* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Kyllinger 5-6 dager gamle

30/6/2021

0 Comments

 
Søte små nøster
Huff som dei har skjete seg ut :O
Klar for vask!
Sånn...d var bedre....slitsomt.....zzzz
Sa du noke?
0 Comments

Dag 23: Rugeeggprosjektet nesten 40% klekk :)

26/6/2021

0 Comments

 
Nesten 40% klekk er vel ikkje så verst når en tenker på at egga blei sendt i post og at dei eldste var ca 1 veke gamle. No er eg(g) spent på kor mange høner det er av desse 7 små :))) Det kan eg prøve å sjå om ein dag eller to når fjøra på vingane starter å vekse. Akkurat no er det berre dunklumper heile gjengen.

I går kveld kom den siste halvvegs ut av egget og dei 3 siste låg i Brinseamaskina/inkubatoren til morgonen. I dag er alle sammen samla i kassa med hønemor/varmeplate. Desse første dagane får dei tisselaken som underlag og så har dei vann og kyllingfor. Det er alt dei treng dei første dagane av livet.
0 Comments

Dag 22: God morgen lille kylling :)

25/6/2021

0 Comments

 
I natt hørte eg at det blei litt piping ei stund så då skjedde nok første lille under og "nr4" har komt seg ut frisk og fin! Då brukte h*n 1,5 døgn ca på å komme seg ut frå han pippa hull første gong. Det var jo til og med i feil ende men det ser ikkje ut til å gjere noke med denne lille friskingen.
No har også "nr 6" komt seg ut enda han pippa hull først seint i går kveld så h*n er ein kjapping :)
Her er søtnosane:
Slik såg egg "nr4" ut i går kveld før eg la meg. Hullet vart dobbelt så stort plutselig etter at det hadde vore stille i eit døgn.
Titt titt "nr4"
Hei på deg "nr6". Du var rask ut av egget ditt i natt :)
Trøtte typer skal få kvile og tørke godt inne i inkubatoren ei stund til.
No skal dei få kvile i inkubatoren mens dei andre jobber seg i veg ut av egget. Som du ser er dei enda så ferske at dei er våte og dei treng no å tørke og kvile. No når egga har åpna seg ser det viktig å ikkje åpne inkubatoren unødvendig då fukta inni er avgjerande for at dei ikkje tørker ut og stivner i prosessen.

Eg(g) liker inkubatoren som er trygg og litt trang, akkurat som under vingane til hønemor. Eg slår minst mulig på lyset no så dei får ro og ikkje blir unødig urolige. Dei treng ikkje mat på eit par døgn då dei nett har absorbert plommesekken inn i magen via "navlestrengen". Eg kan sjå at magen er rund og god og mett. Er det ikkje heilt fantastisk smart?
Egget....min nye helt!
0 Comments

Dag 21: fire stk har pippa hull

24/6/2021

0 Comments

 
Picture
Det har ikkje skjedd noke spesielt meir med "nr4" men hullet er litt større. Ellers har det komt tre hull i tre egg til :)
0 Comments

Dag 20 og egg "nr4" har pippa hull i kveld

23/6/2021

0 Comments

 
Picture
Egg nr 4 er først til å pippe hull i egget....desverre i feil ende. Dvs den kan få det tøfft med at den skal kunne komme seg ut på egen hand. I den andre enden er nemlig luftbobla.... jaja vi får sjå kva som skjer. Det kan vere mange grunner til dette....kanskje den er for stor (for varmt eller for fuktig) og ikkje klarer å snu seg (har eg lest ein stad)...fortsettelse følger.
0 Comments

Dag 18 -rugeegga sin lockdown-dag

21/6/2021

0 Comments

 
Picture
I dag på dag 18 har eg flytta dei 7 orpingtonegga i Briseamaskina for klekking. No skal dei ligge heilt i ro så kyllingen klarer å orientere seg opp/ned. No skal fuktigheita opp til ca 75 % og no framover kan eg ikkje åpne maskina. Kyllingane inne i egga var synlige når eg lyste igjennom egga og eg såg dei bevega seg. No har dei starta å bevege på sjølve egget også, eg kan sjå dei riste litt av og til. Kjempeartig :D
Det er like før dei bryt gjennom luftbobla og starter å puste sjølv, då vil eg høyre piping også :D
Når dei klekker skal dei fortsatt vere i inkubatoren i eit til to døgn før eg tek dei ut. Dei treng ikkje mat dei neste to døgna då dei har i siste innspurt før dei bryt ut absorbert heile eggeplomma full av mat inn i magen sin via navlestrengen :D
Her er heile greia, ikkje stor, akkurat passe. Det er trangt under hønemor sine vinger også. Dei vil i tillegg få det litt mørkt når dei skal kvile seg, men eg vil kunne sjå dei godt i denne kule inkubatoren. Tvi tvi!
Her beveger dei seg litt alle sammen :)
Maran og Wyandotteegga ligg i lånte fjær (Hemel) Dei treng ca 14 dager til.
Kjøpte meg ei god bok :) Har allereie lest mykje i ho og den liker eg veldig godt!
Språk og adferdsbiologi (etologi) er godt dekka....mitt favoritt-tema! :D
Luna sovna av kjedomheit.....men eg lurer på...er det ein hanekam eg ser ???
0 Comments

Rugeegg prosjektet: woopsie....fleire egg

17/6/2021

0 Comments

 
Eg(g) er litt redd for å få kun 1 - 2 høner ut av egga til slutt så dermed blei det plutselig meir eggsomt i rugemaskina :P
3 Wynadotte (sølv sortrandet) og 3 Maran (blå og svart kobber og splash farge). Dei kjem frå søre Sunnmøre og sånn tilfeldigvis da så var eg der ein tur... ;)
Dette blir i såfall to raser som passer godt i eit rolig hobbyhønsmiljø sammen med Orpingtons som dei første egga er av. Desse to siste rasene blir også rimelig store men er rolige og har eit vennlig vesen og er lite flygedyktige.

PS! Det er fortsatt 7 levande egg av Orpington som er i rugamaskina. Det er dag 14 i dag og det er 4 dager igjen til dei skal i "lockdown" for utklekking på dag 21.
Då tenker eg å legge dei 7 i den lille Brinseamaskina og fortsette med dei nye i Hemelmaskina. 
​
0 Comments

Rugeegg-prosjektet: trist post, 6 stk mindre i rugemaskinene

13/6/2021

0 Comments

 
Ikkje det at det kom som ei overrasking akkurat, men trist er det jo. Eit egg som eg hadde lyst gjennom og funne befrukta har gått av med eggedøden. Sånt skjer ofte i rugeprosessen og spesielt med tilsendte egg i post. I dag på dag 10 tok eg dette ut sammen med 5 til som mulig var ubefrukta eller veldig tidlig døde. Lat att augene om du ikkje orker å sjå eggedød, her kjeme bilder:

No har eg 7 eg meiner er befrukta. 2 i Brinsea og 5 i Hemel-maskina.
Eg beheld i nokre dager til dei 5 eg er ganske sikker på ikkje er noke levande i, men ... berre for å vere sikker.
Her ser ein tydelig ein ring av blod, det er et dårlig tegn. Det betyr at dei fine blodårane som det levande embryoet hadde ei lita stund seig utover mot kanten etter at den døde av ein eller annan grunn.
Her er frå andre sida. Hvis eg skal tippe så trur eg kanskje det har med at luftbobla (i bunnen) var salforma som du ser av bildet. Det skal den ikkje vere og kan meget mulig ha komt av ristelser i postgang.
Slik såg egget ut inni. Blommen var heilt blaut.
Her er eit som var befrukta men ingenting meir skjedde...
Mulig denne også var befrukta då vi ser litt som kan ligne blodrester.
Denne hadde ingenting i. Kanskje ubefrukta? Blomma fekk litt folder då eg knakk egget ut...
Tja....ikkje godt å seie kva denne var for noke....
Ein merkelig svart prikk fann eg i denne.
Ein tallerk med mislykke....huffa meg. Men ingenting går til spille, dette blei god gjødsel til mine Squasjplanter (grov det ned i jorda rundt).
0 Comments

Hønsehuset snigler seg fram

10/6/2021

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Egg gjennomlysning

8/6/2021

0 Comments

 
Eg(g) har gjennomlyst egga eit par gonger og det viser seg at vi har 8 egg som ser ut som der er eit fint lite embryo i. Desverre ser dei andre heilt ubefrukta ut(men kanskje dei var det) ... mulig to av dei har vore påbegynt men dei har slutta på eit veldig tidlig stadium. Der ser eg nemlig ei blodrand på, men veldig utydelig. Det å få tilsent egg i posten er visst litt risikosport så eg får vere glad om berre desse 8 egga av dei 18 kan klare heile vegen fram til kyllingen :)
Egglyseren eg bruker er fra Brinsea og det ser ca slik ut når en lyser gjennom dei (dag 5) :
Picture
Rugemaskin nr 2 Hemel
Vanskelig å vise på bilde men her er det liv
I denne "lyspæra" er det ikkje liv, du ser kun blommen og luftbæra til høgre.
Her er det liv ja. Eg ser til og med kyllingfosteret bevege seg og auga er svart.
0 Comments

Rugeegg - då er vi i gang

3/6/2021

0 Comments

 
No håper eg at eg har gjort dette rett :P
10 egg i den lånte og 8 egg i den lisje Brinseamaskina. Då er det berre å vente i 19 dager før det er slutt på vendinga og dei skal starte å klekke.
0 Comments

Egga har komt!

2/6/2021

0 Comments

 
Tre dager i posten og like heile :)
No er dei desinfisert og klare til å kvile seg over natta før dei skal inn i rugemaskina. Då har det gått 8 dager sidan dei første 4 vart lagt.
Sjå alle dei ulike nyansane av lysebrune egg:
Tre nysgjerrige damer måtte inspisere pakken :P
Dei kom i kasse, bobleplast, eggekarton og tørkepapir. Fint pakka for reisa. Her har dei fått ny seng for natta:
0 Comments

Klekke ut kyllinger fra rugeegg - forberedelse

1/6/2021

0 Comments

 
As we speak er 18 rugeegg av rasen Buff(gul) Orphington på veg i posten fra Bergen!
EG(G) har kjøpt meg ein pakke med start-utstyr fra Avdem og i tillegg lånt meg ei god og gammaldags rugemaskin. Den nye lille er fra Brinsea (Mini Eco 2 manuell) og en gamle er ein Hemel.
Dette blir spennandes!
No er det vaska og desinfisert, satt opp i ein krok av hobbyrommet, og klart som EGGET til å ta i mot befrukta EGG som kanskje er her i morgon. Tvi tvi!
Picture
0 Comments
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2022 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, mest SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​
    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt