* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Kyllingprosjektet - dag 23 , sistemann ut!

28/5/2023

0 Comments

 
7 søte små blei det av dei 7 siste egga under høna.
1 bielefelder
1 gull/svart randa orpington
5  porselen/jubilee orpington
Resultatet av postordreegga blei det beste vi har hatt hittil på 44% og fordelt slik:
​1 av 4 bielefelder( 1 knust i post og 1 knuste under høna),
1 av 6 gull/svartranda orpington (trur dei fleste ikkje utvikla seg og mulig her var 1 som berre klarte å utvikle seg til ca dag 7-8),
5 av 6 porselen orpington (1 ikkje utvikla) kom ut.  Er lik 7 kyllinger av 16 som er nesten 50% klekk. Eg er kjempefornøgd med det og det er akkurat som eg håpa på. Det å bestille postordre rugeegg er nemlig risikosport så husk å bestille fleire enn du håper på :P
​No er det berre å håpe på at minst 2-3-4 stk er høner ;)
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 22, 5 stk så langt

27/5/2023

0 Comments

 
Å hellandussen er dei ikkje søte vel?
I dag tidlig måtte eg ta høna ut ein kort rask tur ut etter 3 dager konstant på egga. Ho gjorde sitt fornødne ( nokre digre klatter kan du tru!) i full fart og signaliserte at ho ville rett inn igjen og det fekk ho. Men eg fekk tatt bilder av desse 5 nøsta først.....ååååå :*
Ei bielefelder høne! Dei er nemlig kjønnsvisande ved klekk og ein an sjå det på den mørke fargen at det er ei hoe :) Eg er 98% sikker på det :P
Det var berre eitt bielefelderegg som var liv i no på slutten. Eit knust i post, eit knust under høna og eit utan utvikling. Snakk om flaks at ho var høne!
Så har vi ein mørk (fremst) som eg trur er den gullranda og så resten tipper eg er porselen/jubilee orpington <3
Det har pippa hull i eit av dei siste to egga....vi venter i spenning....og krysser fingrane....
Picture
EDIT:
Bildet er tatt kl 11 og seinare på dagen kl 15 kunne eg skimte eit eggeskal til, så no har vi endå ein kylling under høna.
No på kvelden kl 20 såg et at det siste egget (nr 7) hadde pippa hull i det også så tvi tvi! Eg vil ikkje forstyrre meir enn nødvendig så eg har ikkje sett alle sammen enda...det får vente til i morgon for no har dei tatt kvelden<3
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 21 - HURRA!

26/5/2023

0 Comments

 
Jaaa!! Lille kylling har komt ut! Mor er så stolt at det er ikkje måte på. Ho klukker og klukker og steller og stuller. Når eg kjem bles ho seg litt opp men godtek at eg titter litt ekstra under vingen. Eg trur det er ein porselen orpington ganske sikkert og den kom i frå det lysaste egget som pippa hull på i går. Tidlig i dag...ca kl 05:00 våkna eg og måtte sjå på kamera og joda der hørte og såg eg denne lille skapningen allereie var komt ut. No titter han så søtt fram bak vingen til mor.
Seinare denne dagen kom det minst ein til...ein mørk som eg tipper er ein gullranda orpington :D
0 Comments

Nokre hagebilder frå denne veka

26/5/2023

0 Comments

 
0 Comments

Drivhuset i slutten av mai

25/5/2023

0 Comments

 
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 20, hull i egget

25/5/2023

0 Comments

 
Eg skimta eit egg det har pippa hull i :) 
No turte eg ikkje ta ho av egga så ho får mat og drikke på senga.
Picture
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 19 - pip pip?

24/5/2023

0 Comments

 
Eg ser på webkamera at høna har begynt å snakke til egga sine....ho kiker stadig rundt og oppunder seg no. Det er tydelig at ho høyrer dei pipe i egga og dei har sikkert klart å få hull på luftlomma inne i egget så dei kan lage lyd :)
Picture
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 18 - reiret

23/5/2023

0 Comments

 
Det er dag 18 i dag og det betyr lockdown. Ingen snuing av egg frå no. Eg lyser alle for siste gong og tek bort eit. Det stoppa som eg mistenkte utviklinga. Då eg kika inni egget låg der eit embryo som døde på ca dag 7.,,stakkar. 
No skal høna få gjere resten. Eg føler meg sikker på at ho vil vere ei god mor og no har ho 7 egg!
​4-5 dager igjen!
Picture
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 16 - egga beveger litt på seg

21/5/2023

0 Comments

 
Dag 16 
Eg har lyst igjen og det er 8 egg som har tydelig utvikling og bevegelse. 4 i inkubatoren og 4 under høna. Men eg er litt usikker på eit av dei under høna som kanskje ikkje er så utvikla....mulig det har stoppa. Eg får sjekke grundig om eit par dager. ( dag 18 er det nedstenging av rugamaskina for då er det siste fase og dei skal klekke på dag 21)
Eg kan sjå i inkubatoren at egga ligg og rister litt på seg.....utrulig artig. Det er berre ei skjelving men ganske så synlig. Ikkje rart at høna blir ivrig siste fase og begynner å klukke litt til dei :)
0 Comments

Eggleggingskaos :P

21/5/2023

0 Comments

 
Eg har ikkje filma alle scener her men tok nokre små snutter då eg titta på webkameraet mitt i dag. Det er rolig søndag med litt formiddagsregn og då har man tid til sådan :P 
Då Lettie og Dottie var ferdige tok dei eggsangen utanfor så naboane høyrde vil eg tru...hihi.
​
Hettie ligg så stødig på egga fortsatt. Ho har no låge i 3 veker, men sidan egga kom i post så må ho nok ligge ei lita veke til før ho får helse på sine små kyllinger.
Eg har avstengt eit område sånn halvvegs no og ho kjem seg inn og ut men dei andre tør ikje komme inn. Då vil dei nok få kjeft av ei ganske sur Hettie....og så er det det at ting som gjerder o.l. skremmer dei litt frå å komme seg inn. Perfekt! Eg vil ikkje at dei andre knuser eller legg egg der.
No siste veka har eg forberedt meir for å stenge av heilt og hatt på finmaska netting nederst så ikkje kyllingane forviller seg inn til dei andre.
Eg håper at dette vil vere ei smertefri integrering for små kyllinger. Dei bør få nokre dager/veke til å lære seg å flakse og stikke av før vi slepp dei sammen....sånn i tilfelle. Eg tipper Hettie suremor er flink å forsvare dei om det trengst....eg ser ho øver seg på det når ho er ute no om dagen. Ei klukkhøne oppfører seg ganske surt :P


0 Comments

Sendte såper her om dagen :)

18/5/2023

2 Comments

 
Picture
2 Comments

Kyllingprosjektet - akt 6 - klukkhøna må luftast

17/5/2023

0 Comments

 
Sidan Hettie la seg klukk har ho ikkje gått ut og ete eller poopa eller drukke som eg har sett ein einaste gong....frivillig. Standhaftig kan du sei!
Klukkhøner kan faktisk sulte seg i hel fordi dei blir så dedikert til oppgåva og dei er som i transe. Slike høner bør vi for deira eigen del enten avklukke eller la dei få ruge ut kyllinger. Og noken av dei må altså tvangsluftast som mi Hettie.
​Ein gong pr dag, gjerne når det er opplett og varmast på dagen, tek eg ho forsiktig av egga og sett ho ned på bakken. Om eg berre sett ho frå meg inne i huset kan ho bli sittande ei stund før ho "snapper ut av det". Då plutselig rister ho seg, et mat med stor iver, spring ein liten tur, og kanskje til og med sandbader før ho pusser fjøra ordentlig. Det tek alt frå 10 min til ein halvtime og så er ho inne på egga sine igjen.  Om eg ikkje gjorde dette villle ho bli avmagra og kanskje ikkje klart å ta seg av kyllingane ordentlig. Reiret ville og bli skittent av drit og det ville vere både ekkelt og farlig for kyllingane. Her er rugekassa like rein og fin heile tida og ho drit som berre rakkeren den eine gongen ho er ute :P
Ein gong la ho seg på nabo-egga i ei av dei andre rugekassene.....då måtte eg ut og få ho på rett plass og det gikk heldigvis bra. Eg følger derfor alltid med om ho ligg på rett egg før eg slapper av for dagen. Då er webcam utrulig fin ting å ha :)
​
Og til slutt: Gratulerer med dagen :)
0 Comments

#agurkutsikt - nr 7

16/5/2023

0 Comments

 
Har nesten komt ut av tellinga men eg trur eg tok agurk nr 7 (i austvinduet) dag :)
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 10 - mulige grunner til at egg ikkje utvikler seg

15/5/2023

0 Comments

 
I dag er det dag 10.
På tide å sjekke igjen at ingen egg er døde og ligg og forgifter dei som det er liv i. Det resulterte i å plukke ut endå eit frå inkubatoren og eit par under høna. No ser det ut til at dei ikkje har utvikla seg  då det berre var lysegul gugge inni der. Eg sjekker sjølvsagt nøye då mi nysgjerrigheit er stor :P Eit av egga hadde faktisk ei svak men uggen lukt....usj. Kanskje det har vore utsatt for bakterier.
Når et egg ikkje viser noke tegn til vekst (at der er rester av blod/blodårer) kan det vere alle desse grunnane til at det ikkje blir noke:
  • Avlsflokken: ubefrukta pga hane eller høne, mangel på rett næring, sjukdom eller genetisk unormalitet.
  • Bakteriell infeksjon: skitne egg, sprekk i egg, vaska egg som har mista blommehinna.
  • Temperatur: egga har blit for kalde eller varme, var for gamle, feil temperatur i inkubasjonen.
  • Feil oppbevaring: for gamle egg eller for lite ventilasjon
  • Trauma: bumpa av høner, hender eller transport.
Om egga har hatt utvikling kan det også vere andre ting men også desse samme tinga som nevnt ovanfor.

Alt i alt no så ligg 4 egg under høna og 4 egg i inkubatoren som garantert er liv i :))))
No heier vi dei fram og håper at dei alle 8 klekker ut til å bli kyllinger!
Picture
0 Comments

Gaupe i Haram  - heldigvis har vi rovdyrsikra hønsegård

12/5/2023

0 Comments

 
Det er spennande med slike store rovdyr i "nabolaget" Her er gaupa observert bakom fjella. Eg ser på filmen hos Nordre avis (klikk på bildet)  at det kan vere ein hann. Tipper at hoa allereie også er i nærheita sidan han skvetter annakvar meter bortetter. Det kan jo også bety at  han har tenkt å vere her ei stund ... 

Picture
Her må vi rovdyrsikre hønsegården mot oter, grevling, gaupe, mink og mår. Eg har ofte sett oter både til vanns og til fjells her eg bur men minken har eg heldigvis ikkje sett på 20 år. Den største faren for mine høns er vel hønsehauken og andre hunder. Livet kan vere farlig men akk så herlig :)
0 Comments
<<Previous
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2023 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, drivhus, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Blomster
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​

    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    September 2023
    August 2023
    July 2023
    June 2023
    May 2023
    April 2023
    March 2023
    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt