En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...
Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!
|
I dag bytta eg egga som Hettie har låge på med dei som er befrukta som kom i posten i går. 16 stk kom, 1 (bf) var ein brist på og 15 andre var heile og fine og godt pakka i spon og kartong . Egga rensa eg så i Brinsea sitt rensemiddel og satte dei med bunnen/luftlomma opp for stabilisering i 24 timer etter reisa. Eg renser alltid sjølv om egga var ganske fine. Vekta var stort sett ok, tre-fire var 4-5 gram under rugeeggvekt men det går nok bra. Her var det no: 3 bielefelder 6 gul/svart orpington 6 porselen/jubilee orpington OBS: om du tenker skaffe deg rugeegg på finn .no, så er det ein god del fjusk der ute så sørg for at du har fått rett rase OG reinrasa om det er det du vil ha. Då skal også eggvekt vere det som er kalla minstevekt på rugeegg for den rasen du har valgt og dei skal vere uvaska men så rein som mulig. Det kan gå med små avvik men det skal vere så nærme som mulig for at kyllingen skal ha plass å snu seg og kome ut av egget når den er fullt utvikla. Eg var ganske heldig begge gongane mine men eg hadde undersøkt ein del i forkant før eg bestilte. ( I det siste har eg har lært frå andre at det er mange som sel rugeegg som ikkje nødvendigvis er kvalitetsegg så undersøk nøye) No er 7 egg lagt i Brinsea Mini Eco Incubator/rugemaskin og 8 egg under Hettie. Byttinga kan du sjå i videoen under her: ![]() Ha en fin hagedag! Klem frå Unni
0 kommentarer
Legg igjen et svar.
Unni skriv......litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016... Min vekes-VLOG-25:
I desse butikkane finn du mine såper:
Dagens reklame :
Lyst å prøve å lage såpe? Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;) Kategorier
Alle
På sosiale media: Inspirasjon:
Det Grønne Skafferi Minashabitat Skillnadens Trâdgård TanteGronns Hage Hagebonden - Jana Den naturlege hagen Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! Mitt arkiv
august 2026
HAGE-bloggere: |

RSS-feed