En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...
Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!
Søta er klukk - Kyllingprosjekt -241/4/2024 Eg trudde jo det var Hettie som skulle legge seg klukk men nei ho har tatt pause frå dette mammalivet tydeligvis. Brått var det Søta som låg ein heil kveld og natt inne i rugekassa på dei kunstige egga eg la der. Men neste dag spratt ho opp og var like blid. Falsk alarm tenkte eg... Det kunne jo vere at sidan ho er så ung og fersk i dette gamet at det kunne gå gale. Men no har ho altså lagt seg til igjen og no ligg ho der med ulmt mammablikk og kakker meg på fingeren om eg prøver å nærme meg. Så blæs ho fjøra opp og hylefreser litt advarande på meg om eg ikkje forsvinn. Ho ligg som i transe og har nok tenkt å ligge der. I går kasta ho faktisk ut det store tre-egget frå kassa....jommen trur eg ikkje at ho avslørte at det er falskt! I kveld la eg inn eit av dei befrukta rugeegga og i morga får eg sjå om det ligg der fortsatt. Om alt går bra får ho 3 egg amrock til som no ligg i rugemaskina og blir varme og gode. Eg har kjøpt 4 amrockegg og 4 blandingsegg. Amrock er litt seine å klekke så dei får ein tjuvstart på ein dag. Så i morga legg eg inn i maskina dei 4 siste som er blandingsegg av Maran/Amrock/Cream Legbar og Welsumer blandt anna. Bilder av egga eg har kjøpt:
![]() Ha en fin hagedag! Klem frå Unni
0 kommentarer
Legg igjen et svar.
Unni skriv......litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016... Min vekes-VLOG-25:
I desse butikkane finn du mine såper:
Dagens reklame :
Lyst å prøve å lage såpe? Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;) Kategorier
Alle
På sosiale media: Inspirasjon:
Det Grønne Skafferi Minashabitat Skillnadens Trâdgård TanteGronns Hage Hagebonden - Jana Den naturlege hagen Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! Mitt arkiv
august 2026
HAGE-bloggere: |

RSS-feed