* Sjarmhagen *
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

havremelk & honning-såpe

1/10/2026

0 kommentarer

 
Bilde
Mi deilige såpe med honning frå Bieprodukter Brattvåg :)
0 kommentarer

Pilekurs med Klara Pil vel gjennomført :)

6/9/2026

0 kommentarer

 
For ei helg vi har hatt her i Sjarmhagen! Eg kjenner meg framleis varm i hjartet og litt sånn småglad i heile kroppen. Vi har hatt besøk av den utruleg dyktige og herlege Klara Pil, og eg må berre seie det: eg anbefalar henne på det aller, aller sterkaste. Ho har ei ro, ho er litt streng, og ho har ei glede og ei kreativ kraft som smittar over på alle rundt henne.
Helga starta med korgfletting frå fredag til laurdag, og det var så kjekt å sjå kor ulike og flotte korgene vart. Alle sat der med konsentrerte fjes, latterkuler innimellom — og den gode kjensla av å lage noko med eigne hender. På søndag var det lyslykt‑kurs, og då vart vi faktisk ein ekstra deltakar også! Ho hadde så lyst å vere med, og sjølvsagt skvisa vi henne inn. Dermed var vi ti stykk, og det gjekk heilt fint — berre endå meir liv og glede i hagerommet. To var i drivhuset, tre var i hagahuken, tre var i teltet vi hadde rigga opp for anledninga, og eg sat under parasollen. Det gjekk litt hardt ut over fingra til tider men vi klarte det!
Og så må eg berre få skryte litt av Kristian: han serverte heimelaga kjeks med ost, og det var så godt at folk nesten gløymde å flette. I tillegg kom den ekstra gule mormonsen, så gul og fin takka vere våre sjølvhaldte høner og dei flotte egga deira. Det er noko heilt spesielt med mat som kjem frå eigen hage og eigen flokk — det gir ei ekstra kjensle av heim og varme.
Veret var meldt dårleg, men vi fekk faktisk solglimt og opphaldsver! Det gjorde heile helga endå koselegare.
Vi sat der blant mine heimesådde planter, med høner som kakla, hanen som gol innimellom, og to søte cavalierar som svinsa rundt — sjølv om dei eigentleg ikkje hadde lov. 

Alle laga så flotte korger og lyslykter, og vi sat der og var såå stolte!
​Det er noko heilt spesielt med slike kurshelger: fellesskapet, kreativiteten, den gode stemninga, og gleda over å lære noko nytt saman. Eg kjenner at dette er ei helg eg kjem til å leve lenge på — og eg håpar vi får til mange fleire slike stunder her i Sjarmhagen 🌿✨
Bilde
0 kommentarer

Kveldspositur

25/8/2026

0 kommentarer

 
Finn en feil.....
Bilde
...Olivia i Ringblomstreane mine!!

Litt morsomt at eg fann dette bildet som er tatt nøyaktig eitt år tidligare:
Bilde
0 kommentarer

Live - kutter såpe :)

19/8/2026

0 kommentarer

 
Eg har fått ein liten idé… Kanskje det er på tide å invitere dykk med live frå Sjarmhagen kvar veke? Små hagegleder, såpelaging, rare påfunn, kvardagsprosjekt, dyr, drivhus, bobil, kaffi og alt det som skjer her ute på neset.
Trur du eg klarer det? Vel… dei som dukkar opp får sjå 😅 Men eg skal i alle fall gjere eit skikkeleg forsøk — og eg håpar du vil vere med.
Trykk gjerne på abonner på Youtubekanalen min, så får du varsel når eg går live, og då kan du bli med i sanntid 🥰🤩
I dag skal eg kutte Furubål‑såpa som eg laga for nokre dagar sidan. Å kutte såpe er ein av dei aller koselegaste tinga eg veit — roleg, mjukt og litt magisk kvar gong.
Velkommen inn i Sjarmhagen‑livet mitt 🌿✨
0 kommentarer

2 ledige plasser på Pileflettingskurs her i Sjarmhagen!

3/8/2026

0 kommentarer

 
​
KORT FORTALT:
I regi HARAM HUSLFIDSLAG vil det i Sjarmhagen arrangerast 2 stk kurs i korgfletting med KURVMAKER KLARAPIL!


OBS: Begrensa plasser og bindande påmelding.
Bilde
INVITASJON:
Hei!
Vi har gleda av å invitere deg til Korgflettekurs. Dette kurset passer for deg som ønsker å lære meir om pilefletting og korglaging. Du kan godt vere nybegynner og undervisninga blir tilpassa deg.

