* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Slik går no dagan....i februar på hobbyrommet og i drivhuset - og varmelyset mitt :)

25/2/2023

0 Comments

 
0 Comments

Hjelp til varme i kaldt drivhus

24/2/2023

0 Comments

 
I kveld prøver eg ut ein metode for å hindre frost inne i drivhuset.
Det er meldt 1 grad men ser ut til å bli minus 1....
No er det ein halv minus ute og det er ein plussgrad inne..... Jo ja....kanskje det funker :)
Midt på gulvet har eg  satt eit gravlys(60 timers)  i ei terrakottapotte med ei  anna over. Litt glipe for luft av strikkepinne og ståltråd eg fann. Den øverste potta er god og varm og den nederste kald. Ser greit ut ;)

Edit: Det virker litt er min konklusjon Kaldaste i natt inne i drivhuset var 0 grader og ute var det minusgrader...usikker på kor mange for eg glømde sjølvsagt resette den. Men tipper minus 2 for det var ganske frossent rundt her i dag tidlig. SKal teste dette vidare :)
0 Comments

Februar.....og det ustabile veret!

24/2/2023

0 Comments

 
0 Comments

Utvide hønseflokken i 2023 - Planen

24/2/2023

0 Comments

 
I 2023 er hønene våre 2 år.
Dei kjem til å legge mindre egg frå ca 3 års alder så derfor vil eg utvide flokken bittelitt. Planen er å la ei eller to bli klukk når det vårast ute slik at ho kan ruge ut egg og ta på seg all barneoppdragelse og beskyttelse sjølv. Som dokke veit å gjorde vi alt dette sjølv i 2021 på hobbyrommet.... Å ta seg av kyllinger er koselig men litt arbeid og masse STØV!
Eg kjem til å kjøpe meg befrukta rugegg for å legge under høna når ho blir klukk. Blir ho ikkje klukk av seg sjølv vil eg oppfordre ho til  å bli det ved å la (kunstige) egg ligge att i rugekassa så ho lettare blir trigga til det.

Å la hønene oppdra kyllinger sjølv gir mange fordeler:
  • høna gir dei varme
  • viser dei kor mat og drikke er
  • lærer dei å grafse, finne mat, støvbade osb
  • beskytter dei
  • sosialiserer dei ovanfor andre
Picture
Planen er å la ho gjere dette i hønsehuset sammen med dei andre. Slik vil dei andre hønene bli vandt til dei små og forhåpendtligvis vil då ingen hakke på nykommarane og dei vil bli godt sosialisert i flokken. Hønemor vil beskytte dei men for å vere heilt sikker tek vi visse forhandsregler:
  • I hønsehuset si innerste rugekasse stenger vi av med kompostgrind/ hønsenetting der mor får eget babyrom for seg og sine små mens ho ruger og den første veka.
  • Hønemor vil der føle tryggheit i at ho er sammen med dei andre men i ein beskytta mørk krok og  finne ro.
  • Dei andre hønene kjem ikkje til for å legge fleire egg i samme klynge som dei befrukta egga. Slik held vi kontroll på kva som kan bli kyllinger av og dei slepp å krangle om den beste rugeplassen og komme til å knuse egga.
Andre fordeler å gjere det på denne måten er at ein slepp at utøy og sjukdom kan følge med kyllinger eller høner man må kjøpe. Eg vil helst ta alle forhandsregler for at mine skal halde seg midd og lusefi og sjukdomsfrie så lenge som mulig. 
I tillegg til den klukke rugehøna har eg ei lita Brinsea rugemaskin til 7 egg som eg kjem til å bruke samtidig. Det kan jo hende at ei høne ikkje klarer å ruge ut egga sjølv fordi ho er uerfaren eller eit eller anna skjer....då har eg denne backupløysinga. Ikkje minst fordi eg syns det er så spennandes og da, hihi. 
Når kyllingane har klekka (må vere nyklekt og helst mindre enn 3 dager) så smyg eg dei berre ubemerka inn under høna hvis ho ligg der enda. Man bør gjere det i skyminga og bakfrå under vingen slik at ho lettare godtek kyllingane. Går ikkje det så har eg også ei Brinsea-hønemor-varmeplate om eg må oppdra dei sjølv.  Ein bør jo vere forberedt om uventa ting skjer. Men nå håper eg planen min vil fungere og at vi får 2-3 høner til i flokken vår. Sjølvsagt kjem det nok halvparten haner så det må man ta høgde for.....dei blir nok middagsmat som sist når dei begynner å bli store. Sånn er livet....
​
Når ein kjøper rugeegg som skal bli sendt med posten må ein regne med at klekkprosenten blir mindre. Vi fekk sist 10 kyllinger (6 høner og 4 haner) av totalt 24 egg. Denne gongen vil eg satse på 12 egg sidan eg ønker meg 2-3 høner til. 
No gjenstår det berre å sondere markedet for å finne rugegg frå erfarne og seriøse oppdrettere. som kan å sende egg.  Det eg ønsker meg er fortsatt store godslige høner som dei eg har.
Eg må ho begrense meg men på ønskelista står:
  • Orpington (anna farge enn gul som vi har. Meir trygge og sosiale høner fins ikkje!)
  • Faverolle (stor og fin med ikkje for mykje fotbefjæring)
  • Wyandotte (Dottie er muligens litt einsam, stødig eggleggar)
  • Cream Legbar (ikkje så stor men stor nok og dei legg turkisblå egg!!)
  • Silverudds Blå (stor nok og legg grønne egg!!)
  • Marans (blå eller svart, for dei nydelige mørke egga!) 
  • Barnevelder (rolig fin rase har eg hørt)
  • ....forslag?
0 Comments

Krukketomater og diverse under vekstlys

23/2/2023

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Bifftomatane veks under vekstlys på litt kaldt rom....

22/2/2023

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Nytt prosjekt i 2023

22/2/2023

0 Comments

 
Ein hage er jo stadig i forandring....
Kan du gjette kva som er årets prosjekt?
Eg kan avsløre at den nederste delen har mur og den øverste har glas...

Følg med .... følg med...
Picture
0 Comments

Sammenligning av kjøpeegg og heimeegg

19/2/2023

0 Comments

 
Det er fortsatt lite eggproduksjon her så eg måtte kjøpe egg ... økologiske sjølvsagt med tanke på dyrevelferd :)
Artig å sjå da at våre heimeegg er så mykje gulare plomme.
​Her er Lettie sine 3 egg og Prior sine 7 økoligiske:
Picture
0 Comments

Gratulerer med dagen mødre <3

12/2/2023

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Drivhuset i februar -23

12/2/2023

0 Comments

 
Ingen spinat spiring enda..
Ruccola spirer!
Diverse vintersådde foran en overvintra Rosmarin og nellik
Nellik
Rosenkål gjer stas på navnet sitt
Rosenkål og nysådd ruccola og spinat og asia
Overvintra litt stusselig bladpersille og nysådd koriander
Ganske dau blodbeger...
vintersådd solsikke og kornblomst
Mulig daudt sitrontre...
purreLØK
Tja..
0 Comments

Lurt å ha oversikt frå stuevinduet

11/2/2023

0 Comments

 
Vi har webcam også berre for å sjå at alt er ok når døra har gått igjen og alle 6 sitt pent på plass. Men dei treng uansett fysisk tilsyn eit par gonger pr dag. Det er ikkje noke problem når vi har dei så tett på. Og så er det jo så spennandes å sjå etter egg!! :))
​Lukt? Nope, det kjenner du kun om du sniffer inne i huset. Vi kan stikke på hyttå eit par dager men vi er ikkje lengre unna då enn 25 min om det er noke. Skal vi vere vekke lenger så har snille naboer sagt at dei vil passe dei for oss <3 Forbøtta varer i 5-6 dager og vann har dei i 2-3 dager(i tillegg har dei andre små vannautomater).
0 Comments

Det gror ...

5/2/2023

0 Comments

 
0 Comments

Kva liker du? .....hage, høner, såper?

3/2/2023

0 Comments

 
Eg berre lurer på .... dokke som er innom her....

    Kva liker dokke best å sjå her inne?

SEND INN
0 Comments
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2022 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, mest SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​
    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt