* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Goldie forlot oss :(

1/3/2023

0 Comments

 
Siste 2 bilda av våre 3 gule orpington samla og alle 6 på vagla om kvelden ... <3
No har eg skaffa meg ei ny erfaring.....huff eg skulle gjerne ikkje hatt den for no er vår kjære fine Goldie død. Stakkars ho har nok hatt det vondt dei siste dagane og desverre var eg dum som ikkje klarte å hjelpe ho eller bestemme meg fort nok til å avslutte livet hennar. Men sånn er livet....man må av og til lære på den harde måten. 
​                                                                                                                Les meir...det blei en lang bloggpost --->

Det som skjedde var at ho døde som følger av det som kallast sur kro. Ho fekk ikkje maten gjennom systemet pga gjæring i kro-posen sin som igjen kan komme av tusen ting ho har ete.... men som ikkje klarte å komme seg gjennom (brødbit? langt vissent gras? noke råttent?) og som starta å gjære.

Eg burde ha skjønt at noke med ho, for om eg tenker meg om så hadde ho  kjanskje litt stor kro dei siste dagane.... men av og til et no dei mykje...
Eg burde ha sjekka kroa ho om morgenen før ho fekk mat for då hadde eg skjønt det. Kroa skal nemlig tømme seg kvar natt og om det ikkje skjer bør ein ta affære.

Men eg sjekka ikkje dette...for ho var jo så "sprek" og var ute med alla andre som ingenting var gale...
Ho var kanskje litt pjusk i fjæra for ho myta litt seint og hadde pinnefjær som skulle vekse ut, då ser dei jo litt pjusk ut. Derfor falt eg til ro på at det er sikkert det som gjer at ho ser litt rar ut for det gjer dei jo når dei myter(skifter fjør). Sett i etterpåklokskapens lys var ho nok allereie medtatt pga at ho ikkje fekk i seg maten sin... ho åt og åt og det blei berre stor kro og meir gjæring og maten kom ikkje fram til magen(kråsen). Det at ho myta gjorde ikkje saka lettare for då treng dei ekstra med proteiner.

Kva skal ein gjere med sur kro-problemer? Mange råder til å avlive med ein gong for dei svelt jo rett og slett i hel til slutt og det er veldig vanskelig å kurere. Andre gir råd om naturell yoghurt/kefir/biola med probiotika og eplesidereddik i vatnet for å stoppe gjæringa. Då må ein separere ho for at ho ikkje skal ete anna mat.  Det var dette eg tenkte å prøve då eg oppdaga det. Det var tydelig sur kro, den var vassen stor og lukta surt. Ingen tvil og ikkje noke smittsomt som gjer at ho måtte isolerast.
Men som sagt....ho var ute mandagen og såg normal ut. Mandags kveld la eg merke til at ho satt på ei vagle lenger nede enn dei andre, vi såg derfor inn men ikkje nøye nok. Tirsdag gjekk ho ikkje ut med dei andre. Eg fann ut at det var sur kro og bestemte meg for å prøve behandle. Det skulle eg ikkje gjort føler eg no, for ho virka heilt medtatt og det var nok allereie komt for langt. Ho hverken drakk eller åt og satt der berre. Eg brukte ei syringsprøyte til å få i ho litt vatn med vitaminer og kefir eit par gonger den dagen. Men nei...dagen etter såg ho like eins ut og eg vurderte derfor at ho skulle sleppe. Men før kl var 13 var ho allereie død. Eg berre beklager at eg ikkje lot ho få sleppe tidligare når det først var så langt komt. Ei dyrebar og første erfaring med sjukdom på mine seks søte høner...
Gloria hadde eit fint høneliv og ho var ein kjempegod egglegger med sine lysaste brune egg med svake lyse og av og til brune flekker. Ho var den første som blei vaksen og derfor leader of the pack då dei var yngre. Ho levde flott og fritt i nesten to år.  

RIP Goldie <3

Ein kan minske risikoen for sjukdom og naud med ved å ha høner i sikre hønsegårder utan langt gras og farlige emner. Eg føler at eit kort liv "i det fri" er eit bedre alternativ for mine høner enn eit langt innestengt liv sjølv om det kan vere sikrare. Det er mykje som kan potensielt skje dei, sånn er det berre.... Eg gjer mitt beste for å passe på dei samtidig som eg gir dei eit meir risikofylt men fritt og innhaldsrikt naturlig liv. 
Sånn er det i min filosofi. 


Ha en fin hagedag!
Klem frå Unni
0 Comments



Leave a Reply.

    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2022 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, mest SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​
    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt