* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Kyllingprosjektet - snart vaksne... (3 mnd)

15/8/2023

0 Comments

 
0 Comments

Kyllingprosjektet - Ungdommer i duskregn

8/8/2023

0 Comments

 
Ungdommane har blitt store....no er dei over 10 veker. I over ei veke har dei no gått inn frivillig FØR luka har lukka seg for natta, og alle vagler seg. Puhh! Eg vil nemlig ikkje at dei søv i rugekassene eller på bakken for då blir både dei og egga skitne. 

Gutane, iallefall ein av dei 3 sei kykkeliky no og då. Eg må sei at lyden er behagelig på desse store og rolige gutane. Dei vekte meg kl 7:20 i dag når luka gjekk opp men det er faktisk berre så vidt eg høyrde det. Lyden er djup og tromboneaktig,...om eg skulle beheldt ein hane så er det han her. (trur det er han mørkaste)
Ellers ser du midt i bildet lille store gullranda orpingtonhøna. Ho som trengde ei heil veke på å lære at ho måtte vagle i staden for å sove i rugekassa.
"Rypa" (bielefelderhøna) sitt nærmast til høgre på bildet.
Lysaste poselenhane sitt til venstre med mørkaste bakerst og poselenhønene mellom dei. Siste hane sitt bak Rypa.
Picture
0 Comments

Kyllingprosjektet - 6 veker, mulig det er 4 hønekyllinger?

8/7/2023

0 Comments

 
Eg begynner å tru at det av 7 er 4 hønekyllinger og 3 hanekyllinger. Det er tydelig iallefall 3 hanekyllinger men eg har lenge vore usikker på den fjerde. Håper og trur no at det er høne men en veit vel sjeldan med opringtons...dei er ofte seine i utviklinga så vi får sjå vi får sjå.
Hønemor er fortsatt beskyttande og flink med dei men i går la ho faktisk sitt første egg sidan ho la seg klukk så då er ho i gang igjen etter ca 3,5 mnd.
Picture
0 Comments

Kyllingprosjektet - litt over 5 veker

4/7/2023

0 Comments

 
Eg har ei stund no tippa 3 høner og 4 haner av desse 7 kyllingane våre. No er dei raske og skvaldrande og oppfører seg som små høner og haner. Eg ser dei 3 hønene oftare sammen og spesielt bielefelderen ser ut som ei lita høne allereie. Det er artig å sitte å sjå på dei....hanane her meir høgreiste og har større bein og kam og med raude hakelapper
​Hønemor Hettie er fortsatt dedikert og forsvarer dei med heile kroppen sin om ho må. Lettie og Dottie jager ho unna om dei prøver seg men digre Gulla og Gloria er ganske frekke med ho og skal alltid ha først, då må ho bukke under og gå ein annan stad. Ellers er det heldigvis fred og fordrageligheit i hønsegården. Vi har hatt nydelig ver omtrent heile juni og midtsommers blir det ikkje mørkt her hos oss. Alle hønene har derfor vore litt vanskelig å få inn om kvelden. Den siste veka har dei heldigvis begynt å gå inn sjølv utan at eg må inn og jage på dei :P
Picture
0 Comments

Kyllingprosjektet - 4 veker små raptorer

25/6/2023

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Kyllingprsjektet - kyllingane 2 veker

13/6/2023

0 Comments

 
Ei lita kyllinghistorie... litt drama blandt damer.... og koselig kyllingliv...
og så held vi på med hagearbeid med litt hagekos. Pappa bygg videre på drivhuset :)
0 Comments

Kyllingprosjektet - kyllingane 1 veke gamle

4/6/2023

0 Comments

 
Hønemor koser seg ute og viser dei verda. Her er det litt action frå dei siste par dagane og dei er 1 veke gamle alle sammen. Kyllinger er ganske tøffe må eg sei...hønemor trakker av og til uheldigvis på dei og dei hopper langt for å følge mor. Her er det sandbading og matleit samt møte med vaksne høner på agendaen.
Dei andre hønene har no sett dei ei heil veke gjennom gitteret i huset og det går utrulig bra når dei møtes ute. Eg passer dei når dei er ute no som dei er så små. Katter , hunder og ikkje minst skjæra berre sitt og venter på sitt snitt så her må vi vere forsiktige når dei er så små. Men dei har begynt å pile raskt rundt og med mange små gjøymestader i hagen er oddsa på deira side. Om eit par veke er dei store nok til å vere med mor åleine små stunder av gongen.....men enn så lenge passer vi på. 
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 23 , sistemann ut!

28/5/2023

0 Comments

 
7 søte små blei det av dei 7 siste egga under høna.
1 bielefelder
1 gull/svart randa orpington
5  porselen/jubilee orpington
Resultatet av postordreegga blei det beste vi har hatt hittil på 44% og fordelt slik:
​1 av 4 bielefelder( 1 knust i post og 1 knuste under høna),
1 av 6 gull/svartranda orpington (trur dei fleste ikkje utvikla seg og mulig her var 1 som berre klarte å utvikle seg til ca dag 7-8),
5 av 6 porselen orpington (1 ikkje utvikla) kom ut.  Er lik 7 kyllinger av 16 som er nesten 50% klekk. Eg er kjempefornøgd med det og det er akkurat som eg håpa på. Det å bestille postordre rugeegg er nemlig risikosport så husk å bestille fleire enn du håper på :P
​No er det berre å håpe på at minst 2-3-4 stk er høner ;)
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 22, 5 stk så langt

27/5/2023

0 Comments

 
Å hellandussen er dei ikkje søte vel?
I dag tidlig måtte eg ta høna ut ein kort rask tur ut etter 3 dager konstant på egga. Ho gjorde sitt fornødne ( nokre digre klatter kan du tru!) i full fart og signaliserte at ho ville rett inn igjen og det fekk ho. Men eg fekk tatt bilder av desse 5 nøsta først.....ååååå :*
Ei bielefelder høne! Dei er nemlig kjønnsvisande ved klekk og ein an sjå det på den mørke fargen at det er ei hoe :) Eg er 98% sikker på det :P
Det var berre eitt bielefelderegg som var liv i no på slutten. Eit knust i post, eit knust under høna og eit utan utvikling. Snakk om flaks at ho var høne!
Så har vi ein mørk (fremst) som eg trur er den gullranda og så resten tipper eg er porselen/jubilee orpington <3
Det har pippa hull i eit av dei siste to egga....vi venter i spenning....og krysser fingrane....
Picture
EDIT:
Bildet er tatt kl 11 og seinare på dagen kl 15 kunne eg skimte eit eggeskal til, så no har vi endå ein kylling under høna.
No på kvelden kl 20 såg et at det siste egget (nr 7) hadde pippa hull i det også så tvi tvi! Eg vil ikkje forstyrre meir enn nødvendig så eg har ikkje sett alle sammen enda...det får vente til i morgon for no har dei tatt kvelden<3
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 21 - HURRA!

26/5/2023

0 Comments

 
Jaaa!! Lille kylling har komt ut! Mor er så stolt at det er ikkje måte på. Ho klukker og klukker og steller og stuller. Når eg kjem bles ho seg litt opp men godtek at eg titter litt ekstra under vingen. Eg trur det er ein porselen orpington ganske sikkert og den kom i frå det lysaste egget som pippa hull på i går. Tidlig i dag...ca kl 05:00 våkna eg og måtte sjå på kamera og joda der hørte og såg eg denne lille skapningen allereie var komt ut. No titter han så søtt fram bak vingen til mor.
Seinare denne dagen kom det minst ein til...ein mørk som eg tipper er ein gullranda orpington :D
0 Comments

Kyllingprosjektet - dag 20, hull i egget

25/5/2023

0 Comments

 
Eg skimta eit egg det har pippa hull i :) 
No turte eg ikkje ta ho av egga så ho får mat og drikke på senga.
Picture
0 Comments

Orker du å ete din egen kylling?

23/4/2023

0 Comments

 
Det er snart den tida på året då vi vil få kyllinger og mange har spurt meg om korleis eg klarer å ete min egen kylling....ja for det blir jo en del hanekyllinger som vi ikkje kan ha her i boligfelt.

Det er egentlig eit veldig rart spørsmål syns eg, 
Orker du å ete din egen kylling?
Vel kvifor skulle det vere ekkelt? Eg forstår kvar det kjem i frå men tenk no litt ekstra på dette:

I butikken får du kjøpt kyllingfilet. Den kjem faktisk frå ein kylling som har levd sitt liv.
Korleis har den hatt det?
Korleis har min kylling hatt det?
Vil eg ete den kyllingen eg trur har hatt det beste livet? Ja!
Det er veldig enkelt å svare på det for meg :)


Om du må kjøpe din kyllingfilet...
I desse tider legg mange kyllingbønder om drifta ved å endre kyllingtype til Hubbard som er litt lettere enn Ross308.
Hubbard treng litt meir tid, to veker, på å bli kyllingfilet men då viser forskning i norge at:
  • dem har 23% mindre sjukdom sjølv om den er 2 veker eldre før slakt
  • den er eit par hundre gram større
  • den er 58 % mindre sjuk og dermed kassert på slakteri enn annan norsk kylling
  • den har mindre ligge- og svi-skader
  • den har klart bedre hjertehelse pga saktere vekst
Og så til eit fantastisk skue:
Prisen for å produsere Hubbard er dyrere og det går saktere. MEN...på grunn av dei gode helsetala så...  DET LØNNER SEG! Er ikkje det fantastisk?
​
Vil du lese meir om dette kan du for eksempel stikke innom VG 4.april her.
og du...PS! Rema1000 har Solvingekylling hvis du ikkje er så heldig å ha dine egne å ete ;)

0 Comments

Utvide hønseflokken i 2023 - Planen

24/2/2023

0 Comments

 
I 2023 er hønene våre 2 år.
Dei kjem til å legge mindre egg frå ca 3 års alder så derfor vil eg utvide flokken bittelitt. Planen er å la ei eller to bli klukk når det vårast ute slik at ho kan ruge ut egg og ta på seg all barneoppdragelse og beskyttelse sjølv. Som dokke veit å gjorde vi alt dette sjølv i 2021 på hobbyrommet.... Å ta seg av kyllinger er koselig men litt arbeid og masse STØV!
Eg kjem til å kjøpe meg befrukta rugegg for å legge under høna når ho blir klukk. Blir ho ikkje klukk av seg sjølv vil eg oppfordre ho til  å bli det ved å la (kunstige) egg ligge att i rugekassa så ho lettare blir trigga til det.

Å la hønene oppdra kyllinger sjølv gir mange fordeler:
  • høna gir dei varme
  • viser dei kor mat og drikke er
  • lærer dei å grafse, finne mat, støvbade osb
  • beskytter dei
  • sosialiserer dei ovanfor andre
Picture
Planen er å la ho gjere dette i hønsehuset sammen med dei andre. Slik vil dei andre hønene bli vandt til dei små og forhåpendtligvis vil då ingen hakke på nykommarane og dei vil bli godt sosialisert i flokken. Hønemor vil beskytte dei men for å vere heilt sikker tek vi visse forhandsregler:
  • I hønsehuset si innerste rugekasse stenger vi av med kompostgrind/ hønsenetting der mor får eget babyrom for seg og sine små mens ho ruger og den første veka.
  • Hønemor vil der føle tryggheit i at ho er sammen med dei andre men i ein beskytta mørk krok og  finne ro.
  • Dei andre hønene kjem ikkje til for å legge fleire egg i samme klynge som dei befrukta egga. Slik held vi kontroll på kva som kan bli kyllinger av og dei slepp å krangle om den beste rugeplassen og komme til å knuse egga.
Andre fordeler å gjere det på denne måten er at ein slepp at utøy og sjukdom kan følge med kyllinger eller høner man må kjøpe. Eg vil helst ta alle forhandsregler for at mine skal halde seg midd og lusefi og sjukdomsfrie så lenge som mulig. 
I tillegg til den klukke rugehøna har eg ei lita Brinsea rugemaskin til 7 egg som eg kjem til å bruke samtidig. Det kan jo hende at ei høne ikkje klarer å ruge ut egga sjølv fordi ho er uerfaren eller eit eller anna skjer....då har eg denne backupløysinga. Ikkje minst fordi eg syns det er så spennandes og da, hihi. 
Når kyllingane har klekka (må vere nyklekt og helst mindre enn 3 dager) så smyg eg dei berre ubemerka inn under høna hvis ho ligg der enda. Man bør gjere det i skyminga og bakfrå under vingen slik at ho lettare godtek kyllingane. Går ikkje det så har eg også ei Brinsea-hønemor-varmeplate om eg må oppdra dei sjølv.  Ein bør jo vere forberedt om uventa ting skjer. Men nå håper eg planen min vil fungere og at vi får 2-3 høner til i flokken vår. Sjølvsagt kjem det nok halvparten haner så det må man ta høgde for.....dei blir nok middagsmat som sist når dei begynner å bli store. Sånn er livet....
​
Når ein kjøper rugeegg som skal bli sendt med posten må ein regne med at klekkprosenten blir mindre. Vi fekk sist 10 kyllinger (6 høner og 4 haner) av totalt 24 egg. Denne gongen vil eg satse på 12 egg sidan eg ønker meg 2-3 høner til. 
No gjenstår det berre å sondere markedet for å finne rugegg frå erfarne og seriøse oppdrettere. som kan å sende egg.  Det eg ønsker meg er fortsatt store godslige høner som dei eg har.
Eg må ho begrense meg men på ønskelista står:
  • Orpington (anna farge enn gul som vi har. Meir trygge og sosiale høner fins ikkje!)
  • Faverolle (stor og fin med ikkje for mykje fotbefjæring)
  • Wyandotte (Dottie er muligens litt einsam, stødig eggleggar)
  • Cream Legbar (ikkje så stor men stor nok og dei legg turkisblå egg!!)
  • Silverudds Blå (stor nok og legg grønne egg!!)
  • Marans (blå eller svart, for dei nydelige mørke egga!) 
  • Barnevelder (rolig fin rase har eg hørt)
  • ....forslag?
0 Comments

I kveld reiser siste hanen ...

27/11/2021

0 Comments

 
Endelig fekk eg solgt en hane! !

Takka vere Facebook-jungeltelegrafen så fekk eg ei snill dame i Tennfjorden til å skysse hanen nedover E6 i morga tidlig. Enden på reisa blir ein koselig gård i Vågå der han skal bu med mange damer. Er han ikkje heldig?? Eg er så glad for at iallefall ein av mine 4 haner fekk ein heim. 

Det er jo ikkje greit å ha ein hane her i boligfelt der folk skal kanskje ha skiftarbeid og middagskvil. Eg har lovt naboane å ikkje ha hane så dei treng ikkje å bli vekt i tide og utide ;)
Men når man skal ruge ut egg så er det jo slik at 50 % muligens blir av det andre kjønnet så slikt må en regne med.

Dei siste par vekene har hanen øvd seg på sin kylleliko så no var det på høg tid. 
Han er jo berre heilt nydelig og sånt eit behagelig vesen, snill, god med hønene og passer på dei, og vakker å sjå til er han og....reveenka-mannen vår <3 
Picture
0 Comments

Hane i vin

2/10/2021

0 Comments

 
I dag har vi takka ekstra godt for maten <3
Denne hanen levde livet lykkelig inntil ein forskriftsmessig gjort hendelse i garasjen i duskmørket i går kveld. I dag....nydelig!
0 Comments
<<Previous
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2023 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, drivhus, SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Blomster
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Grønnsaker
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​

    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    September 2023
    August 2023
    July 2023
    June 2023
    May 2023
    April 2023
    March 2023
    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt