* Sjarmhagen *
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt

Furubål

SKU: 052-24
NOK 130.00
NOK 130.00
Utilgjengelig
per element

Furubål er ei av dei såpene som ber med seg både natur og minne. Ho luktar som dei stille kveldstimane når ein står ute og kjenner dufta av fersk furu, varm ved, og eit lite hint av røyk frå eit bål som har brent seg ned til glør. Det er aktivt kull i den for dens gode evner... Det er ei såpe som gir ro, men også litt eventyr — som om du tek med deg eit lite stykke skog inn på badet.

Furubål er laga med naturlege oljer, mjuk skum og ei duftblanding som er både frisk og djup. Den har ein varm, treaktig tone som gjer seg spesielt godt på kalde dagar, eller når du treng ei lita jordande stund midt i kvardagen.


Eg lagar Furubål med tanke på dei små augeblikka:

den første kaffikoppen ute i hagen, ein tur i skogen etter regn, eller dei kveldene når vinden står på og ein kjenner kor godt det er å vere inne. Ho er robust, men mjuk. Frisk, men varm. Ei såpe som passar både til hender og kropp — og som luktar som Sunnmøre når naturen er på sitt beste.

Det er ei av dei såpene som alltid får folk til å stoppe opp og seie:

“Åh… dette luktar skog.”


Toppen er pynta med litt aktivt kull og kakepynt for å få fram furubarkfølelsen ;)

Eterisk olje av furu (sjølvsagt ;))

Det seiast at furu eterisk olje skal kunne dempe symptomer på hudtilstander med kløe, rødhet og betennelse, som eksem, akne og psoriasis. Fordi den øker blodsirkulasjonen, har den også en varmende effekt. Furuolje er slimløsende, og kan derfor være fin ved luftveisproblemer som bronkitt, bihulebetennelse og høysnue.


Eg har blanda inn litt Lavendel eterisk olje i denne for å få ei deilig blanding som gjer at denne såpa passer både for han og ho.



Alle såpene har hoveingredienser som du finn her.

  • Facebook
Legg i handlekurv
Proudly powered by Weebly
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt