all kjefta ho hadde fått. Ho er jo nederst på rangstigen og den yngste høna. (sjølv om ho er diger!) 

Etter ein nydelig morgen der ho vandra ute med dei andre ei lita stund så gjekk ho tilbake til to egg eg hadde lagt igjen (det mørkebrune eg trudde uansett var tomt og eit ubefrukta) i nettopp tilfelle at ho fortsatt var klukk. Hettie var innom og la seg på dei i 1 min før ho gjekk igjen....
Så kom altså Søta tilbake og la seg godt tilrette som ingenting hadde skjedd. Dumme  unghøne  tenkte eg....

Eg la inn alarm på kameraet for all bevegelse og bytta egga ho låg på med dei i inkubatoren. Kanskje det går bra....kanskje ikkje... Her må eg følge med! Joda, no har ho låge klukk totalt i 25 dager så eg kan forstå ein viss frustrasjon.... 

Det har gått bra i går og i dag. Ho har lufta seg ein halvtime men var veldig treig inn igjen så eg schjusja ho inn att no for ho såg ut til ville berre sette seg på ei vagle utanfor. Ho la seg på   egga  da.
Men vil dette gå bra?
Inkubatoren held eg varm sånn i tilfelle.....
Eg lyste tre stk mens ho lufta seg i dag og det er liv....
Men det vil kanskje vere 2 dager til før dei kjem seg ut av egga...
Kjem ho til å halde ut? Eg er ikkje sikker..... :O
Picture
0 kommentarer
<<Tidligere
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2026 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, drivhuskos, hobbysyssel, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!


    Min vekes-VLOG-25:

    I desse butikkane finn du mine såper:
    • Haram Husflidslag i Brattvåg
    • Stolt Mat Kafè og Butikk på Sjøholt
    • Lyst å selge mine såper? - Ta kontakt :)

    Dagens reklame :

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    Alle
    Blomster
    Bokashi
    Bokashivæske
    DIY
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gjenbruk
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Hagestue
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Kyllingprosjekt 24
    Kyllingprosjekt 25
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Månedens Video
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr
    Vekas Vlog 2025

    Picture

    RSS-feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Hagebonden - Jana
    ​Den naturlege hagen

    Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! 
    Picture

    Mitt arkiv

    Kan 2026
    april 2026
    mars 2026
    februar 2026
    januar 2026
    desember 2025
    november 2025
    oktober 2025
    september 2025
    august 2025
    juli 2025
    juni 2025
    Kan 2025
    april 2025
    mars 2025
    februar 2025
    januar 2025
    desember 2024
    november 2024
    oktober 2024
    september 2024
    august 2024
    juli 2024
    juni 2024
    Kan 2024
    april 2024
    mars 2024
    februar 2024
    januar 2024
    desember 2023
    november 2023
    oktober 2023
    september 2023
    august 2023
    juli 2023
    juni 2023
    Kan 2023
    april 2023
    mars 2023
    februar 2023
    januar 2023
    desember 2022
    november 2022
    oktober 2022
    september 2022
    august 2022
    juli 2022
    juni 2022
    Kan 2022
    april 2022
    mars 2022
    februar 2022
    januar 2022
    desember 2021
    november 2021
    oktober 2021
    september 2021
    august 2021
    juli 2021
    juni 2021
    Kan 2021
    april 2021
    mars 2021
    februar 2021
    september 2020
    august 2020
    juli 2020
    juni 2020
    Kan 2020
    april 2020
    mars 2020
    februar 2020
    januar 2020
    Kan 2019
    april 2019
    mars 2019
    juni 2018
    november 2017
    juli 2016
    juni 2016
    Kan 2016
    april 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt