* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Sertifisert/ Godkjent såpeprodusent for salg

7/1/2023

0 Comments

 
Ein ting eg har oppdaga som såpekokar :P er at om ein vil selge såper må ein registrere seg og "sikkerhetsgodkjenne" produkta. Det gjeld alle kosmetiske produsenter anten det er meg på kjøkkenbenken eller store importører. Ja forstå det den som kan....selge lefser du putter inn i kroppen er ok, men smører du noke utanpå huda så er det superstrenge regler.
​Det kjem til å koste flesk også :O
Men når det er sagt...eg vil jo at folk skal vite at produkta mine er trygge å bruke, her er det nemlig en god desj kjemi og etsande stoffer om en ikkje gjer det rett.
Eg er no i prosessen med å få mine såpeoppskrfter sikkerhetsklarert av kjemiker så eg kan bli registrert og få selge såper....lovlig.

Lurer du på korleis ein går fram i ein slik prosess så kan eg gi deg nokre tips her da dette  ikkje er noka bønn...ein må gjennom det. Som vanlig deler eg av mine notater og læresaker, men obs, spør i grupper for såpelaging om vegen å gå då eg er fortsatt under opplæring. Link til  ei god gruppe: "Såper og miljø".

Ansvarlig:
Du må ha eller vere sjølv ein ansvarlig for produkt og prosess:
Frå Mattilsynet: Responsible person (ansvarlig person, RP)

Lover og foreskrifter:
Fra Lovdata: Forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukter
Fra Lovdata: Lov om kosmetikk og kroppspleieprodukt m.m. (kosmetikklova)

Registrering:
Krav om registering i  Mattilsynet: registrering.
Skjema «importør/produsent av kosmetikk og tatoveringsprodukter» - må vere innlogga Mattilsynet

Man må ha kvalifisert kjemiker/ selskap for :
  • Sikkerhetsrapportdokument
  • Sikkerhetsvurdering
  • Produktiformasjonsdokument
Hva_er_et_produktinformasjonsdokument
Hva menes med produktets sikkerhetsrapport

EU:
Man må melde registrering i den europeisk databasen CPNP.
Kosmetiske_produkter_skal_meldes_inn_i EU


0 Comments

Egghistorikk - året 2022

4/12/2022

0 Comments

 
Då har vi fått eit egg annakvar dag i desember og kanskje det begynner å ta seg opp igjen etter ei pause. Marans har ikkje gitt egg på 1,5 mnd og orpington har hatt ei pause på 1 mnd. Det er trulig berre Dottie, Wyandotten vår som har lagt egg i november.  Ho var nesten 10 mnd!! før ho starta å legge egg i år. Til høgre ser dokke oversikta over egglegginga i år. Det er virkelig deilig å vere sjølvforsynt med deilige ferske egg. I høgsesongen har også slekt og naboa også fått egg med oss. Håper vi kan gi bort nokre til neste høgsesong og. Til våren er planen å skaffe 6 rugeegg når ei av hønene blir klukk. Det blir spennande å sjå om vi då kan få ei høne eller to til :)
Picture
Picture
0 Comments

Ikkje kjøp gjødsel!

16/1/2022

0 Comments

 
Du treng det nemlig  mest sannsynlig ikkje :)
Eg har ikkje kjøpt gjødsel på fleire år no og dermed er det bevist ;)
Kunstgjødsel kjem iallefall ikkje i nærheita mine vekster då det drep min beste medarbeider - makken!
Merk at denne bloggen er mine eigne erfaringer og viten så ver kritisk med alt du les, så er det også sagt ...
​
Den siste pakken eg har er noke rhododendro (hønse-)gjødsel frå nittenhundre og ørten. Det har nokre av mine surjordsplanter fått ca anna kvart år dei siste åra og eg ser ærlig talt ikkje forskjell hverken ei.
No får dei bokashi eller rett og slett berre grasklipp. Går så fint atte.
Nei kjøp ikkje gjødsel -tiss heller på ei kanne som Maria i Molde og Sarah Bäckmo i Sverige har undervist på Youtube om i mange år. Det funker!
Lag kompost  av hagens avfall  og alt visna, grasklipp, og det du måtte ville bli kvitt av hekk og buskas
No har eg jo i tillegg fått meg høner som du ikkje kunne unngå å få med deg :)
Så då er sirkelen komplett :D
Picture
Drivhuset....håper det står i stormen som herjer ute....
0 Comments

Hønsegjødsel frå egen produksjon -ja fra hønene altså

4/1/2022

0 Comments

 
To never rein hønseskit i ei murerbøtte  med vatn skal visst vere supert etter eit døgn. No samler eg nok til meg sjølv og andre som bur rundt her som kanskje vil ha.
Hyl ut om du er ein som vil ha så får du eit par never med meg :)
Eg skal så tynne dette skitskumle vatnet med ca 3 deler meir vatn før eg gjødsler plantene. Dette blir spennandes å sjå utover året....
0 Comments

Frøposer

23/8/2020

0 Comments

 
Tida er komen for å samle frø...
klikk på bildet så frå du forklaringa på korleis du bretter slike poser :)
Picture
Picture
Picture
0 Comments

Drivhuset 13.mai :)

13/5/2020

0 Comments

 
Sånn ser det ut i dag :)
Petunia...no er det liiiike føøøør :D
Mnmnmnm
Squasjen furter litt enda...gule blad betydde denne gongen ikkje for lite gjødsel en for mykje vanning i det store og heile. Grunnen til at eg ser det no er at eg gjødsla bra uten at det blei bedre. Den hadde rett og slett fått for mykje vatn og sturte. Hadde det vore lite gjødsel som var grunnen så hadde den mest sannsynlig fått gule såblad også(dei to første).
Agurkane derimot må få meir gjødsel....
Litt morsomt da.....Ally liker salaten min så godt at ho går og småjafser innimellom. No må eg begynne å passe på så ho ikkje et den opp :P
Så må eg vise den siste hylla vi snekra i hop av ei rekfjøl med basttråd:
Picture
Sånn at det er ingen tvil så er det mest kos med hund i drivhuset ;)
​Og alt blir dokumentert i drivhus/hagedagboka :)
0 Comments

Note to oneself

8/5/2020

0 Comments

 
Husk styrketrening av armane etter jul.... hvis ikkje får du lett senebetennelse i begge armane.... :(
0 Comments

Drivhusdagbok :)

15/4/2020

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Pottebenk!

8/4/2020

0 Comments

 
I dag fekk eg endelig min bestilte pottebenk så endelig fekk iallefall nokre av kornblomstane og cosmos nye og større potter. 
Vifteomnen er installert så ikkje vi frys i hel, meg og plantene.....skal tru om dette funker så kaldt som det blei.... I morga er det meldt enda kaldare og det kjem til å bli ca 2 grader på det kaldaste dei neste nettene....brrr.....håper vi overlever.....
0 Comments

Det grønne skafferi

23/3/2020

0 Comments

 
Eg blir so inspirert av Maria i Molde som vlogger om "Det grønne skafferi"!
I desse coronatider har ho måtta avlyst sine kurs og derfor tenkte eg at eg ville støtte opp om skafferiet hennar og bestille meg nokre frø her: SOLHATT ØKOLOGISK FRØ.
Dei kom lynkjapt etter eit par dager og no blir det straks endå fleire grøne spirer er i huset :)
Picture
0 Comments

Halv pris med kompostavtale!

23/7/2016

0 Comments

 
Ein annan fordel med å ikkje fylle alt i søppla er at det...jo...faktisk blir mindre søppel!!

No har eg endelig fått meg kompostavtale med kommuna :)

 Det vil seie at eg berre betaler ca halv pris og leverer kun ein gong i mnd (det var anna kvar veke frå 2016-2019). Det fungerer heilt fint berre eg ikkje gløymer bossdagen da.... ;)
Eg har kjøpt inn ein ekstra sekk berre sånn i tilfelle krise men det blir faktisk såpass mindre boss no enn før vi starta plastinnsamling og ikkje minst no med bokashi at dette absolutt ikkje er eit problem i vår husstand - sjølv med hybelboer i kjeller!

På bildet ser du at vi fekk ny dunk heilt gratis og sånn plutselig ein dag...med grått og fint lokk som viser at vi har kompostavtale :)


​No skjøner er eigentlig ikkje kva du venter på....

...START BOKASHI !

​

Her er linker til meir info:
Årim.no
Årim.no/kompost

Priser i Haram
Bilde
0 Comments

Start!

31/5/2016

0 Comments

 
Så starter vi vår første bøtte!
Begynner med litt strø i bunn, mest ved senter i bøtta. Rista nederst i bøtta har eit handtak som du ser i midten av første bilde. Det fylde med eit svart stappeverktøy til å trykke godt ned avfallet til slutt for å bli kvitt mest mulig luft.
​Så...då er det berre å vente ein dag eller to på neste lag...og slik skal vi fortsette i 14 dager eller til bøtta er full.
1. Strø i bunn
2. Fyll på eit lag med avfall
3. Strø på eit fint lag
4. Stapp godt og legg på lokket
0 Comments

Installering!

30/5/2016

0 Comments

 
Her skal det vere lettvindt og tilgjengelig så Kristian sager ut hylla så det vil passe under vasken.
Ved sida av så står ei isboks med lett lokk som vi legg avfallet i først. Det gjeld å ikkje lette på lokket på Bokashien for ofte.  Max ein gong pr dag og ikkje alltid kvar dag heller vil eg tru her i huset.

Ei rosa drikkeflaske vart super å ha strø i. Då er det lettvindt å strø og den er luft-tett. Bokashistrøet lukter litt surt/godt/friskt.
0 Comments

Så kom bøttene i posten...

30/5/2016

0 Comments

 
​Dette ser spennandes ut syns Ally. To bøtter og tre pakker strø er nok til å starte prosjektet. Det kosta ca 1400kr på bokashinorge.no og eg syns dette ser lovandes ut. Gleder meg til å prøve!
0 Comments
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2022 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, mest SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​
    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt