* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Korleis bryte av ei klukk høne

2/3/2022

0 Comments

 
Av og til vil ei høne bli klukk. Det vil sei at ho vil ruge ut egg til kyllinger. Ho blir som i transe og tenker kun på kyllinger. Da legg ho seg pal i rugekassa og gjer seg flat og varm under buken. Ho kan finne på å plukke av seg dun og fjør for å blottlegge magen slik at ho blir varmast mulig mot egga. Ho vil også frese mot deg og hakke på deg om du prøver å ta egga. Når ei høne er klukk tek ho ei pause i å legge egg. Er du rask å avklukke kan ho legge egg igjen etter nokre dager.

No er det slik at vi som ikkje har hane har heller ikkje noken til å befrukte egga .... så då blir det aldri kyllinger. Samme kor lenge ho ligg så vil det ikkje skje noke anna enn at høna blir utslitt og mager og med fare for større angrep av lus og midd kanskje til og med dø. Så då må vi bryte denne klukkheita.... Mange beskriv ein del voldsomme ting ein må gjere men eg synes det er så lite humant at eg har funne desse metodane eg vil prøve først. For no har nemlig Gloria lagt seg klukk eit par kvelder og det kan vi ikkje la skje.
Når ei høne er klukk vil ho:
  1. sitte på egg
  2. ha det varmt (ho kan til og med øke temperaturen sin)
  3. ligge i fred og ro
  4. ha det mørkt

Her er metodane eg har bestemt meg for å prøve:

  1.  ​Ta høna ut av rugekasse og repeter dette. (Eg har tatt Gloria ut og satt ho på vagla no to kvelder....ho har sete der heile natta ser eg på webcam, men på ettermiddagen låg ho i rugekassa igjen . ) Løft høna opp om det er på dagtid og ber ho litt rundt så ho blir luftig under magen. Strø litt mat rundt ute og oppfordre ho til å gjere vanlig hønesyssel. EDIT: Dette funka når eg tok det såpass tidlig!
  2. Steng av hønsehuset for ei stund. Men husk at dei andre må få komme til å legge egga sine først. Ein kan då bruke feks kompostgrinder til å avgrene ho til ein kjøligare  og lysare del av hønsegården. Når kvelden kjem kan du då passe på at ho havner på vaglen i staden for rugekassa. Når det er mørkt vil dei sjeldan hoppe ned. Hvis det neste morgen er rett i rugekassa så repeter dei triksa ovanfor igjen. Om ho tilsynelatande er "i orden igjen" så pass alikevel på om kvelden at ho havner på vagla ;)
  3. Gi ho aktiviteter. Om ho då vil lure seg til ein annan stad då prøv å få ho fram ved å lokke med strø eller anna spennande aktivitetsleiker osb. 
  4. Gi høna varsomt eit litt kjølig bad under buken om det ikkje er for kaldt ute. Hvis ikkje det første fungerer så kan en prøve dette da det kan hjelpe til med å senke temperaturen litt.  
  5. Hønsefengsel :O Dette er vel det trikset som mange sverger til med ein gong. Mulig man kjem dit at man må men eg skal prøve det ovanfor først.  Her er det altså å ta feks eit hundebur og lag til ei vagle. Snu det opp ned så ho kun har luftige sprinkler å gå på, det vil lufte undersida av høna (les ovanfor kvifor) Gi ho eit par dager der og sjå om ho har blitt ok igjen. Hvis ikkje så repeter. Husk at ho må ha vann og mat hos seg. Hensikta med dette fengselet er at ho skal ha det kjedelig, ho skal ikkje finne ein koselig plass å sitte og ruge/gjere seg varm. Etter eit par dager kan ho gi opp og bli seg sjølv igjen. Personlig har eg meir tru på dei punkta ovanfor....sidan å ha det kjedelig, mørkt og i fred er jo ein av dei punkta ein bør unngå ;)

Det kan ta tid med å bryte av denne oppførselen som er i utgangspunktet heilt naturlig for ei høne. Enkelte raser blir lettare og oftare klukk enn andre. Det er hormonane deira som gjer at dei blir "så tulne". Å ha ei høne som legg seg klukk kan vere veldig nyttig når man vil ha nye kyllinger. Planen min er at når vi treng å fornye høneflokken så kjøper eg nye befrukta rugeegg og lurer dei under ei klukk høne. For ingen gir klarer bedre å oppdra nye kyllinger enn hønemor  sjølv :-)


#klukkhøne #klukk #broody #avklukking #hvordanavklukkehøner

Ha en fin hagedag!
Klem frå Unni
0 Comments



Leave a Reply.

    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2022 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, mest SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​
    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt