* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Gaupe i Haram  - heldigvis har vi rovdyrsikra hønsegård

12/5/2023

0 Comments

 
Det er spennande med slike store rovdyr i "nabolaget" Her er gaupa observert bakom fjella. Eg ser på filmen hos Nordre avis (klikk på bildet)  at det kan vere ein hann. Tipper at hoa allereie også er i nærheita sidan han skvetter annakvar meter bortetter. Det kan jo også bety at  han har tenkt å vere her ei stund ... 

Picture
Her må vi rovdyrsikre hønsegården mot oter, grevling, gaupe, mink og mår. Eg har ofte sett oter både til vanns og til fjells her eg bur men minken har eg heldigvis ikkje sett på 20 år. Den største faren for mine høns er vel hønsehauken og andre hunder. Livet kan vere farlig men akk så herlig :)
0 Comments

Kyllingprosjektet akt 4 - lyse egg

9/5/2023

0 Comments

 
I dag er det dag 4 og då kan man lyse egga for å sjå om der er liv.
Såvidt ser eg no blodårer og ein dott i midten som ein edderkopp så her er det liv i 6 av 7 egg i inkubatoren. Eg skal lyse egga til Hettie litt seinare då dag 4 er litt tidlig og det er såpass lyst ute at det er vanskelig å sjå utan at ein er i eit mørkt rom.
​ Det lysaste egget er dersverre tomt og mulig ubefrukta og slik er det berre av og til. Har du lyst å sjå sist eg lyste egg kan du titte på denne bloggposten frå i forfjor.
Picture
Bilde lånt frå Omlet, dag 5
0 Comments

Kyllingprosjektet akt 3 - bytter egga

5/5/2023

0 Comments

 
I dag bytta eg egga som Hettie har låge på med dei som er befrukta som kom i posten i går.
16 stk kom, 1 (bf) var ein brist på og 15 andre var heile og  fine og godt pakka i spon og kartong .
Egga rensa eg så i Brinsea sitt rensemiddel og satte dei med bunnen/luftlomma opp for stabilisering i 24 timer etter reisa. Eg renser alltid sjølv om egga var ganske fine. Vekta var stort sett ok, tre-fire var 4-5 gram under rugeeggvekt men det går nok bra. Her var det no:
3 bielefelder
6 gul/svart orpington
6 porselen/jubilee orpington


OBS: om du tenker skaffe deg rugeegg på finn .no, så er det ein god del fjusk der ute så sørg for at du har fått rett rase OG reinrasa om det er det du vil ha. Då skal også eggvekt vere det som er kalla minstevekt på rugeegg for den rasen du har valgt og dei skal vere uvaska men så rein som mulig. Det kan gå med små avvik men det skal vere så nærme som mulig for at kyllingen skal ha plass å snu seg og kome ut av egget når den er fullt utvikla. Eg var ganske heldig begge gongane mine men eg hadde undersøkt ein del i forkant før eg bestilte. ( I det siste har eg har lært frå andre at om ein person har eit firma og sel mange sorter raser er det ikkje alltid eit godt teikn for kvalitetsegg...)

No er 7 egg  lagt i Brinsea Mini Eco Incubator/rugemaskin og 8 egg under Hettie.
​Byttinga kan du sjå i videoen under her:
0 Comments

Kyllingprosjektet akt 2 - Rugeegg i post

1/5/2023

0 Comments

 
Då har eg kjøpt befrukta rugeegg av gul/ svartranda orpington, porselen orpington og nokre bielefelder :)
Kryss fingrane for at postgangen går forsiktig men raskt frå sør til nord.
Hettie ligg pal enda på sine tomme egg og eg har i tillegg rigga meg til med ei ekstra lita rugemaskin i tilfelle mange av egga ikkje blir utvikla slik dei skal. Mykje kan skje i postgang og egg kan jo også vere ubefrukta. Sannsynlig blir det halvparten haner så vi satser på at 16 egg totalt kan bli passe å prøve på. 9 til Hettie og 7 til våre lille Brinsea Mini Eco rugemaskin. Målet til slutt er 4 høner. 
​Sist vi prøvde blei 24 egg (frå 2 forskjellige) til 4 haner og 6 høner.
0 Comments

Drivhusprosjektet akt 2 - graving og forskaling

1/5/2023

0 Comments

 
Drivhustomta blir nordaust hos oss. Det er her vi er og tru det eller ei, her er det lunt fordi det er mellom husa og hekken og det er litt lavt i terrenget. Drivhuset skal stå med kort-endane mot vest og aust. Vi har ikkje all verda stor plass så det må stå i østre ende og med døra vendt mot vest. 
Vi har valgt forskalingsstein fra Altvedt for å sleppe å forskale ved støypinga nedom det som skal bli teglmuren over mark. Eg vil ha jordgulv med sand og stein oppå , samt jordbed på kvar side inni men plass å sete og jobbe :)
Her er nokre bilder frå prosessen utgraving og forskaling der pappa er sjef, eg nestkommanderande og Joakim undersått med Kristian som overoppsynsmann. Vi starter med eit før-bilde:
0 Comments

Kyllingprosjektet akt 1 , Klukkhøne

28/4/2023

0 Comments

 
Det blir spennandes tider framover no....
Det er vår og Hettie har låge i rugekassa heilt pal sidan i går midt på dagen. Ho har låge der heile natta og ligg der enda :)

Dette betyr at ho har blitt klukk og det er bra for vi vil ha kyllinger!
Det at ei høne er klukk betyr at ho vil bli mor. Ho ligg pal på egga, bles seg litt opp og ser stivt foran seg som nesten i transe. Kanskje ho vil kakke deg på fingeren og frese til deg om du prøver å ta egga hennar for dei vil ho no beskytte med heile seg. Ho bli liggande til kyllingane pip i egga på dag 21 og vil ut. Då vil ho begynne å svare dei med sine klukk klukk klukk -lyder og ta på seg morsrolla, oppdragelse, beskyttelse med stor innlevelse. 

Vi har jo ikkje hane og dermed ikkje befrukta egg. Så no skal eg forte meg å få tak i befrukta rugeegg og legge dei oppunder ho. Så vil eg ta bort dei to kunsige egga og sitt eget og Dottie sitt som ho ligg på no. Eg vil merke egga så eg er sikker på at dei andre ikkje kjem og lager trøbbel. Muligens også skille ho av slik at ho får fred og ro. Eg må passe på at ho går av egga minst ein gong om dagen for å ete, drikke og kanskje rekke eit sandbad før ho legg seg til att.
Picture
Hettie er ei blå kobberhalsa høne av landhønerasen Marans frå den franske byen med same namn.
0 Comments

Hønepøner i vårsol

26/4/2023

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Orker du å ete din egen kylling?

23/4/2023

0 Comments

 
Det er snart den tida på året då vi vil få kyllinger og mange har spurt meg om korleis eg klarer å ete min egen kylling....ja for det blir jo en del hanekyllinger som vi ikkje kan ha her i boligfelt.

Det er egentlig eit veldig rart spørsmål syns eg, 
Orker du å ete din egen kylling?
Vel kvifor skulle det vere ekkelt? Eg forstår kvar det kjem i frå men tenk no litt ekstra på dette:

I butikken får du kjøpt kyllingfilet. Den kjem faktisk frå ein kylling som har levd sitt liv.
Korleis har den hatt det?
Korleis har min kylling hatt det?
Vil eg ete den kyllingen eg trur har hatt det beste livet? Ja!
Det er veldig enkelt å svare på det for meg :)


Om du må kjøpe din kyllingfilet...
I desse tider legg mange kyllingbønder om drifta ved å endre kyllingtype til Hubbard som er litt lettere enn Ross308.
Hubbard treng litt meir tid, to veker, på å bli kyllingfilet men då viser forskning i norge at:
  • dem har 23% mindre sjukdom sjølv om den er 2 veker eldre før slakt
  • den er eit par hundre gram større
  • den er 58 % mindre sjuk og dermed kassert på slakteri enn annan norsk kylling
  • den har mindre ligge- og svi-skader
  • den har klart bedre hjertehelse pga saktere vekst
Og så til eit fantastisk skue:
Prisen for å produsere Hubbard er dyrere og det går saktere. MEN...på grunn av dei gode helsetala så...  DET LØNNER SEG! Er ikkje det fantastisk?
​
Vil du lese meir om dette kan du for eksempel stikke innom VG 4.april her.
og du...PS! Rema1000 har Solvingekylling hvis du ikkje er så heldig å ha dine egne å ete ;)

0 Comments

Årets første agurker hausta i april!

23/4/2023

0 Comments

 
Agurknytt:   #agurkutsikt

VEST: hobbyrommet....ein som er klar om nokre dager
AUST: eg tok ein i dag, dei andre er små enda.
SØR: eg tok den største og der er to til som er klare om nokre dager!​
0 Comments

Gloria øver seg.....

11/4/2023

0 Comments

 
Gloria øver seg på å bli mamma....ikkje klukk enda men snart håper eg....
Picture
0 Comments

Krokusen....dagen før rådyra åt dei :P

10/4/2023

0 Comments

 
Picture
0 Comments

Drivhuset summer og surrer etter snøfall i går kveld

7/4/2023

0 Comments

 
0 Comments

6.april....årets siste snøfall? #agurkutsikt

6/4/2023

0 Comments

 
#agurkutsikt i østre vindu
Picture
0 Comments

Huset vårt

27/3/2023

0 Comments

 
Picture
Omtrent om et år ... på denne tida.....i kalde mars....
skal eg sitte varmt ..... omtrent her.... inne i mitt nye drivhus....og beundre huset mitt.... 
​ i vårkvelds-sola ...
0 Comments

Bli med ut i snøen å hente egg da :)

23/3/2023

0 Comments

 
Direktesent på Facebook i går og litt redigert utgave i dag. 
0 Comments
<<Previous
Forward>>
    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2022 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, mest SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Drivhusprosjekt 23
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Klukkhøne
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Kyllingprosjekt 23
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Minashabitat
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​

    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    May 2023
    April 2023
    March 2023
    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt