* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Har laga mi tredje såpe :)

21/1/2022

0 Comments

 
Denne gongen valgte eg roseduft og farga den rosa med litt grønt i. Vart ikkje so værst syns eg....
Denne skal vere god mot huda og er for det meste olivenolje, kokosnøttolje og sheasmør. Oppskrifta laga eg meg på soapcalc.net. 
Eg har funne ut at såpene eg lager meg sjølv ikkje tørker ut huda så gale som vanlig "såpe" så heimelaga såpe har komt for å bli :)
0 Comments

Stormsikring ...

20/1/2022

0 Comments

 
Mitt Palram 4,6 kvm drivhus står sin andre vinter på ei treramme oppå altanen. Her er den bolta fast i fire hjørner. I døra har eg øvst bora eit hol i lista der eg sett ein spiker når det er meldt vind. Elles kan faktisk døra stå og slamre litt og lekke meir vind enn nødvendig.
Takluka heldt på å stikke av før forrige storm og heldigvis såg eg det og fekk sikra den fast med ein skru og ein ståltråd i kvart hjørne. 
Fole ka det blæs her på Sunnmøre....
0 Comments

Laga meir bokashi-jord i drivhuset

20/1/2022

0 Comments

 
Hvis du har lyst kan du sjå korleis eg tømmer ei bøtte med bokashi i plantebakkane mine i drivhuset. Slik blir jorda fornya og eg kan så salat og diverse her på våren. Når tempen her inne blir 15 grader eller meir tek det berre nokre veker for det fermenterte kjøkkenavfallet vårt blir til god næringsrik jord.
Ei full bøtte som har fermentert i 14 dager under lokk. Tappekranen har gitt ca eit par desiliter med bokashivæske.
Eg deler innhaldet i to bakker. Her har eg grove ut den eine.
Så blander eg litt med jord før eg dekker til med 10 cm jord frå gamle krukker.
Blander .... det lukter surt og ikkje godt mens eg held på men det er ikkje så gale syns eg.
Ferdig dekka bord til sådlinger på våren. Eg har litt overvintra mangold/spinat i hjørna som fekk stå.
Etterpå grovvasker eg bøtta i snø før eg vasker den og sett den til lufting til neste bøtte trengst.
0 Comments

SNØSTORM! :O

20/1/2022

0 Comments

 
Picture
Våkna til snøkaos i hønsegården i dag. Dei små åpningane som er der har snøen sneket seg inn og laga det litt utrivelig. Måtte møke snø til dei så dei kom seg ut. Deretter måtte dei jo sjølvsagt få litt godis i form av eple og tørka bringebærbuskas. Det vart godt mottatt i tillegg til ny gammal pottejord i minisandbadet.
0 Comments

Eg huska småfuglane!

18/1/2022

0 Comments

 
Glømde jo heilt å vise dette!
Vinterens forråd av heimelaga meiseboller! Det er ikkje for seint om du no blei inpirert til å lage sjølv!
Kvar seinhaust så rydder eg skap og kjeller for alt mulig av gamle frø og korn, nøtter eller rosiner og alt mulig eg måtte ha tilgang på. Så lager eg meiseboller ved å smelte kokosfett (i år blanda eg i mamma og mormors brukte smult frå smultringbaking) og blande i diverse frø og solsikkefrø. Legges så i det eg måtte ha av beholdere og en taubit til å henge opp. Voila!
Husk fugletellinga om 14 dager ;)
Picture
0 Comments

Såddane mine på hobbyrommet i januar

17/1/2022

0 Comments

 
Det veks på hobbyrommet under Cotech-vekstlysrøra frå han clas olsen :) 
0 Comments

Mørkebrune egg :)

17/1/2022

0 Comments

 
Picture
Hettie og Lettie legg mørkebrune egg. Dette er det mørkaste som Hettie legg. Dei er begge Marans som er ei fransk landhønerase. Lettie, den lyse er kanskje litt blanding i men ho legg alikevel tålelige brune egg :)
0 Comments

Ikkje kjøp gjødsel!

16/1/2022

0 Comments

 
Du treng det nemlig  mest sannsynlig ikkje :)
Eg har ikkje kjøpt gjødsel på fleire år no og dermed er det bevist ;)
Kunstgjødsel kjem iallefall ikkje i nærheita mine vekster då det drep min beste medarbeider - makken!
Merk at denne bloggen er mine eigne erfaringer og viten så ver kritisk med alt du les, så er det også sagt ...
​
Den siste pakken eg har er noke rhododendro (hønse-)gjødsel frå nittenhundre og ørten. Det har nokre av mine surjordsplanter fått ca anna kvart år dei siste åra og eg ser ærlig talt ikkje forskjell hverken ei.
No får dei bokashi eller rett og slett berre grasklipp. Går så fint atte.
Nei kjøp ikkje gjødsel -tiss heller på ei kanne som Maria i Molde og Sarah Bäckmo i Sverige har undervist på Youtube om i mange år. Det funker!
Lag kompost  av hagens avfall  og alt visna, grasklipp, og det du måtte ville bli kvitt av hekk og buskas
No har eg jo i tillegg fått meg høner som du ikkje kunne unngå å få med deg :)
Så då er sirkelen komplett :D
Picture
Drivhuset....håper det står i stormen som herjer ute....
0 Comments

Sand-jord-aske-støvbading

9/1/2022

0 Comments

 
Picture
Goldie turte å gå over den "kvite lavaen" for å ta deg eit etterlengta bad :)
0 Comments

Litt stemning i januar

8/1/2022

0 Comments

 
0 Comments

Januar...

7/1/2022

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Kva et hønene?

6/1/2022

0 Comments

 
Hønene mine et fullfor frå Felleskjøpet som heiter Fryd. Dei har ete "Fryd Kylling", så "Fryd Vekst", så no "Fryd Egg". Eg blander faktisk Vekst og Egg for tida då ikkje alle har starta å legge egg. I tillegg gir eg dei skjellsand med østerskjell. Då finn dei fram sjølv til den mengda dei treng av det. 
PS! Eg er ikkje sponsa men overlet utregning av næringsstoff til dei som kan det best ;)




Godbiter??

Picture
Mange gir hønene sine matrester, mais og eller tørka melormer. Det må eg innrømme at det gjer eg og av og til MEN eg gir dei ikkje store mengder. Det er nemlig viktig at dei får i seg i  hovedsak  fullforet  sitt. Det har alle næringsstoff som dei treng. Gir du dei mykje anna vil det lett bli ubalanse i næringa dei treng. Det kan resultere i alt mulig rart frå fedme, vitaminmangel, rare egg til sjudommer. Derfor passer eg på at eg ikkje gir meir enn "ei  spiseskjei  ca anna kvar dag" av anna type mat. Men dei får ete så mykje gras og innsekter dei får tak i.

Underhaldande aktiviteter

Spesielt i vintertida er det viktig at hønene har noke å tusle med om dagane. Når snøen ligg på marka og dei ikkje har lyst ut å gå så bør dei ha noke å gjere på så ikkje dei snur seg til nabohøna og begynner å kjekle og krangle og hakke. Eg heng opp kål og   rotgrønnsaker  så dei må halde på ei stund for å få tak i godsakene. Dei får tørka bringebærbusker, fryste rognebær og anna snacks opphengt. Dei får epler (utan frø) på stikker eller ståltråd. Av og til heng vi opp fuglematblokker så dei har noke å henge fingrane i. Her og der er der skjuleplasser/kopper med fullfor eller noke anna snacks.


Smaker høna??

Visste du at høner ikkje har så god  smakssans som oss?
Vi har ca 9000 smaksløker og høner berre 350. Så....då kan du tenke deg at kanskje det ikkje er sååå nøye på kva dei stapper i seg?

I tillegg så har dei ikkje mjuk tunge og spyttproduksjon....slik som oss....så korleis  nyter  dei maten? Neppe lenge ;)
Nei dei stapper fort i seg og svelg det med si skarpe tunge som kun har ein bevegelse...att og fram, for å få maten ned i halsen og vidare i kroa si.
Er det då lurt å gi så mykje godsaker til dei?
Nope! Heilt unøvendig faktisk. Eg har testa det og berre sjå sjølv om du har høner. Kaster du ein neve fullfor på graset og roper TUUUPPA TUUUPPPA så hiv dei seg over det som om det var  godbiter like godt som om det var den finaste mais eller melorm. Om eg gir dei frå handa mi så kaster dei seg over meg og handa og slest om å få ete mest.

Sant skal seiast.....eg har sett dei virke absolutt meir begeistra for blåbær, men kven liker ikkje  synet av den deilige blå bæra?? :D 
Det med å gi godbiter er altså mykje tilvendt læring. 

Så har du høner så  lønner det seg absolutt å fore dei med det beste for dei, fullfor :)

​

Østerskjell eller eggeskal?

Det er ikkje lurt å gi eggeskal til eggleggande høner. Grunnen er at dei får for mykje kalsium for fort og kan få nyreproblemer då dei blir nødt til å skilje ut kalsium av nyrene alt for mykje og fort på ein gong. Der er nemlig allerie raske kalsiumkilder i foret dei får for eggleggande høner. Det er mykje bedre å gi dei østersskjell og skjellsand, der litt og litt kalsium i passe mengder frå STØRRE biter vil avi seg i kråsen når den blir romstert der inne i denne   muskelmagen   sin om natta når dei treng det for å lage ferdig egget i dei mørke timer. Om man alikevel vil gi knust eggeskal så bør det iallefall giast utanom foret i egne behaldere så dei sjølve "velger" det dei "trenger".


Kilder:
The Chicken Chick (nederst på sida hennar finn du kildene fra forskning!)
The Chicken Chick 
Økologisk Norge
0 Comments

Kor kaldt har hønene det i huset sitt?

5/1/2022

0 Comments

 
Det lurte eg på då eg skulle starte med høner.
No har eg lest meg opp frå øst til vest og meiningane om kva som er rett er mange og sikkert nok til å lage krig av og har eg hørt :O
Men etter nøye funderinger landa eg på eit hus på 3,5 kvm til ca 6-9 høner. No har eg 6 store høner så dei genererer kanskje litt varme sjølv i lisjebua si.
Det er isolert men ikkje tett. Luka står åpen heile dagen frå kl 8:30 no på mørkaste vinteren (9:30 i helgene) og til 16:30 ish Men dei går inn når det mørkner....altså no inne før kl 16. Eg kjem til å utvide tida med ca ein halvtime pr 14 dag framover no mot lysare tider.
Huset har to ventiler på kvar side og ikkje heilt hundre prosent tett alle stader ved dørene. Dette er fordi det er så viktig at der er god lufting. Elles samles ammoniakk og støv seg i lufta som kan gjere dei sjuke. Eg bruker nemlig djup-strø-metoden (deep litter method) (taille) som er det å kompostere inne i huset og det skaper også litt varme. Strøet eg bruker då er sagflis og det fungerer topp til no. Det må vere tørt der inne og ein må tilføye karbon/strø gjevnlig. Dei grafser litt i det sjølve men eg vender også på det slik at det komposterer og ikkje ligg og lukter/blir fuktig.
SÅ då til spørsmålet. Eg er jo livredd for at dei skal fryse men samtidig så trur eg dei ikkje har godt av for stor temperaturforskjell inne/ute. Mine høner vil nemlig vere ute stort sett heile dagen. Dei går ut og inn som dei vil. Dei går inn for å ete og grafse litt og legge egg. Ellers er dei ute heile dagen. Då har dei område under huset til sandjordbad og skygge/lun, og utegården består av løv/strå som eg plukker fri frå skit eg ser. Men dei grafser såpass i det heile tida at det virker som om det er ganske fritt for skit. Ja og SÅ til spørsmålet. Eg har på ei frostvakt frå Biltema som tåler litt støv/fukt. Men passer den gjevnlig slik at den ikkje støver ned. Den står på absolutte minimum og då klarer huset å halde minimum 10 grader uansett kor kaldt det er ute. Her er jo stort sett 5 grader om vinteren men kan i perioder ligge på rundt 0 + - . Det har vore ei kaldeperiode på -7 ei vekes tid og det er jo det kaldaste det blir stort sett da. Så ja, 10 grader minimum inne i huset ser iallefall ut til at mine unghøner trives veldig godt og no legg dei egg, fem av dei til no iallefall :)

Picture
0 Comments

Hønsegjødsel frå egen produksjon -ja fra hønene altså

4/1/2022

0 Comments

 
To never rein hønseskit i ei murerbøtte  med vatn skal visst vere supert etter eit døgn. No samler eg nok til meg sjølv og andre som bur rundt her som kanskje vil ha.
Hyl ut om du er ein som vil ha så får du eit par never med meg :)
Eg skal så tynne dette skitskumle vatnet med ca 3 deler meir vatn før eg gjødsler plantene. Dette blir spennandes å sjå utover året....
0 Comments

Frø - så - liste - 2022

4/1/2022

0 Comments

 
Det er jo sjølvsagt for tidlig å så men klok av skade gjer eg det alikevel. No har eg dessutan kjøpt inn ekstra plantelys (fra Clasohlson) så no skal det bli! Eg er nemlig så lei av at det kan bli august før sommerblomster og anna blir noke av. 

Planen er som følger:
  • Så inne og driv det fram på badegolvet i des/jan til det spirer
  • Ha dei så på kaldt hobbyrommet med det samme det spirer så dei ikkje bli lange og slentrete
  • Flytte ut i drivhuset i mars/april og då med varme. Eg bruker timer og Mill Wifi adapter i kombo med Jula/biltema sin anslut billige byggvarmer :)
Kva sår eg? Klikk på "Read More" under her:

Read More
0 Comments
<<Previous
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2022 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, mest SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​
    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt