🌿 Miljøgode og mjukgjerande såper – handlaga i Sjarmhagen
Kvar einaste såpe eg lagar er rørt saman heilt frå grunnen av, med nøye utvalde og fuktgivande oljer: økologisk jomfru olivenolje, økologisk kaldpressa kokosolje, sheasmør, kaldpressa ricinfrø(castor)olje – og deilige eteriske oljer som gir både duft og gode eigenskapar.
Kvar såpe er heilt unik. Ingen blir heilt like, men alle er laga for å vere milde, mjuke og gode mot både hender og kropp.
📏 Storleik og vekt
Såpene varierer litt i form og fasong, men ligg rundt 2,5 × 7 × 7–8 cm. Dei veg minst 100 gram (ofte rundt 110 g). Sidan alt er handlaga, kan såpene vere bittelitt annleis enn på bilda – og det er akkurat det som gjer dei sjarmerande og ekte.
🎁 Liten bonus til deg
Kjøper du 3 eller fleire såper i nettbutikken, legg eg med ei lita gåve som takk.
Og handlar du for 700 kr eller meir, får du fraktfritt med rabattkoden:
⭐ GRATIS700

🌿 Slik får du mest mogleg glede av såpa di
For at såpa skal vare l e e e n g e, er det lurt å la ho ligge på ei såpeskål som drenerer godt. Då får vatnet renne bort etter bruk, og såpa får tørke mellom kvar vask. Det gjer ein stor forskjell – både for levetida og for konsistensen.
Såpene mine kan brukast på heile kroppen, og dei gir ei mjuk og god kjensle på huda. Vaskar du hendene ofte, så vil du merke at dette er mykje snillare mot huda enn vanleg “butikk‑såpe”.
Eg har brukt desse såpene sjølv i fleire år no, og eg kjem aldri til å gå tilbake til noko anna. Her i huset blir hendene vaska ofte – det blir slik når ein driv med hage, hundar og høner – og då er både mjukgjerande effekt og berekraftig metode heilt nødvendig.
Handlaga såpe er rett og slett ein liten luksus i kvardagen som både huda og naturen set pris på.

🌿 Trygge, gjennomtenkte og handlaga såper
Såpene mine er trygge å bruke både på hender og kropp. Eg utviklar alle oppskriftene mine med hjelp av SoapCalc.net, som gjer at eg kan berekne riktige forhold mellom oljer, lut og fuktgivande eigenskapar. Når eg jobbar med eteriske oljer, brukar eg EOcalc for å sikre trygge og balanserte blandingar. Eg har gått kurs hos Formula Botanica for å lære meg det grunnleggande og god produksjonspraksis. For å selge såper er såpene mine er sertifisert hos kjemiker og registrert hos mattilsynet/EU, det må eg sjølv om eg kun har dette som hobby!
Før eg laga mi aller første såpe i 2021, brukte eg nesten eit heilt år på å lære meg faget: eg tok nettkurs, las bøker, studerte oppskrifter og såg utallige lærevideoar på YouTube. Året etter fekk slekt og venner smaken på mine såper – og sidan då har eg berre fortsatt å lære, teste, feile, lykkast og utvikle meg.
Såpelaging er eit fag med uendelege moglegheiter, og det er nettopp det som gjer det så spennande. Kvar batch er ein liten kombinasjon av kunnskap, kreativitet og glede – og eg elskar å dele resultatet med dykk.

🌿 Lyst å prøve å lage såpe sjølv?
Om du har lyst å kaste deg ut i såpelaginga, så kan eg varmt anbefale Aromateket, Der finn du det meste du treng – gode råvarer, fine fargar og utstyr til ein fornuftig pris.
Brukar du min lenke, så støttar du samtidig arbeidet mitt her i Sjarmhagen. Det set eg stor pris på.
Vil du ha 10 % rabatt på ditt første kjøp, så har eg ein eigen kode til deg: (link)
🌿 Meir nyttig info for deg som vil lære
Micafargar: Aromateket har Datablad for micafargar som er naturlege og trygge å bruke i såpe. Perfekt om du vil lage vakre, fargerike batchar.
Eteriske oljer og urter: Dei har også masse god informasjon om eteriske oljer, urter og bruksmåtar. Verdt å lese om du vil lage såper med både duft og virkning.
Kva er naturleg såpe? Alveland her.har eit flott og forståeleg svar på dette – og dei lagar også gode såper sjølve. Anbefalt lesing for alle som er nysgjerrige på ekte, handlaga såpe.