En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...
Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!
Høner på vinteren3/12/2021 No har vi 6 unghøner og dei skal få bu her så lenge dei vil. Dei har 3 kvm isolert hus med litt varme i no som det er på det kaldaste vi har her på sunnmøre om vinteren. Det vil sei dei har 10 - 14 grader inne og det er - 6 grader ute i dag. Dei foretrekke å vere ute i gården sin heile dagane så lenge det er dagslys uansett temperatur. Utegården er mest dekka av pleksiglas på alle sider slik at den er lun og grei. Dei liker også å vere under huset, der er det en del sandjord og dei lager seg sandbad i tørraste kråa. Taket er pleksiplater slik at lyset slepp inn. Det er viktig at sola får komme til for å tørke godt opp der inne når den kan det. Nokre gonger om dagen lusker dei seg inn for å ete litt. No på vinteren går luka opp kl 8:30 (1 time seinare om helgene) og att kl 16 men dei er inne kl 15 når det begynner å bli mørkt. Tidspunktet justerer vi med årstidene. Om natta har dei eit svakt raudt nattlys beregna på høner.
Eg trur det er viktig at høner får tilvenne seg vinteren slik at dei liker å gå ut. Det er jo litt trist å sitte inne i 3 kvm heile dagane. Her får dei vere ute i gården og hagen om dei vil. Dei får også ting å gjere på som grafse, leite, sandbade og pirke og pekke. Samt litt utfordringer med ting som heng i taket og godbiter som dei kan finne på uvanlige plasser :)
Gler meg til egga kjem..... ![]() Ha en fin hagedag! Klem frå Unni
0 kommentarer
Legg igjen et svar.
Unni skriv......litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016... Min vekes-VLOG-25:
I desse butikkane finn du mine såper:
Dagens reklame :
Lyst å prøve å lage såpe? Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;) Kategorier
Alle
På sosiale media: Inspirasjon:
Det Grønne Skafferi Minashabitat Skillnadens Trâdgård TanteGronns Hage Hagebonden - Jana Den naturlege hagen Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! Mitt arkiv
august 2026
HAGE-bloggere: |

RSS-feed