Praktisk informasjon:
Dato: Fredag 4. og laurdag 5.september (12 timer)
• Tid: Fredag kl 17-21 og laurdag 09-17
• Stad: Sjarmhagen i Sjurgarden 3 i Brattvåg
• Kursleiar: Kurvmaker Klara Pil frå Sørlandet!
• Pris: Medlemmer 2100 kr og ikkje-medlemmer 2600 kr – alt inkludert
• Påmeldingsfrist: 4.august
• Bli medlem? Sjå til Haram Husflidslag.

Kva vil du lære?
• Du vil få kunne lage di eiga korg ved hjelp av pileflettingsteknikker.
• Verktøy er å få låne og all pil er inkludert i prisen.
• Ta med deg matpakke på laurdagen, men vi serverer kaffe og te begge dager med kake og heimelaga kjeks.

Meld deg på til Unni på mail [email protected] eller tlf 95088922.
Vår kurslærar skal reise langt så vi må ta betaling av halve kurset innan 4.august.

Det blir også eit minikurs (4 timer)
på søndagen der vi vil lage LYSLYKT. Pris alt inkl. 1000 kr.


Håper dette vil freiste skaperglade mennesker å bli med på! Det er ikkje kvar dag vi får ein korgmaker frå Sørlandet hit til oss så dette er ei sjeldan anledning.
Håper å sjå deg!

Med vennleg helsing,
Unni Myrset
- Studieleiar for Haram Husflidslag

Hvis kurset ikkje blir noko av pga for lite
påmeldte vil all kursavgift bli tilbakebetalt.
Hvis du derimot ikkje kan etter
påmeldingsfristen, beheld vi det til betaling
av flybiletter, kost og losji.
Om det skulle bli skikkelig dårlig ver vil vi
mulig flytte lokasjon, men info vil bli gitt i
god tid.
OBS: KUN 9 PLASSER! 
0 kommentarer

Tadei :)

1/6/2026

0 kommentarer

 
Bilde
0 kommentarer

Vi har fått kyllinger :)

23/5/2026

0 kommentarer

 
Olivia har klekka ut 7 kyllinger denne våren mens vi var ein liten svipptur til Hellas (tjhihi) Våre to huspassere sørga for at alle dyra her hadde det bra. No har vi blandingskyllinger og det blir spennandes å sjå korleis dei blir når dei veks opp. Olivia er Silverudd Blå høne og veldig dedikert til å passe på kyllingane sine. Berre sjå kor søte dei er :)
Bilde
Her har ho lagt seg i rugekassa for kvelden med dei 7 under seg. Eg kom med litt ruccolasalat til dei og det var namnam. Det eg gjer når vi har kyllinger er at eg sperrer av den bakerste rugekassa slik at dei har plass for seg sjølve dei første vekene. No er dei ca 1 veke gamle men Olivia har ikkje villa tatt dei ut av huset sitt enda. No har det blitt dritver så eg er glad dei har plass der inne. Dei kan gå ut av rugekassa og ned inne i eit bur med mat og vann. Ei kasse med sand og jord har dei også fått så dei har og grafse og bade i. Vatnet som dokke ser blir fullt av spon og jord når Olivia grafser alt utover så det må stå litt høgt. Kyllingane kan gå opp på mursteiner som eg har laga til så dei kjem opp. Vatnet blir alikevel fullt av skit så eg er ute minimum 3 gonger om dagen og renser det for dei. No koser mor seg med sine små og lager søte klukkelyder når eg kjem med mat i handa til dei. Håper desse blir tamme og vandt til å handterast for det gjer alt så lettvindt seinare.  Her er nokre bilder til av søtnosane:
Dette må vere enten Dottie sin unge eller Rocky sin...(wyandotte eller Amrock-blanding)
Usikker på denne...ser ut som ei måse :P Den bak er ein Brahmablanding som har vaskebjørnansikt.
Tipper dette er CL blanding.
Her er lillemartina- ein maransblanding som kom ut 3 dager seinare enn dei andre :O
Den store er kanskje Sussexblanding og den lille er faktisk Maransblanding
Denne er ganske stor og berre må vere Brahmablanding.
Eg trur vi har 2 maransblanding (ein grå og ein gul)...2 Creamlegbar blandinger, ein wyandotte eller Amrockblanding og ein reinrasa Silverudd blå  :)
0 kommentarer

Sunnmøre Museum – eg kjem som utstillar! VÅRENS NATUR- OG HAGEMARKED

19/5/2026

0 kommentarer

 
Bilde

Eg gler meg heilt enormt til å vere med på Vårens Natur- og Hagemarked på Sunnmøre Museum!

​Her blir det vårstemning, gode folk, inspirasjon – og sjølvsagt:
heimelaga såper og litt planter frå Sjarmhagen !

Eg tek med handlaga såper med naturlege ingrediensar – Vårdufter, milde fargar og små batchar – Gåvepakker og favorittar frå såpestudioet – Prøvar, smaksprøver (av såpe – ikkje mat 😉) og gode samtalar. Nokre av avleggerane og planter som eg har til overs tek eg og med meg.

No håper vi på nydelig ver og ekte sunnmørsstemning – hageglede, natur, planter og handverk – Masse flotte utstillarar – Perfekt plass for inspirasjon til vår og sommar


📍 Stad: Sunnmøre Museum 📅 Dato: laurdag 30. mai ⏰ Tid: 12.00–15.00

Eg håper du kjem innom og seier hei! Det blir så kjekt å møte dokke
– og vise fram litt av alt eg har laga :)


0 kommentarer

Endelig er eg ferdig med verdas deiligaste såpestudio!

3/5/2026

0 kommentarer

 
Eg gler meg veldig til å bruke det og kjenner nesten at det kriblar i fingrane kvar gong eg går forbi døra. Det er noko heilt eige med å ha ein plass som berre er min, der alt har sin faste plass (i alle fall no i starten, før eg rotar det til igjen). Her inne skal det snart lukte det svakt av såpe, treverk og litt te — akkurat slik eit kreativt rom skal gjere. Eg har fått opp hyller, men forsatt har er eg ikkje sortert alle tinga mine. Det følest nesten som om eg har flytta inn i eit lite eventyrrom.

Så no er det endeleg tid for å ta dykk med inn i det nye såpestudioet mitt — rommet som har gått frå å vere utleige til å bli hjartet i den vesle såpeverksemda mi. Eg håper de vil trivast her inne like godt som eg gjer

0 kommentarer

Olivia er klukk!

28/4/2026

0 kommentarer

 
Olivia har lagt seg klukk og no har ho låge i ei veke allereie. Det vil sei at ho vil ruge ut kyllinger... og no kan jo ho faktisk det sidan vi har hane og sjangsen er stor for at egga er befrukta.
Då venter vi altså kyllinger i veke  20. Eg har lagt nokre ekstra rugeegg i rugekassa sånn i tilfelle... Tvi tvi
Bilde
0 kommentarer
<<Tidligere
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2026 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, drivhuskos, hobbysyssel, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!


    I HAUST FINN DU MEG HER:
    • 17.-18.okt - Kunst og Handtverksmesse Eidet Kulturhall, Vatne
    ​
    • 25.okt - Salsmesse i    Norborghallen, Søvik
     
    • 7.nov - Røde Kors Julemesse på Vatne
    ​
    • 14.nov - Kunst & Handtverksmesse på Haramssenteret, Brattvåg
    ​
    • 29.nov - Julegata i Bygdaparken,  Brattvåg
     


    Min vekes-VLOG-25:

    I desse butikkane finn du mine såper:
    • Haram Husflidslag i Brattvåg
    • Stolt Mat Kafè og Butikk på Sjøholt
    • Mitt eget såpestudio på Synnaland i Brattvåg
    • Lyst å selge mine såper? - Ta kontakt :)
    Bilde

    Dagens reklame :

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    Alle
    Blomster
    Bokashi
    Bokashivæske
    DIY
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gjenbruk
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Hagestue
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Kyllingprosjekt 24
    Kyllingprosjekt 25
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Månedens Video
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr
    Vekas Vlog 2025

    Picture

    RSS-feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Hagebonden - Jana
    ​Den naturlege hagen

    Sjå denne videoen frå The Weedy Garden og kanskje den vil forandre livet ditt!! 
    Picture

    Mitt arkiv

    oktober 2026
    september 2026
    august 2026
    juni 2026
    Kan 2026
    april 2026
    mars 2026
    februar 2026
    januar 2026
    desember 2025
    november 2025
    oktober 2025
    september 2025
    august 2025
    juli 2025
    juni 2025
    Kan 2025
    april 2025
    mars 2025
    februar 2025
    januar 2025
    desember 2024
    november 2024
    oktober 2024
    september 2024
    august 2024
    juli 2024
    juni 2024
    Kan 2024
    april 2024
    mars 2024
    februar 2024
    januar 2024
    desember 2023
    november 2023
    oktober 2023
    september 2023
    august 2023
    juli 2023
    juni 2023
    Kan 2023
    april 2023
    mars 2023
    februar 2023
    januar 2023
    desember 2022
    november 2022
    oktober 2022
    september 2022
    august 2022
    juli 2022
    juni 2022
    Kan 2022
    april 2022
    mars 2022
    februar 2022
    januar 2022
    desember 2021
    november 2021
    oktober 2021
    september 2021
    august 2021
    juli 2021
    juni 2021
    Kan 2021
    april 2021
    mars 2021
    februar 2021
    september 2020
    august 2020
    juli 2020
    juni 2020
    Kan 2020
    april 2020
    mars 2020
    februar 2020
    januar 2020
    Kan 2019
    april 2019
    mars 2019
    juni 2018
    november 2017
    juli 2016
    juni 2016
    Kan 2016
    april 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Blogg
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt