* Unnis Sjarmhage *
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt
Sunnmøre - Bokashi - Høner - Kjøkkenhage - Drivhus - Såper
En liten sjarmerandes hage på Sunnmøre ønsker seg meir gjødsel og ei grønare verd!
Kanskje kan Bokashi vere tingen spør Unni seg....
Dette har vi ikkje gjort før så det må vi vel klare?? ...sa ho...så tenkt så gjort...

Det samme tenkte ho om ein kjøkkenhage...
ein urtehage... drivhus....og så.......hobbyhøns!



​

Kva et hønene?

6/1/2022

0 Comments

 
Hønene mine et fullfor frå Felleskjøpet som heiter Fryd. Dei har ete "Fryd Kylling", så "Fryd Vekst", så no "Fryd Egg". Eg blander faktisk Vekst og Egg for tida då ikkje alle har starta å legge egg. I tillegg gir eg dei skjellsand med østerskjell. Då finn dei fram sjølv til den mengda dei treng av det. 
PS! Eg er ikkje sponsa men overlet utregning av næringsstoff til dei som kan det best ;)




Godbiter??

Picture
Mange gir hønene sine matrester, mais og eller tørka melormer. Det må eg innrømme at det gjer eg og av og til MEN eg gir dei ikkje store mengder. Det er nemlig viktig at dei får i seg i  hovedsak  fullforet  sitt. Det har alle næringsstoff som dei treng. Gir du dei mykje anna vil det lett bli ubalanse i næringa dei treng. Det kan resultere i alt mulig rart frå fedme, vitaminmangel, rare egg til sjudommer. Derfor passer eg på at eg ikkje gir meir enn "ei  spiseskjei  ca anna kvar dag" av anna type mat. Men dei får ete så mykje gras og innsekter dei får tak i.

Underhaldande aktiviteter

Spesielt i vintertida er det viktig at hønene har noke å tusle med om dagane. Når snøen ligg på marka og dei ikkje har lyst ut å gå så bør dei ha noke å gjere på så ikkje dei snur seg til nabohøna og begynner å kjekle og krangle og hakke. Eg heng opp kål og   rotgrønnsaker  så dei må halde på ei stund for å få tak i godsakene. Dei får tørka bringebærbusker, fryste rognebær og anna snacks opphengt. Dei får epler (utan frø) på stikker eller ståltråd. Av og til heng vi opp fuglematblokker så dei har noke å henge fingrane i. Her og der er der skjuleplasser/kopper med fullfor eller noke anna snacks.


Smaker høna??

Visste du at høner ikkje har så god  smakssans som oss?
Vi har ca 9000 smaksløker og høner berre 350. Så....då kan du tenke deg at kanskje det ikkje er sååå nøye på kva dei stapper i seg?

I tillegg så har dei ikkje mjuk tunge og spyttproduksjon....slik som oss....så korleis  nyter  dei maten? Neppe lenge ;)
Nei dei stapper fort i seg og svelg det med si skarpe tunge som kun har ein bevegelse...att og fram, for å få maten ned i halsen og vidare i kroa si.
Er det då lurt å gi så mykje godsaker til dei?
Nope! Heilt unøvendig faktisk. Eg har testa det og berre sjå sjølv om du har høner. Kaster du ein neve fullfor på graset og roper TUUUPPA TUUUPPPA så hiv dei seg over det som om det var  godbiter like godt som om det var den finaste mais eller melorm. Om eg gir dei frå handa mi så kaster dei seg over meg og handa og slest om å få ete mest.

Sant skal seiast.....eg har sett dei virke absolutt meir begeistra for blåbær, men kven liker ikkje  synet av den deilige blå bæra?? :D 
Det med å gi godbiter er altså mykje tilvendt læring. 

Så har du høner så  lønner det seg absolutt å fore dei med det beste for dei, fullfor :)

​

Østerskjell eller eggeskal?

Det er ikkje lurt å gi eggeskal til eggleggande høner. Grunnen er at dei får for mykje kalsium for fort og kan få nyreproblemer då dei blir nødt til å skilje ut kalsium av nyrene alt for mykje og fort på ein gong. Der er nemlig allerie raske kalsiumkilder i foret dei får for eggleggande høner. Det er mykje bedre å gi dei østersskjell og skjellsand, der litt og litt kalsium i passe mengder frå STØRRE biter vil avi seg i kråsen når den blir romstert der inne i denne   muskelmagen   sin om natta når dei treng det for å lage ferdig egget i dei mørke timer. Om man alikevel vil gi knust eggeskal så bør det iallefall giast utanom foret i egne behaldere så dei sjølve "velger" det dei "trenger".


Kilder:
The Chicken Chick (nederst på sida hennar finn du kildene fra forskning!)
The Chicken Chick 
Økologisk Norge

Ha en fin hagedag!
Klem frå Unni
0 Comments



Leave a Reply.

    Picture
    Bilde

    Unni skriv...

    ...litt om dette Bokashi-prosjektet som skal testast ut våren 2016...
    ​
    Vi har bikka 2022 og eg blogger fortsatt... kan røpe at Bokashi-komposteringa blei ein suksess  :)
    Bloggen lever i beste velgåande og har blitt ein hageblogg med innslag av kompost, hobbysyssel, mest SÅPER
    ​og  så sjølvsagt...
    HØNER I HAGEN!

    Sjarm-Shop
     deilige såper!

    Picture
    Lyst å prøve å lage såpe?  Aromateket, der finn du det meste til en grei pris!
    Handle via denne linken og du støtter meg i samme slengen ;)
    Picture
    Så det som gjer deg glad!

    Kategorier

    All
    Bokashivæske
    Drivhuset
    Dyr Og Insekt
    Frø Så Plante Liste
    Gullvann
    Hagahuken
    Hagekos
    Heimelaga
    Høner
    Hønsehuset
    Jordfabrikk
    Kjøkkenhagen
    Kompost
    Kompostavtale
    Korleis Gjere Bokashi?
    Kva Er Bokashi?
    Kyllinger
    Linker
    Livesending
    Mat
    Mikrogrønt
    Mine Vekster
    Pergola
    Plantebytte
    Rugeegg
    Såpe
    Såtid
    Urtehagen
    Utstyr

    Picture

    RSS Feed

    Picture
       
          På sosiale media:
    • På  Instagram
    • På Youtube​
    Picture
    Inspirasjon:
    Det Grønne Skafferi
    Skillnadens Trâdgård
    ​
    TanteGronns Hage
    Moseplassen
    ​
    Den naturlege hagen
    ​
    ​HEIMKUNNSKAP

    ​Brubakkenoppdrett - eit must å lese for oss med HØNS 
    Picture

    Mitt arkiv

    February 2023
    January 2023
    December 2022
    November 2022
    October 2022
    September 2022
    August 2022
    July 2022
    June 2022
    May 2022
    April 2022
    March 2022
    February 2022
    January 2022
    December 2021
    November 2021
    October 2021
    September 2021
    August 2021
    July 2021
    June 2021
    May 2021
    April 2021
    March 2021
    February 2021
    September 2020
    August 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    February 2020
    January 2020
    May 2019
    April 2019
    March 2019
    June 2018
    November 2017
    July 2016
    June 2016
    May 2016
    April 2016

    Picture

    HAGE-bloggere:

    Fru Halds Hage
    ​
    Vårli -Valdreshage
    hagenvedhavet
    linecashave
    ninasgaleverden
    ​nefertitishagedagbok
    miamariashage
    Skarpihagen!
    skomakerbekken
    ​​turbolotte

    Møre og Romsdal: 
    Hageåse, hagen i havgapet  
    Aina Strand  
    Hagen ved havet    
    Hagen i svingen  
    Humlehagen  
    Liv og Gus i hytte og hus  

    Picture
    Picture
    Dei små tegningane her er laga av meg for lenge sidan då eg dreiv med "country graphics" på data :)
Proudly powered by Weebly
  • Heim
  • SjarmShop
  • Om
  • Kontakt